
I plan- og byggjesaksprosessane er det mange aktørar med ulike oppgåver, plikter og ansvar. Ansvaret til både kommunen og dei private varierer etter kvar i plan- og byggjesaksprosessen dei er, og etter kva rolle dei har. Kommunen har ulik rolle som planmyndigheit og bygningsmyndigheit, og det går også eit skilje mellom søknadsbehandling og tilsyn. Dei private har ulik rolle avhengig av om dei er forslagsstillar, utbyggjar, ansvarleg søkjar eller ansvarleg prosjekterande mv.
I dette kapittelet gjer vi greie for kven som har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Vi gjer også greie for aktørane sine ulike roller ved arealplanlegging og byggjesak. Vidare gjer vi greie for kva kartleggingar og utgreiingar som skal underleggjast ansvarsrett.
11.1. Kven har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar?
Kommunen har både som planmyndigheit og bygningsmyndigheit eit ansvar for å bidra til at det berre blir bygt i område som er tilstrekkeleg sikre mot naturfarar. Dette skal varetakast både i kommuneplan, i reguleringsplan og i den enkelte byggjesaka.
Hovudansvaret for å utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik for utbygging, ligg likevel til den som fremjar arealplan eller byggjesøknad. Normalt ligg derfor ansvaret for å utgreie tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, til den som fremjar plan for utbygging eller søknad om tiltak.

Det blir utført eit stort kartleggingsarbeid i statleg regi av både skred- og flaumutsette område. Sentral aktør i dette arbeidet er NVE, som har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaumskadar og skredulukker.
Tryggleikskrava i byggteknisk forskrift (TEK10) gjeld det enkelte nybygget, men er også førande for kva eit område kan regulerast til. Kommunen skal som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS- analyse) for planområdet, eller sjølv utføre slik analyse.
Byggjesaksbehandlinga tek utgangspunkt i byggjeinitiativet frå tiltakshavar, og det er utbyggjar som må utgreie og stadfeste at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- og miljøforhold i søknaden. Utbyggjarsida må opplyse saka tilstrekkeleg og dokumentere at tiltaket det blir søkt om, er innanfor regelverket.
Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. Det kan takast utgangspunkt i søknadstype når roller og ansvar skal skildrast.
For tiltak etter plan- og bygningslova (pbl.) § 20-3, jf. § 20-1 er det krav om bruk av ansvarlege føretak. I dei fleste byggjesaker er det derfor krav om bruk av ansvarlege føretak som oppfyller forskriftsfeste kvalifikasjonskrav. Tiltakshavar er då forplikta til å vidareføre ansvaret sitt til profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten. Føretak med ansvarsrett vil då normalt ha ansvar for tryggleik mot naturpåkjenningar.
For søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-4 og tiltak unnateke søknadsplikt jf. pbl. § 20-5 har tiltakshavar åleine ansvaret for tryggleik mot naturpåkjenningar mv.
11.2. Kommunens sine oppgåver
Arealplanar
Det er i fyrste rekkje ved behandling av arealplanar at kommunen har ansvar for at krava til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, blir varetekne.
Kommunen har ansvar for at arealdelen i kommuneplanen blir utarbeidd og rullert. Utgreiingar i samband med utarbeiding av kommuneplan ligg til kommunen. Kjent fare, område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde som eksempelvis område markerte på aktsemdskart, bør generelt gå fram av rettsleg bindande planar. For område der det blir planlagt ny utbygging, skal kjent fare og område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde, merkjast av som fareomsynssone, og det skal gjevast reglar som varetek det omsynet sona viser. Det kan t.d. gjevast reglar om byggjeforbod, byggjegrenser eller sikringstiltak, eller om meir nøyaktige utgreiingar på neste plannivå. Skredutsette område kan eksempelvis ikkje setjast av som byggjeområde.
På reguleringsplannivå skal faresoner alltid visast med omsynssone i plankartet, uavhengig av underliggjande arealføremål. Flaumutsette område må ha reglar om byggjegrenser mot sjø eller vassdrag. Arealdelen i kommuneplanen kan setje plankrav, det vil seie krav om at det må liggje føre reguleringsplan før bygging kan skje. Dei omsyna og restriksjonane som er fastsette gjennom omsynssoner til arealdelen i kommuneplanen, skal leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplan. Omsynssoner kan også visast i reguleringsplan sjølv om dei ikkje er viste i kommuneplan.
Ved private planforslag skal kommunen som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for planområdet. Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i byggteknisk forskrift (TEK10) . Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fare som følgje av naturforhold, ligg til forslagsstillar. Der kommunen sjølv utarbeider område- eller detaljregulering har kommunen ansvar for å kartleggje tryggleik mot fare som følgje av naturforhold og å innregulere og ta omsyn til fareområde. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i plan som omsynssone, jf. plan- og bygningslova (pbl.) §§ 11-8 og 12-6.
Byggjesak
Dersom fareområde eller område med vesentleg ulempe ikkje er tekne omsyn til eller går fram av arealplan, kan kommunen i medhald av pbl. § 28-1 treffe vedtak om avslag, vedtak med vilkår om særlege krav til byggjegrunn eller byggverk og uteareal eller vedtak om forbod mot å byggje. Alternativt kan det leggjast ned mellombels forbod mot tiltak etter pbl. § 28-1 for dei aktuelle områda. Dette utløyser reguleringsplikt.
Kommunen sine alternativ dersom fareområde ikkje går fram av arealplan |
|
Der det ikkje har skjedd hendingar som endrar situasjonen etter at planen vart vedteken, og det ikkje er kome ny kunnskap om naturfarar som kommunen er kjend med, vil kommunen si rolle i byggjesaksbehandlinga vere å sjå til at tiltaket er i samsvar med gjeldande plan.
Kommunen skal ta stilling til spørsmålet om tryggleik mot fare som følgje av naturforhold i søknadsbehandlinga, og får på den måten også eit høve til å formidle opplysningar om fare som kommunen er kjend med og som eventuelt ikkje er tekne omsyn til tidlegare i saksførebuinga.
I dei tilfella der det har skjedd faktiske hendingar eller der det ligg føre nye aktsemdskart eller annan ny kunnskap, må kommunen ta omsyn til dette i saksbehandlinga. Avhengig av forholda må kommunen vurdere om det skal gjevast avslag, om det skal krevjast dokumentasjon for ytterlegare undersøkingar, eller om tiltakshavar skal gjevast høve til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik ved hjelp av kompenserande tiltak. Kommunen kan ikkje gje løyve på vilkår av at det ligg føre fråsegn frå t.d. geoteknisk sakkunnig før deling eller igangsetjing. Løyve på vilkår vil ikkje innebere ei avklaring av dei tryggleiksomsyna som pbl. § 28-1 skal vareta.
Kommunen har plikt til å informere om naturfarar som er kjende, særleg der faren ikkje kjem fram av plangrunnlaget. Kommunen må formidle kjende opplysningar om grunn- og miljøforhold til utbyggjarane i saker der dette er relevant, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 11 og 17 om rettleiingsplikt. Formidling av opplysningar om farar bør skje på eit tidlegast mogleg tidspunkt i byggjeprosessen, t.d. i førehandskonferansen. Kommunen bør dokumentere at opplysningane er formidla i den enkelte saka. Det ligg føre fleire døme på at kommunar som har unnlate å formidle kjende opplysningar, er vortne kjende erstatningsansvarlege.
Der kommunen ikkje har kjennskap til om ei byggjetomt er tilstrekkeleg sikker, har kommunen ikkje plikt til å utgreie tryggleiken mot naturpåkjenningar nærare ved behandling av byggjesøknad. Dette er slege fast av Høgsterett i HR 2015-484. Ein kommune hadde gjeve byggjeløyve til oppføring av hytter i eit område som i ettertid viste seg å vere utsett for snøras. Utbyggjar meinte kommunen hadde handla aktlaust ved å gje byggjeløyve utan å utgreie rasfare. Kommunen vart frifunnen. Plikta til å utgreie tryggleik ligg på utbyggjarsida.
Kommunen har i utgangspunktet inga undersøkingsplikt om tiltaket det blir søkt om, er plassert trygt i forhold til naturfarar. Ein mistanke om manglande tryggleik gjev ikkje heimel for avslag, men bør utløyse krav om dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. I slike tilfelle vil det vere nødvendig med faglege undersøkingar, og denne undersøkingsplikta ligg på utbyggjarsida. Undersøkingar vil kunne vere del av oppgåvene til den prosjekterande. Der det ikkje blir skaffa fram dokumentasjon, vil pbl. 28-1 gje heimel for avslag, jf. også kapittel 2.6 Avslag i byggesak i denne rettleiinga.
Kommunen kan krevje uavhengig kontroll av denne delen av prosjekteringa , jf. byggesaksforskrifta (SAK10) § 14-3. Dette kan også gjerast i saker der det etter pbl. § 20-4 ikkje er krav om bruk av ansvarlege føretak, i byggjesaker med sjølvbyggjaransvar (SAK10 § 6-8) og for tiltak unnatekne søknadsplikt jf. pbl. § 20-5.
Søknad
Søknadspliktige tiltak med ansvarlege føretak
I søknaden skal det gjevast opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon for tiltaket. I søknaden skal det opplysast om byggverket skal plasserast i fareområde.
Dersom utbyggjar og kommunen vurderer faresituasjonen likt, er det sannsynlegvis tilstrekkeleg tryggleik mot til dømes skred eller flaum. Då er det i praksis inga utfordring når det gjeld oppgåve- eller ansvarsfordelinga.
Der kommunen er usikker eller har mistanke om at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- eller miljøforhold og søknaden ikkje er vedlagd tilstrekkeleg dokumentasjon, skal kommunen etterspørje dokumentasjon frå fagkunnig. Behandling av søknaden vil avvente til søknaden er fullstendig.
Der søknaden er vedlagd dokumentasjon frå fagkunnig som konkluderer med at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre eller kan oppnåast ved kompenserande tiltak, skal kommunen normalt leggje denne til grunn, med mindre det er forhold i dokumentasjonen eller fagkompetansen som tilseier noko anna. Dersom kommunen er i tvil eller usamd med konklusjonen i den fagkunnige rapporten, bør han krevje uavhengig kontroll.
Der kommunen veit om ein konkret fare som det ikkje er teke høgd for i søknaden, vil kommunen ha plikt til å seie frå om denne. Resultatet av søknadsbehandlinga kan bli avslag, med påføring av faren som grunngjeving. I dei tilfella der det ikkje er openbert uforsvarleg å byggje, bør det opplysast om at det er høve til å fremje søknaden på nytt dersom tilstrekkeleg tryggleik kan dokumenterast. Dette vil avhenge av dei konkrete forholda på den aktuelle tomta, kor sannsynleg faren verkar og kva fare eller risiko det gjeld, kva slags byggjetiltak osv.
Dersom det i søknaden er kryssa av for at byggverket skal plasserast i område utsett for rasfare eller flaum, skal søknaden også innehalde dokumentasjon som viser at fare- eller ulempenivået likevel er akseptabelt. Om ikkje, ligg det føre avslagsgrunn. Dersom søknaden ikkje inneheld dokumentasjon, kan kommunen be om dokumentasjon for at tiltaket likevel er sikkert i forhold til farane.
I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, skal kommunen sjå til at søknaden er vedlagd erklæringar om ansvarsrett. Der prosjektering av geoteknikk er plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf SAK10 § 14-2. Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.
Søknadspliktige tiltak som tiltakshavar sjølv står for
I desse byggjesakene er det ikkje ein profesjonell ansvarleg søkjar. Tiltakshavar, som normalt er uprofesjonell, har derfor ikkje alltid kunnskap til å vurdere skredfare eller liknande. I desse sakene har derfor kommunen eit særleg ansvar for ikkje å la arbeid bli gjennomførte i område der kommunen kjenner til naturfare. I område der det er klårt at det ikkje er mogleg å prosjektere seg vekk frå ein fare, må kommunen avslå byggjesøknaden og gje melding om at tiltaket ikkje kan gjennomførast. Der det er uvisse om farenivået eller der ein reknar med at det er mogleg å prosjektere seg unna faren, bør kommunen informere om at tiltakshavar kan innhente fagkunnig bistand til å vurdere eventuelle sikringstiltak, og at prosjektering mv. vil vere nødvendig for at tiltaket eventuelt skal kunne utførast.
Typiske tilfelle der det er behov for å hente inn kompetanse til å utgreie tryggleik |
|
Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling
For tiltak som ikkje krev søknad og saksbehandling, har kommunen berre ei generell tilsynsrolle, jf. pbl. § 25-1 og SAK10 kap 15 . Dei materielle krava til tryggleik gjeld for unntaka i SAK10 § 4-1, og krava til tryggleik skal derfor vere oppfylte.
Unntak frå saksbehandling for visse tiltak som blir behandla etter anna lovverk
Vegar, tunnelar, kraftleidningar og andre tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3 , skal varetakast av regelverket for vedkomande sektorstyresmakt. Dei materielle krava til tryggleik gjeld for desse tiltaka også.
11.3. Tiltakshavar ansvar
Med tiltakshavar meiner vi primært eigar av eigedomen eller tiltaket - den som vil oppføre eller utføre eit tiltak.
Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. I dei fleste byggjeprosjekt er det krav om bruk av ansvarlege føretak. Tiltakshavar er då forplikta til å hente inn profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten.
Tiltakshavar/føretaket skal skaffe seg kunnskap om naturfarane før søknaden blir fremja for kommunen. Dei kvalifikasjonskrava som blir stilte til ansvarleg føretak, skal sikre at føretaka har kvalifikasjonar og rutinar for sjølv å gjere seg kjende med det plangrunnlaget som gjeld for den aktuelle eigedomen og ta omsyn til aktsemdskart og alle relevante forhold, medrekna krav til tryggleik mot naturpåkjenningar etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og byggteknisk forskrift (TEK10).
I dei seinare åra er det kome mykje ny kunnskap og gjort mange kartleggingar av naturfarar. Det er bl.a. utarbeidd aktsemdskart for store delar av Noreg. NVE sitt aktsemdskart for snøskred og aktsemdskart for steinsprang viser potensielle losne- og utløpsområde for skred. Karta er eit godt hjelpemiddel for vidare vurdering av skredfare. Vidare ligg det føre flaumsonekart for ei rekkje vassdragsstrekningar og aktsemdskart for jord- og flaumskred. Sjå farekart og databasar på NVE si nettside om farekart og databasar.
Område merkte av på aktsemdskart mv. må utgreiast nærare av fagkunnig før det eventuelt kan stadfestast at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Søkjar (tiltakshavar/ansvarleg søkjar) har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.
Søknad som tiltakshavar kan stå for sjølv
Tiltak etter pbl. § 20-4 krev ikkje bruk av ansvarlege føretak. Dette er eksempelvis søknad om deling av eigedom, søknad om oppføring av tilbygg inntil 50 m2 og garasje inntil 70 m2. Der tiltakshavar fremjar søknaden sjølv, tek tiltakshavar på seg ansvaret for at krava i pbl. § 28-1 med tilhøyrande føresegner i TEK10 er oppfylte. Tiltakshavar må sjølv vurdere krav til tryggleik og eventuelt hente inn fagkunnig bistand.
I byggjesaker som tiltakshavar står for, skal det i søknaden gjevast opp om byggverket skal plasserast i område med fare. Skjemaet inneheld spørsmål om byggverket skal plasserast i flaumutsett eller skredutsett område, og om det ligg føre andre natur- eller miljøforhold som inneber vesentleg ulempe. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved der søknaden gjeld utbygging i område som eksempelvis er merkte av i aktsemdskart.

Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling
I desse sakene skjer det inga saksbehandling i kommunen. Byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 inneheld føresegner om kva slags tiltak som ikkje krev søknad, dvs. tiltak tiltakshavar kan oppføre sjølv. Dette vil eksempelvis kunne vere oppføring av garasje inntil 50 m2 eller mindre tiltak som mindre fyllingar og planeringar. Unntak frå saksbehandling føreset at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslovgjevinga, også medrekna samsvar med pbl. § 28-1 og TEK10.
Dei materielle krava til blant anna tryggleik er dei same for desse tiltaka som for dei søknadspliktige tiltaka. Det er tiltakshavar åleine som har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Også mindre tiltak kan medføre store konsekvensar. Eksempelvis har store kvikkleireskred vorte løyste ut av mindre utgraving og flytting av masse.
Det er eit vilkår for unntak frå søknadsplikt at tiltaket er i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av plan- og bygningslova, eksempelvis plan og TEK10, og at krav til tryggleik er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom eit tiltak eksempelvis skal gjerast i eit område med kvikkleire, og den reelle faren for kvikkleireskred ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, vil krav til tryggleik stilte i TEK10, i utgangspunktet ikkje vere oppfylte. Tiltak i kvikkleireområde er derfor normalt ikkje unnatekne søknadsplikt.
Det skal liggje føre dokumentasjon frå fagkunnig når det skal byggjast i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er merkte av som omsynssoner i plan, område merkte av på aktsemdskart, område der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko.
Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med tiltaket.
Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, vil vilkår for unntak vere til stades, og tiltaket kan oppførast utan søknad og saksbehandling. Det vil vere naturleg å sende denne dokumentasjonen over til kommunen som dokumentasjon for at vilkår for unntak er oppfylte.
Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig og kunne visast fram dersom kommunen etterspør han.
11.4. Dei ansvarlege foretaka sitt ansvar
I byggjesaker med ansvarlege føretak ligg det fyrst og fremst til ansvarleg prosjekterande å oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenning.
Det er ansvarleg søkjar og tiltakshavar som skriv under søknaden og føreslår plasseringa av tiltaket. Ansvarleg søkjar skal sjå til at forholdet til tryggleik mot naturpåkjenningar er tilstrekkeleg vareteke. I omsynssoner, område merkte av på aktsemdskart, område utanfor arealplan og område med kjent fare, må ansvarleg søkjar sjå til at tiltakshavar hentar inn relevant kompetanse til å utgreie tryggleiken, slik at søknaden kan stadfeste tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal leggjast ved rapporten frå den fagkunnige som dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal også leggjast ved erklæringar om ansvarsrett der det er behov for å prosjektere eventuelle kompenserande tiltak. Ansvarleg søkjar har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane ansvarleg søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil ansvarleg søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.
Område merkte av på aktsemdskart mv., må utgreiast nærare av fagkunnig før ansvarleg søkjar eventuelt kan stadfeste i søknaden at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Ved behov for særskilte faglege utgreiingar, eksempelvis fordi byggjetomta ligg innanfor eit område som er merkt av på aktsemdskart, må ansvarleg søkjar vidareformidle dette til tiltakshavar. Tiltakshavar må innhente fagkunnige utgreiingar før byggjesøknaden kan bli komplett. I søknaden skal det særskilt gjerast greie for om byggverket skal plasserast i område med fare. Tryggleiksklassen for byggverket skal også oppgjevast. Ansvarleg søkjar skal vidare sjå til at det finst ansvarsrett for heile tiltaket, og at nødvendige ansvarlege føretak kjem på plass.

Ansvarleg prosjekterande har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Den prosjekteringa som blir gjort i samband med rammesøknaden, skal leggjast ansvar på då. Dette er særleg aktuelt i spørsmålet om tryggleik mot naturpåkjenning. Det er ansvarleg søkjar som skal syte for at alle prosjekteringsoppgåver er lagde ansvar på, også ved rammesøknad.
I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, vil prosjekteringa normalt plasserast i tiltaksklasse 2 eller 3.
Prosjektering av fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold ligg i tiltaksklasse 2 der metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla, og i tiltaksklasse 3 der metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla, jf. SAK10 § 9-4 .
Der prosjektering av geoteknikk blir plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf. SAK10 § 14-2 . Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.
Figur 11.4b. Utdrag frå tabell med retningsgjevande døme for tiltaksklasseplassering, veiledning til SAK10 § 9-4 Oppdeling i tiltaksklassar.
Fagområde | Tiltaksklasse 1 | Tiltaksklasse 2 | Tiltaksklasse 3 |
---|---|---|---|
Geoteknikk Utarbeiding av grunndata og fundamentering med eventuelt sikringstiltak for bygg, anlegg eller konstruksjon. |
Småhus inntil 3 etasjar Andre byggverk inntil 2 etasjar med oversiktlege og enkle grunnforhold Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS- EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 1 |
Fundamentering av byggverk med 3-5 etasjar Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla. Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 +NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 2. |
Byggverk med fleire enn 5 etasjar Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla. Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 3 og 4. |
11.5. Skal kartlegging og utgreiing leggjast ansvar på, og i så fall når?
Ved søknad om byggjeløyve skal det gjerast greie for om krava til tryggleik er oppfylte. Det blir kravd faglege kvalifikasjonar for å gjere ei slik utgreiing. Tiltakshavar eller ansvarleg søkjar har normalt ikkje slik kompetanse. Kompetansen må derfor hentast inn og dokumentasjon må leggjast ved, for at søknaden skal bli fullstendig. Ansvarleg søkjar har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.
Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje er plassert i fareområde, og legg ved dokumentasjonen som vedlegg.
I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for prosjekteringa. Kartlegginga vil vere ein nødvendig føresetnad for å prosjektere kompenserande tiltak slik at byggverket skal kunne oppfylle krava til tryggleik. Forholda på byggjetomta og kompenserande tiltak vil samla bidra til at krava til tryggleik blir oppfylte. Prosjekteringa må byggje på dei vurderingane og konklusjonane som kjem fram av kartlegginga. Kartlegginga vil derfor vere eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa underleggjast ansvarsrett. Ansvarsrett må vere på plass ved søknad om rammeløyve, fordi vurderingane av tryggleik er nødvendig for at tryggleik kan stadfestast i søknaden og for at byggjeløyve skal kunne gjevast.
11.6. Klagerett
Dersom kommunen avslår ein søknad med grunngjeving at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 , kan ein klage på avslaget på vanleg måte.
Dersom kommunen, utan å avslå, ber om ytterlegare dokumentasjon av grunn- og/eller miljøforhold, er dette ei prosessleiande avgjerd som ein ikkje kan klage på.
