Tilsyn med universell utforming
HO-1/2013
2013 -2015
Figur 1. Foto: Gunn Schmitthenner
Innleiing
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å etterleve regelverket og vil verke førebyggjande på framtidige byggjefeil. Kommunane er pålagde å føre tilsyn i eit slikt omfang at regelbrot blir avdekte, men vurderer metode og omfang ut frå eigen kompetanse- og ressurssituasjon.
I ein periode over to år frå 1. januar 2013 skal kommunane prioritere tilsyn med krav knytte til energibruk og universell utforming. Krava på desse områda er valde som prioriterte tilsynsområde fordi dei er nye eller krev ei viss omstilling. Dei nye fokusområda skal vere innarbeidde i kommunen sin tilsynsstrategi.
Denne rettleiaren skal medverke med praktisk hjelp når ein utøver tilsyn med at krav til universell utforming blir oppfylte. Med utgangspunkt i dokumenttilsyn og byggjeplasstilsyn presenterer rettleiaren sjekklister som kan nyttast ved tilsynet eller danne grunnlag for å utarbeide eigne tilpassa sjekklister. For meir informasjon om tilsynsverksemd generelt, viser vi til Veiledning om tilsyn (HO-2/2012) som er tilgjengeleg på nettsidene våre.
Kommunane er pålagde å sende inn rapport som beskriv omfanget og resultatet av tilsynsaktiviteten til Direktoratet for byggkvalitet. Rettleiaren har i kapittel 9 eit oversyn over kva slag opplysningar som skal rapporterast inn ved utløpet av 2014.
Desse vil samsvare med forhold som er beskrivne i sjekklistene. Det bør etablerast rutinar for rapportering før tilsyn blir sett i gang. Dette vil gjere rapporteringa enklare ved utgangen av rapporteringsperioden.
Foto: Tone Rønnevig
Kvifor tilsyn med universell utforming
Som plan- og bygningsstyresmakt har kommunane eit hovudansvar for å leggje til rette for eit universelt utforma samfunn. Det er eit politisk ansvar å sjå til at ingen blir diskriminerte på grunn av mangel på universell utforming av område, bygningar og tenester.
Tilsyn med at krav om universell utforming og tilgjenge blir oppfylte er viktig for å oppnå byggverk og uteområde som er brukbare for flest mogleg og gir likestilt bruk på trass av ulike menneskelege føresetnader og forskjellig funksjonsevne.
Reglane om universell utforming og tilgjenge i plan- og bygningslova er knytte opp mot diskriminerings- og tilgjengelova. Byggverk for allmenta som ikkje er universelt utforma i tråd med krav i TEK10, vil kunne diskriminere personar med nedsett funksjonsevne frå å delta på lik linje med andre. God integrering av universell utforming i den arkitektoniske utforminga og gode løysingar for framkome, orientering, vegfinning, lydtilhøve og inneklima i prosjektering og utføring, vil medverke til likestilt bruk.
Aktivt tilsyn medverkar til at fleire byggverk oppnår god kvalitet med omsyn til universell utforming og tilgjenge. Forutan å ha ein preventiv effekt, vil tilsyn som blir følgde opp med pålegg om retting av eventuelle avvik, medverke til å auke brukskvaliteten og tryggleiken i byggverket. Tilsyn vil òg vere lærerikt. Gjennomgang av dokumentasjon og tilsyn på byggjeplass gir kunnskap og høve til erfaringsutveksling.
Det bør førast tilsyn med alle typar byggverk og uteområde. For å oppnå gode universelt utforma bygg er dokumenttilsyn særleg føremålstenleg i samband med orientering, arealdisponering og framkome, inneklima og lydtilhøve. Vesentlege avvik som blir avdekte i prosjekteringsprosessen vil lettare kunne rettast enn når bygget er ferdig oppført.
Tilsyn på byggjeplassen vil vise om utføringa er i samsvar med produksjonsunderlaget. Konkrete talverdiar i forskrifta er å sjå på som absolutte krav dersom det ikkje er oppført toleransegrenser i byggjesaksforskrifta. For universell utforming og tryggleik i bruk vil konsekvensen av feilmarginar ved utføringa vere stor. Avvik som ikkje blir retta kan føre til at byggverket ikkje blir brukbart for flest mogleg i samsvar med regelverket.
Applikasjon for nettbrett
Innanfor mellom anna fagområda energi og universell utforming er det utvikla ein applikasjon til bruk i tilsynsarbeidet, sjå nærare informasjon her . Denne tilsynsapplikasjonen er særleg nyttig når ein er utanfor kommunekontora. Bruk av nettbrett vil medverke til å effektivisere planlegging og gjennomføring av tilsyn, lette saksbehandlinga og vere eit verdifullt hjelpemiddel når det skal skrivast rapport. Applikasjonen legg òg til rette for enklare rapportering til Direktoratet for byggkvalitet etter avslutta tilsynsperiode.
Endringshistorikk Applikasjon for nettbrett
- 11.11.2013. Endret tekst med link til nettside for tilsynsapplikasjon.
- 05.09.2013. Tekst endra pga. forseinka ferdigstilling av tilsynsapplikasjon.
Moglege reaksjonar etter tilsyn
Ulike verkemiddel
Dersom det ved tilsyn blir påvist forhold som er i strid med regelverket, vil kommunen kunne halde tilbake mellombels bruksløyve eller ferdigattest til forholdet er retta. Kommunen kan òg krevje at det blir stilt tryggleik i form av bankgaranti for at arbeid som står att blir retta, jf. pbl. § 21-10.
Eit anna verkemiddel for å sikre kvalitet etter forskriftene i pågåande tiltak, er å krevje uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-3. Denne føresegna gir kommunen høve til å krevje kontroll også innanfor område som ikkje følgjer av SAK10 § 14-2. Kommunen kan krevje uavhengig kontroll i nye byggjeprosjekt dersom tidlegare erfaring med eit føretak ikkje gir den nødvendige tilliten til at arbeidet vil bli gjennomført i medhald av plan- og bygningslovgivinga.
Kommunen kan vidare rette reaksjonar mot ansvarsretten i form av åtvaring eller tilbaketrekking av godkjenning. Åtvaring kan i utgangspunktet berre bli gitt ved mindre alvorlege brot på plan- og bygningslovgivinga. Ansvarsretten kan trekkjast tilbake ved alvorlege regelbrot, mangel på tillit og dugleik eller dersom kvalifikasjonskrava for godkjenning ikkje er oppfylte.
Sanksjoner etter pbl. kap. 32
Der kommunen ved tilsyn avdekkjer forhold i strid med plan- og bygningslovgivinga, skal tilsynet følgjast opp med sanksjonar etter pbl. kap. 32. Sanksjonar må stå i rimeleg forhold til regelbrotet. Der regelbrotet er av mindre betydning, kan kommunen avstå frå å følgje opp forholdet.
Plan- og bygningslova gir høve til ulike sanksjonar. Kommunen kan gi pålegg om retting eller stans av ulovlege forhold. Pålegget kan rettast til personar eller føretak som anten har ansvaret for regelbrotet eller er ansvarlege for tiltaket som eigar eller på annan måte. Kommunen skal setje frist for å oppfylle pålegget.
For å få gjennomført pålegget kan det utferdast tvangsmulkt. Dette bør gjerast samtidig med pålegget for å sikre gjennomføring innan fristen. Det er ein føresetnad for tvangsmulkt at pålegget kan gjennomførast. Dersom det finst hinder for gjennomføring som ikkje skuldast den ansvarlege, kan ei utferda tvangsmulkt ikkje krevjast inn.
Dersom eit pålegg ikkje blir etterkome, kan kommunen gi førelegg. Førelegg som blir vedtekne har same verknad som rettskraftig dom og kan fullbyrdast etter reglane for dommar.
Gebyr er ein administrativ sanksjon som kommunen kan gi den ansvarlege for brot på plan- og bygningslovgivinga. Gebyret kan utferdast ved forsettlege eller aktlause regelbrot og blir godskrive kommunen. Storleiken på gebyret avheng av typen regelbrot og kor alvorleg det er. Beløpsgrenser er fastsette i SAK10 kap. 16.
Forsettlege eller grovt aktlause regelbrot som er vesentlege kan straffast. Det er opp til kommunen å vurdere om ulovlege forhold skal meldast til politiet. Påtalestyresmakta tek stilling til om forholdet skal følgjast opp ved straffesak.
Ulike sanksjonar er nærare omtalte i Kommunal- og regionaldepartementet sitt rundskriv H-3/01 Reaksjoner mot ulovligheter etter plan- og bygningsloven (under revisjon).
Universell utforming i plan- og bygningslova
Følgjande formulering er nedfelt i plan- og bygningslova sin formålsparagraf av 2008:
”Prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak”
I lova er det stilt krav om at byggverk for publikum, arbeidsbygning og uteområde for allmenta skal vere universelt utforma. Med grunnlag i lova er det i TEK10 òg stilt krav om tilgjenge til og i bygning med bustadeining.
Universell utforming er stilt som krav i
-
byggverk for publikum og arbeidsbygning med tilhøyrande uteområde.
-
uteområde for allmenta
-
uteområde for bustadbygg med krav om heis
-
uteområde for større bustadområde.
Krav om tilgjenge er stilt for
-
bustadeining i bygning med krav om heis
-
bustadeining i bygning utan krav om heis der alle hovudfunksjonar er på inngangsplanet.
Krava til universell utforming og tilgjenge er gjennomgåande i TEK10 og gjeld fleire av kapitla. Dei mest aktuelle kapitla er:
Kapittel 5 Grad av utnytting - som saman med arealformål og planføresegner gir viktige premissar for utvikling av eit område. Universell utforming stiller krav til tilkomst, plassering av bygg og uteareal. Bruk og utnytting av tomt blir dermed eit viktig poeng.
Kapittel 8 Uteareal og plassering av byggverk - angir krav til plassering av byggverk, uteareal og kriterium for brukbar gangtilkomst. Krav til universell utforming av ulike uteområde og uteområde for allmenta er omtalte her.
Kapittel 11 Sikkerhet ved brann - I samband med branntryggleik og rømming er det ei rekkje krav som inngår i universell utforming – “alle skal inn og alle skal ut”.
Kapittel 12 Planløsning - Dette kapitlet er saman med kapittel 8 det kapitlet der flest krav om universell utforming og tilgjenge inngår. Kapittel 12 gjer tydeleg når det er krav om universell utforming til byggverk og når det er krav til tilgjengeleg bustadeining, og kva krav som gjeld.
Kapittel 13 Miljø og helse - Universell utforming omfattar godt inneklima og gode lydtilhøve som er omtalte i dette kapitlet.
Kapittel 15 Installasjoner og anlegg - omfattar krav til universell utforming av heisstol, løfteplattformer og liknande, sjå òg kapittel 12 om krav til heis.
Dei bygningstekniske krava til universell utforming og tilgjenge i TEK10 er stort sett stilte gjennom funksjonskrav og kvantitative ytingar.
Ved tilsyn er det viktig å sjå til at forskriftskrava er oppfylte. Der ytingane ikkje er gitt i TEK10, skal oppfylling av funksjonskrava i forskrifta verifiserast anten ved
-
at byggverk blir prosjekterte i samsvar med førehandsaksepterte ytingar i rettleiing til TEK10 eller
-
at byggverk blir prosjekterte i samsvar med ytingar verifiserte ved analyse som viser at funksjonskrava i forskrifta er oppfylte, jf. TEK10 § 2-1.
Om universell utforming
Universell utforming betyr at produkt, byggverk og uteområde som er i alminneleg bruk skal utformast slik at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte så langt det er mogleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.
Illustrasjon: Geir Johnsen
Prosjektering med utgangspunkt i universell utforming vil vere basert på tre forhold:
-
Mennesket som barn, ung, vaksen, eldre.
-
Mennesket med redusert funksjonsevne med omsyn til framkome, handkraft, orientering og vegfinning, høyrsel og taleforståing, overfølsemd for luftforureiningar og materialar.
-
Mennesket som nyttar tekniske hjelpemiddel som har konsekvensar for utforming.
Framkome
Rullestol er valt som dimensjonerande faktor for å oppnå god framkome for flest mogleg. Ein manuell stol med behov for ein snusirkel med diameter på 1,5 m er valt som dimensjoneringsfaktor i byggverk. Dette målet femner storleiken til dei fleste kombinerte inne/uterullestolar som er i bruk. Elektriske rullestolar kan forsere brattare stigning enn manuelle stolar.
Vidare er redusert arm- og handkraft lagt til grunn, og at sikt- og rekkehøgd er endra frå ståande til sitjande stilling. Trinnfrie løysingar er baserte på framkome for rullestol. For å oppnå ei god arealdisponering ved bruk av rullestol som dimensjonerande faktor, er kunnskap om korleis ein rullestol fungerer avgjerande.
Orientering
For å kunne orientere seg vil logisk struktur på kommunikasjonsvegar, skilting og planløysing vere grunnleggjande. Personar med redusert syn kan ikkje alltid lese heile rommet straks, men orienterer seg ved hjelp av referansar som finst i rommet Det er derfor viktig at fargar og kontrastar blir nytta på ein medviten måte.
Belysning er avgjerande for å synleggjere kontrastar. God allmennbelysning og riktig lyssetjing er viktige verkemiddel. Det bør vere orienteringspunkt, helst med naturlege leielinjer som oppstår ved bruk av forskjellig material både når det gjeld farge og struktur, som til dømes gras og asfalt.
Markering av trapper, trinn og kantar er viktig for tryggleiken. Det bør vere god kontrast slik at markeringa er synleg. Som dimensjoneringsgrunnlag for nedsett synsevne er synet til ein 80-åring nytta som referanse. I tillegg skal det dimensjonerast for blinde.
Lydtilhøve
Lydtilhøve innverkar både på orientering og oppfatning av tale. Utforming og materialbruk påverkar lydtilhøve i eit rom. Bakgrunnsstøy hindrar taleforståing. Ytingar for god romakustikk og taleforståing i tråd med universell utforming er innarbeidde i revisjonen av norsk standard om lydtilhøve – NS 8175 Lydforhold i bygninger. For å forsterke lyden for personar som nyttar høyreapparat, kan ulike installasjonar, som lydforsterkingsanlegg, teleslynge mv. nyttast. Ved bruk av teleslynge vil person med høyreapparat kunne innstille høyreapparatet og stengje ute støy. Skilting av teleslynge er viktig.
Inneklima
Inneklima, lystilhøve og materialbruk er omfatta av krava til universell utforming. Personar som har allergi eller astma er følsame for kvaliteten på inneluft. Påverknad av forureiningar kan òg føre til utvikling av allergiar og astma. Betre luftkvalitet kan oppnåast med god utveksling av frisk luft og bruk av materialar som ikkje tilfører innelufta forureinande avgassar.
Branntryggleik
Branntryggleik har òg betydning for universell utforming. Bruk av lys, vibrering og lyd gjer at dei fleste blir varsla ved brann. Likestilt bruk tilseier likt høve til å rømme eit byggverk. Når det ikkje er mogleg å rømme ved bruk av heis, vil personar som ikkje kan gå, vere avhengige av assistert rømming. I bygningar der dette kan organiserast, krev det ein evakueringsplan. For å påverke rømmingstid blir det nytta sløkkeanlegg som kan sløkke brannen der den oppstår. I bygning med bustadeining er det ikkje mogleg å organisere rømming. Krav om varsling og sløkkeanlegg er derfor òg innført i bustadbygning med heis.
Om sjekklister
Nedanfor følgjer sjekklister for tilsyn med at krav til universell utforming blir oppfylte. Innanfor kvart kravsområde for respektive uteareal, bustad med krav om tilgjenge og byggverk for publikum og arbeidsbygg er det eigne sjekklister for dokumenttilsyn og tilsyn på byggjeplass. Sjekklistene er inndelte etter type tiltak som det skal førast tilsyn med.
Kommunane vel sjølve om dei vil nytte sjekklistene fullt ut eller berre konsentrere seg om utvalte spørsmål.
Ved tilsyn på staden vil det ved utføring av prosjektert løysing kunne oppstå mindre avvik utan at dette treng å føre til avvik frå kravsnivået i TEK10. Eventuelle avvik som oppstår må vurderast med bakgrunn i gitte toleransar eller alminnelege toleransereglar, under dette NS 3420 (sjå rettleiing til TEK10 kapittel 2).
Foto: Tone Rønnevig
Oppbygging av sjekklister
Det er utarbeidd sjekklister for dokumenttilsyn og byggjeplasstilsyn for:
-
Uteareal
-
Bustad med krav om tilgjenge
-
Byggverk for publikum, arbeidsbygning
Spørsmåla er inndelte og merkte etter tema som òg blir nytta ved rapportering. Temanemning (tal i venstre kolonne) er angitt framfor kvart av spørsmåla i sjekklistene. Rapportering er nærare omtalt under punkt 9.
0 |
Likestilt bruk |
Alle moment inngår |
1 |
Framkome |
Plassering av type bygg i terreng Stigningsforhold Fjerning av trinn ute og inne Dører – trekkraft Betening av funksjonar og utstyr Snuareal i rom |
2 |
Orientering |
Plassering av hovudtilkomst Planløysing (logisk) Lystilhøve Fargekontrastar Skilting Markering |
3 |
Lydtilhøve Taleforståing |
Romgeometri Støydemping Akustikk Lydforsterking |
4 |
Inneklima |
Luftkvalitet Materialbruk Lys og utsyn Vindauge som kan opnast |
5 |
Branntryggleik |
Varsling Rømming Evakueringsplan |
Sjekklistene i word-format kan bli lasta ned her:
- Sjekklister for Arbeids- og publikumsbygg
- Arbeids- og publikumsbygg - Dokumenttilsyn
- Arbeids- og publikumsbygg - Byggjeplasstilsyn
- Sjekkliste for Bustad med krav om tilgjenge
- Bustad med krav om tilgjenge - Dokumenttilsyn
- Bustad med krav om tilgjenge - Byggjeplasstilsyn
- Sjekkliste for Uteareal
8.1. Uteareal
Foto. Tone Rønnevig
Uteareal
Kryss av for kva slag uteareal tilsynet gjeld: | (sett kryss) |
---|---|
Uteareal for allmenta |
|
Felles uteareal for større bustadområde |
|
Uteareal for bustadbygning med krav om heis |
|
Uteareal for byggverk for publikum |
|
Uteareal for arbeidsbygning |
|
Dokumenttilsyn uteareal | |||||
| Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik | Merknader |
0 | Er uteopphaldsarealet etter sin funksjon eigna for leik, aktivitet og rekreasjon for alle aldersgrupper? Er det framkomeleg til leikeapparat? | Har uteopphalds -arealet gode lys- og soltilhøve? Er det skjerma for støy og vibrasjonar? | TEK10 § 8-4 |
|
|
1 | Blir det oppnådd trinnfri gangtilkomst med krav til stigningsforhold til uteopphaldsareal? | Dokumentasjon på stigningsforhold og trinnfri gangtilkomst frå parkering/køyrbar vei til området sitt uteopphaldsareal. | TEK10 §§ 8-7 og 8-5 |
|
|
2 | Er uteopphaldsareal lett å orientere seg til og i? | Dokumentasjon på orienteringspunkter og vegfinning. Markering av gangsone over store plassar. | TEK10 § 8-5 |
|
|
1
| Er parkering nær hovudtilkomst? | Dokumentasjon på parkeringstilhøve. | TEK10 § 8-9 |
|
|
1
2 | Er avfallsløysing planlagt i uteareal? | Dokumentasjon på avfallsplassering med kort avstand frå bygning og trafikksikker tilkomst for tømming. | TEK10 §12-12 |
|
|
0 | Er uteopphaldsareal tilgjengeleg og gir det likestilt bruk? | Plassering av benkar, utstyr og liknande. | TEK10 § 8-4 |
|
|
3 | Er uteopphaldsareal vurdert m.o.t. støy? | Dokumentasjon på støytilhøve. | TEK10 § 13-6 |
|
|
Foto: Solveig Dale
Byggjeplasstilsyn uteareal | |||||
Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik | Merknader | |
1 | Er parkering nær hovudtilkomst? | Dokumentasjon på parkeringsforhold | TEK10 § 8-9 | ||
2 | Er nivåskilnader merkte og sikra? | Er nivåskilnader over 0,5 m sikra med rekkverk? | TEK10 § 8-4 | ||
2 | Er utetrapp sikker i bruk? | Er trapp utført med markeringar og rekkverk? | TEK10 § 8-10 | ||
0 | Er uteopphaldsareal tilgjengelag og gir det likestilt bruk? | Plassering av benkar, utstyr og liknande. | TEK10 § 8-4 | ||
2 | Er gangtilkomst utan hinder? | Er gangtilkomst sikra mot fare for samanstøyt? | TEK10 § 8-4 | ||
1 | Blir det oppnådd trinnfri gangtilkomst med krav til stigningsforhold til uteopphaldsareal? | Dokumentasjon på stigningsforhold og trinnfri gangtilkomst frå parkering/køyrbar veg til uteopphaldsareal i området. | TEK10 § § 8-7 og 8-5 | ||
2 3 | Er uteopphaldsareal lette å orientere seg til og i, og er det skjerma mot støy slik at god taleforståing er oppnådd? | Dokumentasjon på orienteringspunktog vegfinning. Markering av gangsone over store plassar. | TEK10 § 8-5 TEK10 §13-6 |
Foto: Siri Helle, Tone Rønnevig
8.2. Bustad med krav om tilgjenge
- bygning med bustadeining med krav om heis
- bustadeiningar med alle hovudfunksjonar på inngangsplanet
Dokumenttilsyn bustad med krav om tilgjenge | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
| Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik | Merknader | |
1 | Er bygning plassert slik at det blir oppnådd trinnfri tilkomst med brukbart stigningsforhold til bygning og uteopphaldsareal? | Dokumentasjon på stigningsforhold og trinnfri gangtilkomst til bygning og uteopphaldsareal. | TEK10 § 8-3 TEK10 § 8-6 TEK10 § 8-7 |
|
| |
2 | Er heis i parkeringskjellar nær tilkomstveg? Angir heis etasje i tekst og tale?
| Bygning skal vere lett å orientere seg i og vere sikker i bruk. Heis nær tilkomst vil vere enklare å finne og ein vil unngå kryssande trafikk i parkeringskjellar. Sjekk utforming av heisstol. | TEK10 § 12-5 TEK10 § 15-13 |
|
| |
1 2 | Er felles avfallssystem lett tilgjengeleg? | Er avfallssystem lett tilgjengeleg med kort avstand, er det trinnfri tilkomst, er innkasthøgde maks 1,1 m? Kontrastfargar? | TEK10 § 12-12 |
|
| |
1 | Er det avsett oppstillingsplass for rullestol, barnevogn og liknande?
| Er de(n) plassert utanfor, nær heis i parkeringsgarasje eller i inngangsparti med trinnfri tilgang? | TEK10 § 8-9 |
|
| |
1 | Kan rullestolbrukar betene nødvendige romfunksjonar på inngangsplanet på ein tilfredsstillande måte? | Er det snusirkel -1,5 m i alle rom? Er det mogleg å betene skap på soverom og kome fram til vindauge i alle rom med varig opphald? | TEK10 § 12-7 |
|
| |
4 | Er det godt nok dagslys i rom for varig opphald? | Be om dokumentasjon på dagslys. Dersom glasflater utgjer min. 10 % - som hovudregel OK. Dersom mindre enn 10 % - då skal det liggje føre utrekning som viser at dagslys- faktor er min. 2 %. | TEK10 § 13-12 |
|
| |
4 | Er det god nok ventilasjon? | Er tilluftsmengda i det enkelte rom i tråd med krava? | TEK10 § 13-2 |
|
| |
3 | Er lydisolasjon teken vare på? | Er krav til luftlydisolasjon mellom brukarområde teke vare på? | TEK10 § 13-7 |
|
| |
5 | Er brannvarsling og evakuering tekne vare på? | Er det prosjektert sløkkeanlegg i bygning med krav om heis? | TEK10 § 11-12 |
|
|
Byggjeplasstilsyn bustad med krav om tilgjenge | |||||
---|---|---|---|---|---|
| Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik | Merknader |
1 | Er det det trinnfri tilkomst og horisontalt repos framfor inngangsparti? (1,5x1,5m utanfor døra sin slagradius) | Trinnfri tilkomst frå parkering og køyrbar veg. Inngangs-parti som gjer det mogleg å opne dør frå rullestol, og markering framfor dør. | TEK10 § 8-6 TEK10 § 12-4 |
|
|
1 | Er det trinnfri tilkomst og mogleg for rullestolbrukar å bruke rom og minst eitt bad/toalett på inngangsplanet? | Trinnfri tilkomst, maks terskel 20mm – høve til å betene rommets funksjon med rullestol. | TEK10 §12-7 TEK10 §12-9 |
|
|
2 | Er inngangsparti med inngangsdør belyst? Er det visuelt og taktilt felt framfor inngangsdør? | Belysning og markert felt framfor dør. | Tek10 § 12-4 (2a og 2b) |
|
|
2 | Er alle trinn i felles trapp markerte? Følgjer handlist trappeløpet på begge sider, også rundt repos? | Markering av trinn – at handløpar følgjer heile trappeløpet, også rundt repos | TEK10 §12-16 |
|
|
4 | Er det utsyn frå rom for varig opphald? | Er det mogleg for rullestol-brukar å sjå ut av vindauge i alle soverom, kjøkken, arbeidsrom og stove? | TEK10 § 13-13 |
|
|
4 | Har rom for varig opphald vindauge som kan opnast – og kan dette opnast med ei hand frå sitjande stilling? | Kan vindauge i rom for varig opphald opnast av sitjande person? | TEK10 § 13-4 TEK10 § 12-21 |
|
|
1 | Har internt kott/oppbevarings-plass og sportsbu trinnfri tilkomst? | TEK10 §12-10 |
|
|
|
5 | Er brannvarsling teken vare på? | Er det brannalarm-anlegg eller røykvarsling anlegg? | TEK10 §11-12 |
|
|
5 | Er det montert automatisk sløkkeanlegg? | Gjeld for byggverk med krav om heis. | TEK10 §11-10 |
|
|
8.3 Byggverk for publikum, arbeidsbygning
Dokumenttilsyn byggverk for publikum, arbeidsbygning | |||||
---|---|---|---|---|---|
| Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik/funn | Merknader |
2 | Er hovudinngang sentralt plassert i høve til tilkomst og heis? | Er hovudinngangsdør synleg i forhold til omliggjande flater? Er det direkte tilkomst frå alle hovudinngangar til hovudfunksjonar? | TEK10 § 12-4 TEK10 § 12-5 |
|
|
1 | Kan alle dører som skal kunne opnast av brukar nyttast? | Dørplassering. Nødvendig trekkraft, maks 20N. Dør-automatikk. Plassering døropnar. | TEK10 § 12-15 |
|
|
2 | Er heis tydeleg markert? Angir heis etasje i tekst og tale?
| Er heis lett å sjå og lett å finne når ein kjem inn? Har heisen god informasjon? | TEK10 § 12-6 TEK10 § 15-13 |
|
|
3 | Er romma prosjekterte slik at det sikrar gode nok romakustiske tilhøve? | Dokumenta-sjon på romakustiske tilhøve. | TEK10 § 13-8 |
|
|
3 | Er det teke omsyn til støy frå utandørs lydkjelder? For uteopphaldsareal og inne? | Dokumenta-sjon på støytilhøve. | TEK10 § 13-6 |
|
|
3 | Vil plassering av bygningstekniske installasjonar hindre god taleforståing? | Dokumenta-sjon på plassering og støy frå tekniske installasjonar. | TEK10 § 13-9 |
|
|
4 | Kan materialar dokumenterast m.o.t. avgassar? | Vel ut overflater/materialar i bygget. Det skal kunne dokumenterast at byggje-materialar og produkt nytta innandørs ikkje gir forureiningar som kan medføre ubehag, irritasjon eller risiko for helseskade. | TEK10 § 13-1 |
|
|
5 | Er det teke omsyn til varsling av brann? Er evakueringsplan planlagt utarbeidd? | Er det prosjektert brannvarsling som gir informasjon til personar med ulike brukar-føresetnader? | TEK10 § 11-12 |
|
|
Byggjeplasstilsyn byggverk for publikum, arbeidsbygning | |||||
---|---|---|---|---|---|
| Spørsmål | Sjekkpunkt | Heimel | Avvik | Merknader |
2 | Er nødvendig informasjon for orientering gitt eller skilta i kommunikasjonsveg? Er skilt utført i medhald av krav? | Er det informasjon for å vite kvar du er og kvar du skal? Er skilt taktile? | TEK10 § 12-6 TEK10 §12-21 |
|
|
2 | Er glasfelt og søyler markerte?
| TEK10 § 12-6 TEK10 § 12-20 |
|
| |
0 | Er rom innreia slik at det blir oppnådd likestilt bruk? Er storleik, utforming, belysning og lydtilhøve slik at likestilt bruk er mogleg? | Sjekk til dømes plassar og lydtilhøve på kino, i klasserom, kontor-landskap, garderobe, aulaer i skular og liknande. | TEK10 § 12-7 |
|
|
2 | Er alle trinn i felles trapp markerte? Følgjer handlist trappeløpet, også rundt repos? |
| TEK10 § 12-16 |
|
|
3 | Gir romma god taleforståing? | Er krav til akustikk dekte? Er krav til støyhindring dekte? Er det montert lydoverføringsanlegg? | TEK10 § 13-8 |
|
|
1 | Har alle rom i høve til bygningen sin funksjon trinnfri tilkomst og kan dører nyttast av alle? | Trinnfri tilkomst. Breidde på dør og kraft for å opne dør. | TEK10 § 12-6 TEK10 § 12-7 TEK10 § 12-15
|
|
|
Rapportering
Etter utløpet av 2014 skal kommunane rapportere til Direktoratet for byggkvalitet om gjennomførte tilsyn innanfor dei prioriterte tilsynsområda. Rapporteringa vil skje online ved bruk av questback. Kommunane vil få nærare informasjon om nettadresse når det nærmar seg tid for rapportering.
Vi tilrår at det blir oppretta rapporteringsrutinar ved starten av perioden slik at rapportering ved slutten av perioden blir enkel å gjennomføre. Det er i første rekkje ønskjeleg med eit oversyn over talet på gjennomførte tilsyn, talet på avvik som er avdekte og status for retting.
|
Tema |
Talet på tilsyn |
Talet på avvik |
Talet på avvik fordelt på avvikstype |
||
|
Mangelfull dokumentasjon |
Mangelfullprosjektering |
Mangelfull utføring |
|||
1 |
Framkome |
|
|
|
|
|
2 |
Orientering |
|
|
|
|
|
3 |
Lydtilhøve |
|
|
|
|
|
4 |
Inneklima |
|
|
|
|
|
5 |
Branntryggleik |
|
|
|
|
|
|
Totalt |
|
|
|
|
|
|
Tal på avvik som er retta |
|
|
|
|
I tillegg er det ønskjeleg med ei beskriving av følgjande:
-
hovudinntrykka frå tilsynsverksemda
-
kva krav synest vanskelegast å oppfylle
-
er det ein nedgang i talet på avvik
-
årsaker til manglande etterleving av krav
-
årsaker til manglande retting av krav
-
Kva spørsmål har vore mest eigna/brukelege i tilsynet.