

Foto: NTB Scanpix
Om rettleiinga
Denne temarettleiinga er ei revidert utgåve av temarettleiinga H0-1/2008 Utbygging i fareområde frå 2008. Dei vesentlege endringane:
-
Temarettleiinga er oppdatert i samsvar med gjeldande regelverk - plan- og bygningslov av 27. juni 2008 med byggteknisk forskrift (TEK10) og byggjesaksforskrifta (SAK10).
-
Ved lovendringa i 2008 vart plan- og bygningslova (pbl.) § 87 Endring, reparasjon eller bruksendring mv. av bestående byggverk og pbl. § 88 Dispensasjon fra § 87 erstatta av pbl. § 31-2 Tiltak på eksisterende byggverk. Kapittelet i temarettleiinga om tiltak på eksisterande byggverk er revidert i samsvar med dagens regelverk.
-
Det er teke inn eit nytt kapittel om klimaendringar.
-
Temarettleiinga er oppdatert med ny kunnskap.
Temarettleiinga er fyrst og fremst meint å vere til hjelp for plan- og byggjesaksbehandlarar i kommunane. Ein må sjå rettleiinga som eit supplement til rundskrivet T-5/97 «Arealplanlegging og utbygging i fareområder», utgjeve av tidlegare Miljøverndepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet (no Kommunal- og moderniseringsdepartementet).
Temarettleiinga skildrar kommunen sitt ansvar som forvaltningsorgan i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og opplyser om kva tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.
For å sjå byggjesaksdelen i samanheng med plandelen av plan-og bygningslova er det vist til enkelte sentrale planføresegner.
Rettleiinga tek føre seg krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Ho omtaler ikkje laster som alle byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster. Menneskeskapte farar og menneskeskapte vesentlege ulemper som t.d. støy og ureining frå avfall, er heller ikkje omtalte.
Vi håper temarettleiinga blir eit nyttig verktøy.
Ikkje nynorskbrukar?
Krav til tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksdelen i plan- og bygningslovgjevinga. Krava til tryggleik følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) §§ 28-1 og 29-5 og byggteknisk forskrift (TEK10), særlig Kapittel 7 sikkerhet mot naturpåkjenninger . Krava til tryggleik gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksføresegnene i lova, uavhengig av om dei er underlagde krav om søknad eller er unnatekne frå søknad og behandling.
Plan- og bygningslovgjeving skal sikre vern av liv og materielle verdiar. Regelverket legg opp til at tryggleik mot naturpåkjenningar skal vurderast og varetakast i alle fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Utgangspunktet for vurderingane av tryggleik i både arealplanlegging og byggjesak er krava til tryggleik gjevne i TEK10.
I tillegg til å gje heimel for krav til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK10, gjev pbl. § 28-1 kommunen heimel for å fatte ulike vedtak i byggjesak.
Kva kan vedtakast etter plan- og bygningslova § 28-1? |
|
Denne rettleiinga tek føre seg krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging. Ho omtaler ikkje laster som byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster. Ho omtaler heller ikkje krav om tryggleik mot menneskeskapt fare og ulempe, som ureining, støy, søppelfyllingar, avfallsdeponi, lukt og liknande.
I dette kapittelet gjer vi greie for
-
på kva stadium i plan- og byggjesaksprosessane krav til tryggleik skal vurderast
-
utgangspunktet for krava og kva tiltak tryggleikskrava gjeld for
-
kva vurderingar av tryggleik som skal gjerast ved arealplanlegging, vedtak om byggjeforbod, byggjesak mv.
Avslutningsvis skildrar vi kva tryggleikskrav som gjeld for tiltak som også er regulerte av andre lover.
Ulike naturfarar, og roller og ansvar i byggjesaksprosessane blir omtalte i eigne kapittel.
2.1. Verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i fareområde
Plan- og bygningslovgjevinga har fleire verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i område som er utsette for fare. Regelverket bidreg til at tryggleik skal vurderast på fleire stadium i plan- og byggjesaksprosessane.

Arealplanlegging
Krav til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold skal fyrst og fremst varetakast i arealplanlegginga. Arealplanlegging som tek omsyn til flaum- og skredfare, er viktig for å førebyggje tap og skadar frå naturfarar. Ved utbygging i samsvar med nyare plan vil normalt krava til tryggleiken mot naturfarar vere varetekne .
God arealplanlegging skal bidra til å unngå fare og risiko som følgje av flaum og ras, og redusere trussel mot liv, helse og materielle verdiar knytte til klimaendringar. Det er særleg viktig å halde samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur ved lag.
Kommunane skal utarbeide kommuneplanar og har ansvaret for at det blir utarbeidd reguleringsplanar for byggje- og anleggstiltak.
I samband med utarbeiding av arealplanar, skal det utførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse. I denne analysen skal blant anna risikoen for flaumskadar og rasfare vurderast. Informasjon om aktuelle farar må gå fram av planen, til dømes gjennom særskilte omsynssoner. For kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn, skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing. Risiko- og sårbarheitsanalysen vil då gå inn som ein del av konsekvensutgreiinga.
Arealplanar skal hindre ny utbygging i område som blir vurderte som flaumutsette eller utsette for rasfare.
Der tidlegare godkjende planar opnar for bygging i fare- eller rasområde, bør planane takast opp til revisjon. Kommunane kan om nødvendig omregulere byggjeområde til anna føremål, eller gje planreglar for å avgrense faren.
Mange arealplanar er av eldre dato og ikkje oppdaterte i tråd med ny kunnskap om fareområde. Andre område er ikkje omfatta av arealplanar. Regelverket har derfor ulike føresegner som skal sikre at det ikkje blir bygd i fareområde i tilfella der dette ikkje er vareteke i arealplanen.
Byggje- og deleforbod
Kommunen har høve til å leggje ned mellombels byggje- og deleforbod i påvente av at eit område skal planleggjast. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 13-1. Dette kan eksempelvis vere aktuelt i område der det er behov for å kartleggje og utgreie eventuell fare.
Vidare har kommunen høve til å leggje ned byggjeforbod etter pbl. § 28-1 andre ledd, for grunn som ikkje er tilstrekkeleg sikker. Byggjeforbod etter denne føresegna kan kommunen bruke for område der dei har faktisk kjennskap til at krav til tryggleik ikkje er oppfylte.
Byggjesak
Byggjesakprosessen skal også sikre at det ikkje blir bygd i fareområde. Kommunen skal normalt avslå byggjesøknader der det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik. Dette følgjer av pbl. § 28-1 fyrste ledd.
Ved byggjesøknad og utbygging har utbyggjarsida ansvaret for å kartleggje og utgreie byggjetomta og forholdet til naturpåkjenningar slik at tiltaket skal bli i samsvar med alle relevante krav. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar skal dokumenterast i søknaden om byggjeløyve. Ansvarlege føretak i byggjesaka skal prosjektere tiltaket slik at det oppfyller krava til tryggleik. For prosjektering av geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3 er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll.
Kva slags vurderingar av tryggleik som skal gjerast i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane, blir utdjupa i punkta 2.4 til 2.7. Tryggleiksnivåa og kva tryggleikskrava konkret inneber for dei ulike naturfarane, blir utdjupa i kapitla 4 til 8.
2.2. Korleis er krav til tryggleik mot naturpåkjenningar regulert?
Krav til tryggleik mot natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak og er regulert fleire stader i regelverket. Byggverk skal anten plasserast slik at dei ikkje er utsette for naturfarar, eller dimensjonerast slik at dei toler dei belastningane dei kan bli utsette for.
-
Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dette følgjer plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1.
-
Vidare er det krav om at alle tiltak blir prosjekterte og utførte slik at det ferdige tiltaket oppfyller krav til tryggleik, for å vareta vern av liv og materielle verdiar. Dette følgjer pbl. § 29-5.
Pbl. § 28-1 er ei føresegn som skal vere del av saksbehandlinga i kommunen og vurderast ved søknad om løyve til tiltak. Føresegna er fyrst og fremst ein avslagsheimel.
Pbl. § 29-5 er ein pliktregel for utbyggjar og stiller krav om tilstrekkeleg tryggleik ved utbygging.
Pbl. §§ 28-1 og 29-5 gjev også heimel for forskrifter om krav til tryggleiksnivå og tekniske krav til byggverk. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er med heimel i §§ 28-1 og 29-5 nærare konkretisert i byggteknisk forskrift (TEK10). Kapittel 7 Sikkerhet mot naturpåkjenninger er særleg relevant.
TEK10 stiller krav om tryggleik mot alle typar naturpåkjenningar. Kapittel 7. Sikkerhet mot naturpåkjenninger inneheld både eit generelt krav om tilfredsstillande tryggleik mot skade og vesentleg ulempe frå naturpåkjenning i § 7-1 og konkrete tryggleikskrav for enkelte naturfarar som flaum, stormflod og skred i §§ 7-2 til 7-4. Byggverk der konsekvensen av ein flaum eller eit skred er særleg stor, skal ikkje plasserast i flaum- eller skredutsett område, jf. §§ 7-2 fyrste ledd og 7-3 fyrste ledd. Krava til tryggleik er nærare utdjupa i kapitla 4 til 8 i denne temarettleiinga.
Kva tiltak gjeld tryggleikskrava for?
Pbl. § 20-1 slår fast verkeområdet til byggjesaksføresegnene og byggtekniske krav. Verkeområdet omfattar alle bygningar, anlegg og konstruksjonar. Krav til tryggleik gjeld derfor for alle bygningar, alle anlegg og alle konstruksjonar. Reglane gjeld for dei fleste arbeid på slike tiltak, blant anna oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, vesentleg endring, plassering og riving. Reint vedlikehald er derimot ikkje omfatta.
Døme på byggverk hvor tryggleikskrava gjeld |
Krav til tryggleik gjeld:Alle bygningar
Alle anlegg
Alle konstruksjonar
|
Dei fleste tiltak er omfatta av søknadsplikt og kan ikkje setjast i gang før bygningsstyresmaktene har gjeve løyve, jf. pbl. § 20-2. Ansvaret for at tiltaket tilfredsstiller regelverket ligg hjå tiltakshavarsida. Kommunen skal normalt avslå søknaden dersom krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ikkje er stadfest oppfylte.
Krav til tryggleik gjeld også tiltak som er unntekne søknadsplikta
Tiltak unnatekne søknadsplikt følgjer av pbl. §§ 20-5 til 20-8 og byggjesaksforskrifta (SAK10), kapittel 4. Her er tiltakshavar åleine fullt ut ansvarleg for at krava til tryggleik er oppfylte. Kommunen kan eventuelt gripe inn ved tilsyn, men kommunen har normalt ikkje kjennskap til at det blir sett opp slike tiltak, i og med at dei ikkje er søknadspliktige.
Tiltak som er unnatekne frå søknadsplikt omfattar ulike typar tiltak. Visse tiltak er unnatekne fordi dei er små og har lite å seie for omgjevnadene, medan andre tiltak er unnatekne fordi ein føreset at dei blir tilfredsstillande varetekne av andre lover.
Pbl. § 20-5 og SAK10 §§ 4-1 og 4-2 gjev unntak for mindre tiltak og for plassering av tiltak i tilknyting til byggje- og anleggstomt. Sjølv om eit tiltak er lite, vil det kunne ha store konsekvensar. Tiltakshavar må derfor vere bevisst at krav til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld. I kvikkleireområde vil eksempelvis fylling på toppen av ei skråning og utgraving i fyllingsfoten kunne forskyve massebalansen og medføre utgliding som kan få konsekvensar langt ut over tiltaket sjølv.
Det er gjeve unntak frå søknadsplikt for ei rekkje tiltak som blir behandla etter andre lover, jf. pbl. § 20-2 og SAK10 § 4-3. Desse tiltaka kan vere svært omfattande. Kor mykje av det bygningsrettslege regelverket dei er unnatekne frå, varierer. Ein del av tiltaka er unnatekne frå store delar av bygningslovgjevinga, medan andre tiltak berre er unnatekne frå søknadsplikt og ansvarsrett.
For alle tiltaka, uavhengig av om dei er søknadspliktige eller ei, gjeld dei tekniske krava som følgjer av byggteknisk forskrift (TEK10) så langt dei passar, jf . pbl. §§ 30-4 og 30-5. Vidare er det eit generelt vilkår for unntak at tiltaket ikkje er i strid med plan eller føresegner som følgjer av plan- og bygningslova.
Pbl. §§ 20-7 og 20-8 gjev unntak for krav i pbl. for Forsvaret og for visse skjermingsverdige objekt.
Døme på tiltak unnatekne søknadsplikt |
Krav til tryggleik gjeld også tiltak unntekne søknad og byggjesaksbehandling:Mindre tiltak
Tiltak som blir behandla etter andre lover
Særskilde tiltak
|
2.3. Særleg relevante føresegner for arealplanlegging og utbygging i fareområde
Plan- og bygningslovgjevinga skal blant anna sikre vern av liv og materielle verdiar. Regelverket legg opp til at tryggleik mot naturpåkjenningar skal vurderast og varetakast i alle fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Regelverket utdjupar kva som er rekna for å vere tilfredsstillande tryggleik, og kven som har ansvaret for å vareta personleg og materiell tryggleik mot naturpåkjenningar. Plan- og bygningslovgjevinga har ei rekkje føresegner som regulerer arealplanlegging og utbygging i fareområde, og føresegnene følgjer av både lova og forskriftene til plan- og bygningslova, særleg byggteknisk forskrift (TEK10) og byggjesaksforskrifta (SAK10). Lov og forskrifter heng nøye saman, og ein må sjå dei i samanheng for at dei skal kunne fungere etter intensjonen og vareta tryggleik for liv og materielle verdiar.
Regelverket er omfattande. Nedanfor følgjer ein tabell med særleg relevante føresegner for arealplanlegging og utbygging i fareområde.
Tabell 2.3. Særleg relevante føresegnar i plan- og bygningslovggjevinga for utbygging i fareområde og krav til tryggleik
Plan- og bygningslova: |
|
§ 3-1 Oppgaver og hensyn i planlegging etter loven |
Planer skal fremme samfunnssikkerhet ved å forebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdier mv. (jf fyrste ledd bokstav h) |
§ 4-3 Samfunnssikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse |
Krav til ROS-analyse. Fareområde avmerkes som hensynssone |
§ 11-5 Kommuneplanens arealdel |
Utrede og markere potensielle fareområder som hensynssoner og faresoner |
§ 11-6 Rettsvirkning av kommuneplanens arealdel |
Kommuneplan er bindende for nye tiltak Der arealdelen ikke stiller krav om reguleringsplan skal kommuneplanens arealdelen følges ved byggesøknad |
§ 11-8 Hensynssoner |
Faresone med angivelse av fareårsak |
§ 12-1 Reguleringsplan |
Områderegulering eller detaljregulering |
§ 12-2 Områderegulering |
Identifisere og avgrense fareområdene etter sikkerhetsklassene i TEK10. Gjentaksintervallene for flom- og skredfare skal tallfestes. Områder som ikke tilfredsstiller TEK10 skal avmerkes som fareområde. |
§ 12-3 Detaljregulering |
Identifisere og avgrense fareområdene etter sikkerhetsklassene i TEK10. Gjentaksintervallene for flom- og skredfare skal tallfestes. Områder som ikke tilfredsstiller TEK10 skal avmerkes som fareområde. |
§ 12-6 Hensynssoner i reguleringsplan |
Hensynssoner i kommuneplanens arealdel skal videreføres i reguleringsplan eller innarbeides i arealformål og bestemmelser |
§ 13-1 Midlertidig forbud mot tiltak |
Bygge- og deleforbud i påvente av ny plan. Forbudet varer inntil 4 år, jf. § 13-2 |
§ 20-1 Tiltak som omfattes av byggesaksbestemmelsene |
Liste over hvilke tiltak som omfattes av TEK10 og krav til sikkerhet mot naturpåkjenninger |
§ 20-3 Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlige foretak |
Liste over hvilke tiltak som krever søknad og ansvarsrett |
§ 20-4 Søknadspliktige tiltak som kan forestås av tiltakshaver |
Liste over hvilke tiltak som krever søknad, men som kan gjennomføres av tiltakshaver selv. Tiltakene er ytterligere beskrevet i SAK10 kap 3. Krav til sikkerhet gjelder, og tiltakshaver har fullt ansvar for at tiltaket oppfyller krav til sikkerhet mv. |
§ 20-5 Tiltak som er unntatt fra søknadsplikt |
Liste over hvilke tiltak som ikke krever søknad, men som kan gjennomføres av tiltakshaver selv. Tiltakene er ytterligere beskrevet i SAK10 kap 4. Krav til sikkerhet gjelder, og tiltakshaver har fullt ansvar for at tiltaket oppfyller krav til sikkerhet mv. |
§ 21-4 Behandling av søknaden i kommunen |
Kommunen skal legge til grunn opplysninger i søknaden om at tiltaket oppfyller tekniske krav |
§ 28-1 Byggegrunn, miljøforhold mv. og § 29-5 tekniske krav |
Hjemmel for byggteknisk forskrift TEK10 |
§ 28-1 første ledd |
Avslagshjemmel i byggesak når sikkerheten ikke er tilstrekkelig dokumentert av søker |
§ 28-1 annet ledd |
Bygge- og deleforbud . Hjemmel for kommunen til å nedlegge bygge- og deleforbud uten at det er krav om ny plan slik det er etter § 13-1 |
§ 28-1 annet ledd |
Hjemmel for kommunene til å stille særlig krav til byggegrunn, sikringstiltak mv. |
§ 29-5 Tekniske krav |
Hjemmel for byggteknisk forskrift (TEK10) |
§ 29-5 Tekniske krav |
Pliktregel: Tiltak skal prosjekteres slik at det oppfyller krav til sikkerhet mv. |
Særlig relevante bestemmelser i byggeteknisk forskrift (TEK10) for utbygging i fareområder og krav til sikkerhet: |
|
§ 7-1 Generelle krav om sikkerhet mot naturpåkjenninger |
Byggverk skal plasseres og prosjekteres slik at det oppnås tilfredsstillende sikkerhet mot skade fra alle naturpåkjenninger |
§ 7-2 Sikkerhet mot flom og stormflo |
Krav til sikkerhet |
§ 7-2 første ledd |
Bygg hvor konsekvens av flom er særlig stor skal ikke plasseres i flomutsatt område. Dvs. bygg av stor samfunnsmessig betydning |
§ 7-2 annet ledd |
Tydelige krav til sikkerhet mot flom. Sikkerhetsklasser for flom. Gjentaksintervaller |
§ 7-3 Sikkerhet mot skred |
Krav til sikkerhet |
§ 7-3 første ledd |
Bygg hvor konsekvens av skred er særlig stor skal ikke plasseres i skredutsatt område. Dvs. bygg av stor samfunnsmessig betydning |
§ 7-3 annet ledd |
Tydelige krav til sikkerhet mot skred. Sikkerhetsklasser for skred. Gjentaksintervaller. Kvikkleire følger egen metodikk |
§ 7-4 Sikkerhet mot skred. Unntak for flodbølge som skyldes fjellskred |
Fjellpartier med omfattende varslingssystem kan utbygges tross fare for flodbølge |
Særlig relevante bestemmelser i byggteknisk forskrift (TEK10) om naturpåkjenninger.Laster som primært skal ivaretas i prosjektering: |
|
§ 10-1 Personlig og materiell sikkerhet |
Byggverk skal plasseres og prosjekteres slik at tilfredsstillende sikkerhet oppnås |
§ 10-2 Konstruksjonssikkerhet |
Bygninger skal tåle de laster det utsettes for, også naturlaster, eks. snølast, vindlast og seismiske laster |
§ 13-5 Radon |
Bygninger skal ha radonforebyggende tiltak |
§ 13-14 Generelle krav om fukt |
Grunnvann, overflatevann mv skal ikke trenge inn og gi skader |
§ 13-15 Fukt fra grunnen |
Krav til bortledning av sigevann |
§ 13-16 Overflatevann |
Terreng rundt bygning skal ha fall for å lede bort overflatevann |
§ 15-10 Avløpsanlegg med ledningsnett |
Krav om bortledning av overvann |
2.4. Nærare om plan- og bygningslova § 28-1
Utgangspunktet for krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er i hovudsak plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1. Føresegna gjev heimel for krava til tryggleik gjevne i byggteknisk forskrift, samstundes som føresegna også gjev kommunen heimel for å fatte ulike vedtak i byggjesak.
Plan- og bygningsloven § 28-1. Byggegrunn, miljøforhold mv. |
"Grunn kan bare bebygges, eller eiendom opprettes eller endres, dersom det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold. Det samme gjelder for grunn som utsettes for fare eller vesentlig ulempe som følge av tiltak. For grunn som ikke er tilstrekkelig sikker, skal kommunen om nødvendig nedlegge forbud mot opprettelse eller endring av eiendom eller oppføring av byggverk, eller stille særlige krav til byggegrunn, bebyggelse og uteareal. Departementet kan gi nærmere forskrifter om sikkerhetsnivå og krav til undersøkelser, sikringstiltak for person eller eiendom, dokumentasjon av tiltaket og særskilte sikringstiltak." |
Pbl. § 28-1 fyrste ledd fastset at ein berre kan byggje på grunn dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Krava til tryggleik er vidare konkretiserte i byggteknisk forskrift (TEK10). Krava til tryggleik i TEK10 er gjevne med heimel i pbl. §§ 28-1 og 29-5.
Pbl. § 28-1 tek føre seg forhold som skred, flaum, flodbølgjer, radon, støy og ureining. Naturlege og menneskeskapte farar og ulemper blir behandla prinsipielt på same måte, men det er skilnader mellom dei enkelte farane og korleis dei blir handterte.
Kravet om tilstrekkeleg tryggleik gjeld fare og vesentleg ulempe som følge av natur- eller miljøforhold. Forhold (farar, skadar eller ulemper) som kjem av mangelfull eller feilaktig prosjektering eller utføring av grunn-, fundamenterings- eller terrengarbeid i samband med byggjetiltaket, fell utanfor § 28-1.
Fare og vesentleg ulempe
Pbl. § 28-1 tek føre seg både fare og vesentleg ulempe. Begge forholda kan medføre avslag, forbod eller særlege krav. Innhaldet i omgrepa fare og vesentleg ulempe skal framleis oppfattast i tråd med Rundskriv T-5/97 Fareområder, sjå særleg kap 3.3.1.1 og 4.1.
Fare omfattar dei situasjonane der det i utgangspunktet ikkje er tilfredsstillande tryggleik for menneskeliv og materielle verdiar.
Enkelte naturpåkjenningar kan medføre fare. I utgangspunktet kan vi dele naturpåkjenningane inn i to kategoriar:
-
laster som bygningar blir dimensjonerte for og som er gjenstand for ordinær prosjektering. Dette er laster som snølaster, vindlaster og seismiske laster, og er omhandla i prosjekteringsstandardar. Slike fell utanfor verkeområdet for § 28-1.
-
laster ein prøver å unngå ved å plassere bygningar slik at dei ikkje blir ramma. Døme på denne typen laster er flaum og skred. Dette ligg innanfor verkeområdet for § 28-1 og skal vurderast i byggjesaksbehandlinga.
Overvatn er ikkje ein naturfare på linje med flaum og skred. Med overvatn meiner vi overflateavrenning (regn og smeltevatn) frå plassar, gater, takflater etc. Hyppige episodar av styrtregn/ekstremnedbør vil føre til auka overvatn og lokale overfløymingar på stader der det ikkje er vassdrag. Slike overfløymingar kan medføre store skadar. Dette er spesielt viktig å ha fokus på ved fortetting i urbane område. Overvatn skal varetakast i arealplanlegging og av prosjekterande ved utbygging. Sjå byggteknisk forskrift (TEK10) §§ 15-10 og 13-16.
Vesentleg ulempe dekkjer forhold som ikkje inneber direkte fare, men som likevel er såpass sjenerande for bebuarar og andre at det er grunn til å rekne tomta som ueigna til utbygging, eller at det må setjast i verk sikringstiltak.
For at det kan seiast at det ligg føre vesentleg ulempe, må graden av sjenanse overstige det alminnelege. Ved vurderinga må det takast omsyn til føremålet med bygningen, om ulempa er til stades permanent eller skjer med intervall. Det må også takast omsyn til konsekvensane av ulempa. Føremålet med bygningen vil også vere relevant, medrekna om bygningen skal brukast permanent eller berre til visse tider. Det skal relativt mykje til før ei ulempe blir vurdert å vere vesentleg.
Tilstrekkeleg tryggleik
Krava til tryggleik i pbl. § 28-1 må ein sjå i samanheng med krava til tryggleik som følgjer av TEK10. Ein krev ikkje absolutt visse om at faresituasjon ikkje vil oppstå eller at vesentleg ulempe ikkje vil skje. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar inneber at det skal liggje føre tilstrekkeleg tryggleik.
Kva som er rekna som tilstrekkeleg tryggleik, vurderer ein på bakgrunn av føremålet med tiltaket. Til dømes stiller ein vanlegvis strengare krav i saker som gjeld frådeling til bustadføremål enn til landbruksføremål. På same måte stiller ein strengare krav ved oppføring av sjukehus og barnehagar enn ved små garasjar og uthus. Dette blir nærare utdjupa i kapitla 4 til 7.
2.5. Arealplanlegging
Krava til tryggleik er førande for arealplanlegging. Eit område kan ikkje regulerast til å byggje i dersom den påfølgjande utbygginga ikkje kan oppfylle krava til tryggleik. Ein arealplan som ikkje har lagt krava til tryggleik til grunn, vil ikkje kunne gjennomførast med utbygging. Det må derfor avklarast på planstadiet om utbyggingsområdet tilfredsstiller krava til tryggleik, eventuelt om sikringstiltak kan bidra til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik. Dersom krava til tryggleik mot naturpåkjenningar i byggteknisk forskrift (TEK10) fyrst blir vurderte i den konkrete byggjesaka, kan det hende at det ikkje er mogleg å byggje i samsvar med vedteken plan. Dette ville vore svært uheldig.
Juridisk har føresegner i lov høgare rang enn forskriftsføresegner, men for arealplanlegging legg krava til tryggleik i TEK10 i realiteten premissane for arealplanlegging.
Undersøkingar og utgreiingar i samband med utarbeiding av arealplanar
Ved utarbeiding av planar for utbygging skal planmyndigheiten sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført, eller sjølv utføre analyse. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone. I arealplanane skal planmyndigheiten vedta forbod eller eventuelle reglar for utbygging som er nødvendig for å avverje skade og tap.
Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå har som mål å kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Potensielt fareområde skal merkjast av som fareomsynssone i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 11-8 bokstav a, jf. pbl. § 12-6.
Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med relevante tryggleiksklassar i TEK10. Flaum- og skredfare eller liknande skal kartleggjast i detalj og gjentaksintervalla skal talfestast i tråd med TEK10. Område som ikkje tilfredsstiller TEK10, skal merkjast av som fareområde i reguleringsplanen.
Klimaendringar vil få innverknad for arealplanlegging og plassering av bygningar. Klimaendringane kan føre til at flaum og skred skjer oftare, og at dei blir meir ekstreme. Ny kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar kan føre til at område som tidlegare har vore rekna som tilstrekkeleg sikre å bygge i ikkje lenger innfrir krava til tryggleik. Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for å tilpasse samfunnet til klimaendringane. Klimaframskrivingar er usikre, og uvissa er størst på lokal skala. Det er likevel indikasjonar på kva slags endringar vi kan risikere å få i Noreg i dette hundreåret. Hovudtrenden er eit varmare og våtare klima. Sjå meir om klimaendringar i kapittel 3.
Viktige hjelpemiddel knytte til arealplanlegging
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve ut retningslinje 2/2011 Flaum- og skredfare i arealplanar, sist revidert 22.mai 2014. Denne skildrar kva flaum- og skredprosessar som kan utgjere fare, og korleis desse farane bør utgreiast og innarbeidast i arealplanar.
I tillegg har NVE gjeve ut to rettleiarar som utdjupar TEK10 kap. 7 med rettleiing og NVE si retningslinje 2/2011 NVE-veileder 8-2014 Sikkerhet mot skred i bratt terreng. Kartlegging av skredfare i arealplanlegging og byggjesak utdjupar nærare korleis skredfare bør kartleggjast og utgreiast . NVE-veileder 7-2014 Sikkerhet mot kvikkleireskred utdjupar korleis slik skredfare bør kartleggjast og utgreiast .
Vidare gjev Rundskriv T-5/97 KMD Fareområder framleis ein del relevant rettleiing om arealplanlegging og utbygging i fareområde, sjølv om rundskrivet er frå den tidlegare plan- og bygningslova.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har gjeve ut rettleiaren Samfunnssikkerhet i arealplanlegging – Kartlegging av risiko og sårbarhet. Han skildrar metoden for risiko- og sårbarheitsanalysar for alle nye område planlagde for utbygging. Han skildrar også forholdet mellom ROS-analysen og kommunale planprosessar.
Ei meir overordna skildring finst i DSB sin rettleiar Samfunnssikkerhet i plan- og bygningslova 2012. DSB er i ferd med å lage ein ny rettleiar på området til erstatning for desse. Den nye rettleiaren er planlagd ferdigstilt i slutten av 2015.
DSB gjev i rettleiaren Håndtering av havnivåstigning i kommunal planlegging råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstiging, stormflod og bølgjepåverknad.
Klimahjelperen. En veileder i hvordan ivareta samfunnssikkerhet og klimatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven 2015 utgjeven av DSB med fleire, er ein rettleiar i korleis vareta samfunnstryggleik og klimatilpassing i planlegging etter plan- og bygningslova.
2.6. Avslag i byggesak
Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold.
Søkjar må gjere greia for krava til tryggleik
Kommunen skal vurdere forholdet til plan- og bygningslova (pbl) § 28-1 som ein del av saksbehandlinga for alle byggje- og delesaker. I søknaden skal søkjar gjere greie for om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde krev ein faglege kvalifikasjonar for å kartleggje og utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Normalt har ikkje tiltakshavar eller ansvarleg søkjar slik kompetanse. Kompetansen må derfor hentast inn, og dokumentasjon frå fagkunnig må leggjast ved for at søknaden skal bli fullstendig.
Avslag dersom tryggleikskrava ikkje er dokumenterte
Kommunen skal gje avslag på byggjesøknaden i potensielle fareområde dersom det ikkje er stadfest og dokumentert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe i søknaden. Pbl. § 28-1 er ein avslagsheimel, og han inneheld ei plikt for kommunen til å avslå der krava til tryggleik ikkje er tilfredsstillande dokumenterte. Eit avslag gjeve i medhald av § 28-1 skal grunngjevast, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 24 og 25.
Krav til tryggleik gjeld ved alle typar byggjearbeid
Kravet til tryggleik gjeld for oppføring, tilbygg, påbygg, underbygging og plassering av alle typar byggverk. Dette omfattar blant anna bygningar, anlegg, konstruksjonar, terrenginngrep, opparbeiding av veg og parkeringsplassar.
Kravet til tryggleik gjeld uavhengig av sakstype og søknadsplikt. Pbl. § 28-1 gjeld for alle nye tiltak. Føresegna gjeld også for tiltak på beståande byggverk og bruksendringar av bygning, anlegg eller tomt.
Krav til tryggleik gjeld ved deling av eigedom
Kravet til tryggleik gjeld ved søknad om deling av eigedom. Omgrepet deling omfattar alle søknadspliktige delingar, uavhengig av om frådelinga skjer til bustadføremål eller anna føremål.
2.7. Byggje- og deleforbod
Kommunen kan leggje ned byggjeforbod eller forbod mot oppretting eller endring av eigedom for område som ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 andre ledd.
Forbodet kan gjelde ei enkelt tomt eller ein eigedom eller eit større område. Forbodet må vere tydeleg avgrensa i kommunen sin kartdatabase eller kartverk. Forbod etter pbl. § 28-1 medfører inga reguleringsplikt for kommunen, i motsetnad til vedtak om dele- og byggjeforbod i medhald av pbl. § 13-1, som varer i 4 år dersom ikkje planspørsmålet er avgjort.
Omsynet bak pbl. § 28-1 er at frådeling og etablering av nye tomter og utbygging berre kan skje der byggjegrunnen og natur- og miljøforholda er tilstrekkeleg sikre.
Vedtak om forbod mot å byggje etter pbl. § 28-1 kan fattast som eit svar på søknad om løyve til tiltak, men også utan at det i framkant er søkt om løyve til tiltak. I tilfelle der kommunen vurderer å fatte vedtak om forbod mot å byggje etter pbl. § 28-1 utan at det ligg føre søknad om løyve til tiltak, skal det gjevast førehandsvarsel om dette til dei heimelshavarane det gjeld, med frist for fråsegn, jf. forvaltningslova (fvl.) § 16. Vedtaket skal grunngjevast og skal innehalde opplysning om klagerett og klagefrist, jf. fvl. §§ 24-25 og §§ 28 flg. Ligg det føre ein søknad om løyve til tiltak, må denne avgjerast med eige vedtak om avslag. Saksbehandlingsfristane i SAK10 gjeld som normalt. Eit allereie fatta vedtak om forbod mot å byggje avgjer ikkje ein innkomen byggjesøknad om løyve til tiltak, men vil vere heimel for avslag på søknaden.
Pbl. § 28-1 gjeld i uregulert og regulert område. I uregulerte område og i byggjeområde som er omfatta av eldre reguleringsplanar, må ein ta utgangspunkt i at byggjegrunn og natur- og miljøforhold gjennomgåande ikkje er underlagde like grundige undersøkingar som område med nyare reguleringsplanar.
Røynsler og ny teknologi har medført at det i dag er langt større kunnskap om naturfarar enn tidlegare. Nye kartleggingar, forskingsresultat, klimaendringar og fortetting påverkar avgjerder om tilstrekkeleg tryggleik. Forhold som kommunen på tidspunktet for dele- eller byggjeløyve ikkje hadde høve til å kunne oppdage, blir ikkje ramma av føresegna.
Forhold som har oppstått seinare, kan likevel grunngje avslag på nye søknader og eventuelt føre til behov for byggje- og deleforbod og regulering til fareområde.
2.8. Kommunen kan stille særlege krav
Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik, kan kommunen stille særlege krav til byggjegrunn, byggverk og uteareal. Dette følgjer av plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 andre ledd.
Særlege krav blir fastsette i løyvet til tiltaket. Føresetnaden for å setje krav/vilkår etter andre ledd er at det dreier seg om ein fare eller ei vesentleg ulempe som går inn under fyrste ledd. Det er føremålstenleg med trinnvis saksbehandling slik at vilkåra kan fastsetjast tidlegast råd.
Særlege krav refererer til tiltak eller vilkår som veg opp for faren eller den vesentlege ulempa. Det kan eksempelvis dreie seg om tiltak i form av flaumverk, utforming av bygning eller vilkår som avgrensar bruken av uteareal eller bygning eller bygningsdel.
Etter innføringa av ansvarsrettsreforma i 1997 blir kommunane rådde frå å føreslå val av konkrete/detaljerte sikringstiltak. Når det gjeld prosjektering og utføring av sikringstiltak, bør dette følgje ansvarsrettssystemet der det tilhøyrer prosjekteringsansvaret å finne fram til dei konkrete tiltaka eller løysingane som eliminerer faren eller den vesentlege ulempa, eller reduserer den til eit tilfredsstillande nivå i tråd med krav i byggteknisk forskrift (TEK10). Dette er prosjekterande sitt ansvar.
Kommunen skal sjå til at det blir lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon og bør eventuelt vurdere å krevje uavhengig kontroll av prosjekteringa.
2.9. Kva for tryggleikskrav gjeld for tiltak som er regulerte av andre lover ?
Krava til tryggleik gjeld for alle bygningar, konstruksjonar og anlegg, uavhengig av søknadsplikt til bygningsmyndigheitene og uavhengig av om tiltaket også er regulert av særlovgjeving. Dette gjeld eksempelvis for veg- og jernbaneanlegg og anlegg for produksjon av energi. Slike tiltak er unnateke frå krav om byggjesaksbehandling, men ikkje frå materielle krav til tryggleik, jf. byggjesaksforskrifta (SAK10) § 4-3.
Ein del av tiltaka som er unnatekne byggjesaksbehandling og ansvar, er konstruksjonar og anlegg. Byggteknisk forskrift (TEK10) er i hovudsak ei funksjonsbasert forskrift som i utgangspunktet omfattar alle typar byggverk. Plan- og bygningsregelverket er likevel i stor grad utforma med tanke på bygningar. Ei rekkje føresegner, attåt rettleiingsmateriell og retningsgjevande døme, er derfor meir direkte brukande for bygningar. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar må i mange tilfelle fortolkast og utdjupast for å få praktisk nytte for konstruksjonar og anlegg. Særlovgjeving konkretiserer i enkelte tilfelle krava innanfor rammene som TEK10 gjev. TEK10 gjeld uavhengig av særlovgjevinga.
Nedanfor følgjer ein tabell som viser tiltak unnatekne søknad og saksbehandling etter plan- og bygningslovgjevinga, fordi dei er regulerte av andre lover. Tabellen gjev ei oversikt over kva for utfyllande tryggleikskrav, i tillegg til krava i TEK10, som følgjer av særlovgjevinga. Tabellen viser vidare kva styresmakt som er relevant særstyresmakt for desse tiltaka, og kva krav i plan- og bygningslovgjevinga tiltaka er unnatekne frå.
For tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3 fordi dei er regulerte av særlovgjeving, har tiltakshavar likevel ei meldeplikt til bygningsstyresmaktene.
Krav om melding til kommunen for tiltak unnatekne søknadsplikt, fordi dei er regulerte av andre lover |
Tiltak som er unnatekne søknad fordi dei er varetekne av særlovgjeving, skal rapporterast inn til kommunen både før og etter at arbeida er utførte. Når skal fyrste melding sendast?
Kva skal meldinga innehalde?
Når skal siste melding sendast kommunen?
Kva skal meldingea innehalde?
|
Tiltakshavar skal underrette kommunen når tiltak etter SAK10 § 4-3 er godkjent etter andre lover. Føremålet med meldeplikta er at kommunen skal få høve til å føre tilsyn og å oppdatere kartverk. Tiltakshavar skal i underretninga opplyse om tidspunktet for igangsetjing. Alle opplysningar om plassering av tiltaket som er nødvendige for ajourføring av det offentlege kartverket, medrekna dei felles kartdatabasane til kommunane og staten, skal sendast kommunen saman med underretninga, jf. pbl. kapittel 2 (krav om kartgrunnlag, stadfest informasjon mv.). Vidare skal tiltakshavar sende underretning til kommunen om plassering av tiltaket slik det er utført, seinast fire veker etter at tiltaket er ferdig.
Tabell 2.9. Oversikt over tiltak unnatekne søknadsplikt etter pbl. som regulerte av særlovgjevning (trykk på krysset for å sjå heile tabellen),
Type tiltak |
Offentlege veganlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Skal opparbeidast etter veglova. Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav a |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnatekne 29-2, 29-3, 29-5, 29-7 og TEK10 |
Veglova § 13 Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3 Normal: Håndbok N200 Vegbygging |
Ansvarleg styresmakt: Statens vegvesen Sentral styresmakt: Vegdirektoratet |
|||
Type tiltak |
Offentlege veganlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Statens vegvesen eller fylkeskommunen som tiltakshavar |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav a |
Pbl. kap. 22, 23, 24, 25 Ikkje unnateke TEK10 |
Veglova § 13 Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3 Normal: Håndbok N200 Vegbygging Tunneltryggleiksforskrifta |
Ansvarleg styresmakt: Statens vegvesen eller fylkeskommunen Sentral styresmakt: Vegdirektoratet |
|||
Type tiltak |
VasskraftverkTiltak i vassdrag |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Konsesjon etter industrikonsesjonslova, vassdragsreguleringslova eller vassressurslova |
SAK 10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav b |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Veileder: Konsesjonshandsaming av vasskraftverk |
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) (inntil 40 megawatt) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Bygningar og bygningstekniske installasjonar i samband med vasskraftanlegg eller tiltak i vassdrag (sjå SAK10 § 4-3 fyrste ledd bokstav b) |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav a |
Pbl. kap 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
||
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Kraftleidningar og transformatorstasjonar: Anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi som nemnt i energilova § 3-1, tredje ledd |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimelfor unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Tiltaket er regulert av energilova § 3-1, tredje ledd |
Pbl. § 1-3, andre ledd |
Unnateke det meste av pbl. Berre kap. 2 og 14 gjeld. TEK10 gjeld ikkje. |
Rettleiar for utforming av søknader om anleggskonsesjon for kraftoverføringsanlegg |
Ansvarleg styresmakt: Statnett Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Anlegg for produksjon av elektrisk energi |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimelfor unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Anleggskonsesjon |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Energilova Energilovforskrifta Beredskapsforskrifta |
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Anlegg for fordeling av elektrisk energ |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Områdekonsesjon |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Energilova Energilovforskrifta Beredskapsforskrifta |
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Fjernvarmeanlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Fjernvarmekonsesjon |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav c |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Energilova Energilovforskrifta Beredskapsforskrifta |
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Bygningar og bygningstekniske installasjoner i samband med anlegg for produksjon av elektrisk energi mv. (sjå SAK10 § 4-3, fyrste ledd bokstav c |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav a |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
||
Ansvarleg styresmakt: Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) Sentral styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Nettanlegg, anlegg for fornybar energi, andre fornybare energianlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Konsesjon etter havenergiloven |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, boktav d |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Havenergiloven |
Ansvarleg styresmakt: Olje- og energidepartementet (OED) | |||
Type tiltak |
Landbruksvegar |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Godkjent etter skogbrukslova eller jordlova |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav e |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Skogbrukslova Jordlova Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål Rundskriv M-2/1997 - Ny forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål Normaler for landbruksveier - med byggebeskrivelse (LMD 2013) Skogsveibygging med miljøhensyn (LMD 1995) Skogsveger og skredfare (LMD/NVE 2011) |
Ansvarleg styresmakt: Kommunen Sentral styresmakt: Landbruks- og matdepartementet |
|||
Type tiltak |
Flytande akvakulturanlegg i sjø |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Gjeve løyve etter akvakulturlova |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav f |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Akvakulturlova |
Ansvarleg styresmakt: Fiskeridirektoratet Sentral styresmakt: Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) |
|||
Type tiltak |
Steinbrot, gruver, massetak, inkludert knuseverk, sorteringsanlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Samsvar med reguleringsplan og konsesjon etter minerallova |
SAK10 § 4-3, fyrste ledd, bokstav g |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31. Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK10 |
Minerallova |
Ansvarleg styresmakt: Direktoratet for mineralforvaltning Sentral styresmakt: Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) |
|||
Type tiltak |
Jernbaneanlegg som sporveg, tunnelbane, forstadsbane |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan. Skal anleggjast etter jernbanelova |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav b |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
Jernbanelova Forskrift om krav til sporvei, tunnelbane og forstadsbane, m.m. (kravforskriften) FOR 2014-12-10-1572) Aktørens tekniske regelverk for eigen infrastruktur |
Ansvarleg styresmakt: Statens jernbanetilsyn Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD) |
|||
Type tiltak |
Jernbaneanlegg |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Godkjent av Statens jernbanetilsyn etter jernbanelova |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav b |
Pbl. kap. 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke søknad og TEK10 |
Jernbanelova Forskrift om samtrafikkevnen i jernbanesystemet (samtrafikkforskrifta) (2010-06-16-820) med tilhøyrande TSI-ar (tekniske krav til interoperabilitet) Jernbaneinfrastrukturforskrifta (2011-04-11-388) §§ 3-1, 3-3 Jernbaneverkets tekniske regelverk/normalar |
Ansvarleg styresmakt: Statens jernbanetilsyn Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD) |
|||
Type tiltak |
Navigasjonsinnretning og tiltak i grunnen og sjøgrunnen ved slike innretningar |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Skal opparbeidast etter hamne- og farvatnlova |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav c |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
Hamne- og farvatnlova |
Ansvarleg styresmakt: Planmyndighet i kommunen Sentral styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD) |
|||
Type tiltak |
Navigasjonsinnretningar: Gjenoppføring og reparasjon |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Skal anleggjast etter luftfartslova |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav c |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
Luftfartslova |
Ansvarleg styresmakt: Samferdselsdepartementet (SD) |
|||
Type tiltak |
Moloar, dekningsverk i sjø: Gjenoppføring og reparasjon |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Kystverket eller kommune er tiltakshavar Vindkraftanlegg, sjøkablar Anlegg som blir konsesjonsbehandla |
SAK10 § 4-3, andre ledd, bokstav d |
Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke TEK10 |
Havenergilova, kap. 5 |
Ansvarleg styresmakt: Kystverket Sentral styresmakt : Olje- og energidepartementet (OED) |
|||
Type tiltak |
Konstruksjonar og anlegg som er opparbeidde etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova.Utbetring/utskifting/reparasjon av slike anlegg og konstruksjonar |
||
Vilkår for unntak fra søknadsplikt mv. etter pbl. |
Heimel for unntak |
Kva er dei unnatekne frå? |
Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk |
Skal anleggjast etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova, t.d. etablering av anlegg som handterer farleg stoff. Grunn- og terrengarbeid, medrekna fundamentering, er ikkje omfatta av unntaket. |
SAK10 § 4-3, tredje ledd |
Pbl. kap. 22, 23, 24, 25. Ikkje unnateke søknad og TEK10 |
Brann- og eksplosjonsvernlova kap. 2, jf. forskrift 8. juni 2009 nr. 602 om håndtering av farlig stoff og forskrift 26. juni 2002 nr. 922 om eksplosjonsfarlig stoff |
Ansvarleg styresmakt: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) eller brannvesenet Sentral styresmakt: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) / Justis- og beredskapsdepartementet (JD) |
Innleiing
Kapitlet tek føre seg klimaendringar i Noreg gjennom dei siste hundre åra, korleis klimaet fram mot 2100 vil kunne bli, og kva konsekvensar klimaendringa kan ha for utbygging i fareområde. Kapittelet omtaler klimaendringar når det gjeld utbygging i fareområde. Kapittelet omtaler ikkje laster som alle byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster.
Klimaet og topografien i Noreg har alltid stilt strenge krav til utforming og lokalisering av bygningar. Vi er vane med å ta omsyn til vêr og topografi, og vi har gjennom hundreåra tilpassa oss eit skiftande klima. Det må vi gjere også i framtida.
Klimaet på jorda blir bestemt av solinnstråling, innhaldet av klimagassar i atmosfæren og eigenskapane jordoverflata har, som ulike vegetasjonstypar, havområde og utbreiinga av snø og is.
Klimaet blir vanlegvis skildra ved hjelp av middelverdiar og variasjonar rundt desse. Eit vanleg omgrep er ”normalar” som er nemninga for middelverdiar for bestemte 30-årsperiodar. Det er internasjonalt avtalt å bruke middelverdiar for åra 1901-1930, 1931-60, 1961-90, 1991-2020 osv. Då kan ein samanlikne middelverdiar for same periode over heile verda. Både perioden 1971-2000 og 1981-2010 er i bruk som alternative referanseperiodar.
3.1. Endringar i Noreg dei siste hundre åra
Hovedtendensen for Noreg er at det har vorte varmare og våtare.
Den fyrste Klima i Norge 2100 - rapporten vart publisert i 2009. Hausten 2015 ble den oppdaterte rapporten Klima i Norge 2100 - kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning publisert. Arbeidet er utført av Norsk klimaservicesenter på oppdrag frå Miljødirektoratet. Rapporten skal gje grunnlagsinformasjon for klimatilpassing i Noreg. Alle data knytte til klimaendringar i dette kapittelet, er henta frå denne rapporten om ikkje anna er oppgjeve.
I rapporten oppsummerer ein klimaet i dag og klimautviklinga fram til no. Med perioden 1971-2000 som referansepunkt er klimautviklinga vidare framover mot 2100 berekna. Klimaframskrivingane i rapporten er baserte på resultata frå globale klimamodellar som er køyrde med ulike "utsleppsscenario", dvs. forventingar om framtidige utslepp av klimagassar. I hovudsak er tre scenario brukte: RCP2.6, RCP4.5 og RCP8.5. Kort fortalt er RCP2.6 eit utsleppsscenario som krev drastiske utsleppskutt, RCP4.5 krev store kutt, medan RCP8.5-scenarioet inneber at utsleppsauken held fram om lag som no. Dei ulike scenarioa er nærare skildra i rapporten.
Det går fram av rapporten at det er knytt uvisse til berekningane, men at dei likevel gjev eit klårt bilete av hovudtrekka i korleis ein forventar at menneskeskapte klimaendringar vil slå ut i Noreg.
Under gjev vi att sentrale klimaendringar i Noreg i løpet av dei siste hundre åra.
Klimaendringar i Noreg de siste hundre åra |
Temperatur
Nedbør
Vind
Havnivåstigning
|
3.2. Korleis blir klimaet fram mot 2100?
Framtidige klimaendringar vil sannsynlegvis skuldast ein kombinasjon av naturlege klimavariasjonar og menneskeleg påverknad. Ved å studere klimaet i fortida og notida er det funne vitskapeleg belegg for at det er svært sannsynleg at menneskelege aktivitetar har påverka og vil halde fram å påverke klimaet på jorda.
Manglande kjennskap til framtidige utslepp av klimagassar og -partiklar, kombinert med manglar og forenklingar i klimamodellane, gjer klimaframskrivingar usikre. Uvissa er størst på lokal skala. Modellering av den menneskeskapte påverknaden av klimasystemet gjev likevel sterke indikasjonar på kva slags endringar vi kan risikere å få i Noreg i dette hundreåret.
Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for samfunntilpassingar til klimaendringane.
Klimaframskrivingane, gjevne att i rapport Klima i Norge 2100 - kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning oppdatert i 2015 , viser at vi får eit varmare og våtare klima der ekstreme nedbørshendingar skjer oftare. Uvissa rundt kor store klimaendringane blir, avheng av fleire faktorar, som kor følsamt klimasystemet er, naturleg klimavariasjon og kor store dei menneskeskapte utsleppa blir.
Temperaturen vil stige
Klimaframskrivingane viser at det blir varmare i alle landsdelar og i alle årstider. For utsleppsscenario RPC8.5 er det berekna at årsmiddeltemperaturen i Noreg vil auke med ca. 4,5 °C (medianverdi) på 100 år. Berekninga viser størst auke i vinterhalvåret.
Det blir meir nedbør
Framskrivingar viser at det vil bli meir nedbør i heile landet. For utsleppsscenarioet RCP8.5 viser medianframskrivinga ein auke i årsnedbør for Noreg på 18 % mot slutten av hundreåret, ei dobling av dagar med kraftig nedbør og ein auke i nedbørsmengda på dagar med kraftig nedbør på 19 %.
Det går også fram av rapporten at snøsesongen er forventa å bli kortare i heile landet. Reduksjonen i tal dagar med snø blir størst i låglandet. Medianverdien for utsleppsscenarioet RCP8.5 gjev reduksjon i snøsesongen på fleire månader mot slutten av hundreåret. I enkelte delar av høgfjellet er det berekna ein auke i maksimal snømengd fordi mykje av den forventa nedbørsauken her vil kome som snø.
Blir det meir vind?
Det er berre berekna svært små endringar både i middelvind og i store vindfartar.
Vil havnivået stige?
Smelting av isbrear og auka temperatur i havet som fører til termisk ekspansjon, er hovudårsakene til at havet stig. Trass i at havnivået har stige, har mesteparten av den norske kysten opplevd ei netto senking av havnivået etter siste istid. Det kjem av at det i Noreg og resten av Skandinavia har vore ei kraftig landheving som følgje av at den fennoskandinaviske innlandsisen smelta bort og vekta av den forsvann for ca. 11 500 år sidan.
Framskrivinga for havnivået indikerer at det meste av Noreg vil oppleve havstiging før slutten av dette hundreåret. Middelframskrivinga for scenario RPC8.5 er mellom 15 og 55 cm, avhengig av lokalitet.
Rapporten Sea Level Change for Norway: Past and Present Observations and Projections to 2100 (2015) gjev ein samla og oppdatert presentasjon av havnivåendringar ut frå tilgjengelege data.
Meir informasjon
Norsk klimaservicesenter skal utarbeide klimaprofilar for fylka i landet. Klimaprofil for Troms fylke er alt utarbeidd som ein pilot. For nærare informasjon og oppdatert kunnskap frå nasjonal og internasjonal klimaforsking viser vi til Norsk klimaservicesenter , Miljødirektoratet og FNs klimapanels nettsider.
Miljødirektoratet har fleire nyttige nettsider knytte til klima og miljø:
-
miljøkommune.no gjev rettleiing om miljølovverket
-
Klimatilpasning gjev aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing
-
Miljøstatus gjev informasjon om miljø og klima i Noreg.
3.3. Kva konsekvensar kan klimaendringane få for utbygging i fareområde?
Effekten av klimaendringane vil spele ei rolle for det bygde miljøet, både for plassering av bygningar og for kva laster bygningane må tole. Omsynet til klimatilpassing i arealplanlegginga er omtalt i kapittel 5 i NVEs retningslinje flaum og skredfare i arealplanar, revidert 2014. NVEs faktaark 3-2015 Hvordan ta hensyn til klimaendringer i arealplanleggingen gjev også nyttig informasjon.
Korleis blir flaumfaren påverka?
Endringar i nedbør og temperatur vil føre til at flaummønsteret endrar seg. Når temperaturen stig, vil vårflaumen kome tidlegare. Når snømengdene blir reduserte vil snøsmelteflaumane i dei store elvane bli mindre. Når vinternedbøren kjem som regn i staden for snø, kan det bli fleire flaumar i vinterhalvåret. Også sommarregn kan skape alvorlege situasjonar. Framskrivingar for flaum er usikre, og det er store lokale variasjonar.
Flaum i små vassdrag
Klimaframskrivingane viser at episodar med styrtregn vil kome oftare, og derfor oftare og større flaumar i små vassdrag. Langs små, bratte elvar og bekkar kan vatnet grave ut nye løp eller rive med seg lausmassar i farlege flaumskred. Her må ein vere særleg aktsam. Det går fram av NVE si retningslinje flaum og skredfare i arealplanar, revidert 2014 at for alle vassdrag med nedslagsfelt mindre enn ca 100 km2, må ein rekne med minst 20 % auke i vassføring på grunn av flaum dei neste 50 – 100 åra. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.
Flaum i større vassdrag
Det går også fram av NVE si retningslinje at i enkelte regionar, særleg på Vestlandet og i Nordland, reknar ein med at flaumane også i større vassdrag vil bli vesentleg større. I mange vassdrag i desse regionane kan flaumvassføringa ved dagens 200-årsflaum auke med meir enn 20 % dei neste 100 åra, i somme meir enn 40 %. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.
Overfløyming på grunn av overvatn utanfor vassdrag
Med overvatn meiner vi overflateavrenning (regn og smeltevatn) frå t.d. plassar, gater og takflater. Hyppige episodar av styrtregn/ekstremnedbør vil føre til auka overvatn og lokale overfløymingar på stader der det ikkje er vassdrag. Slike overfløymingar kan medføre store skadar. Dette er det spesielt viktig å vere merksam på ved fortetting i urbane område.
Havnivåstigning
Heving av havnivået kan føre til behov for å byggje lenger unna sjøen, eller å leggje inn større tryggleiksmarginar enn det ein til no har vore van med.
Korleis blir skredfaren påverka?
Det er mange ulike typar skred, og årsakssamanhengane mellom klima og skred er komplekse. Det er ein klår samanheng mellom nedbør, temperatur og vindforhold og ulike former for snøskred. Når temperaturen aukar, blir faren for snøskred redusert, men samstundes kan faren for sørpeskred og våtsnøskred auke. Oftare episodar med stor nedbørintensitet kan auke risikoen for jordskred og flaumskred. Kvikkleireskred blir i dei fleste tilfelle utløyste av menneskeleg aktivitet, men kan også utløysast av lange periodar med mykje regn og erosjon langs bekkar og elvar.
Endringar i nedbørsmønster og nedbørsmengd kan innebere at det kjem skred i område der dette ikkje er kjent frå tidlegare, eller i område der det tidlegare ikkje har vore slik fare. Fleire store nedbørshendingar i bratt terreng tilseier auka fare for flaumskred. Utvasking, snauhogst og skogbrann kan også føre til skredfare på nye stader.
Klima- og sårbarhetsanalysar for bygningar i Noreg
Direktoratet for byggkvalitet har fått gjennomført klima- og sårbarheitsanalysar for bygningar i Noreg (SINTEF Byggforsk). Desse analysane gjev fylkesvise oversikter for havnivåstiging, årsmiddeltemperatur, årsnedbør, sesongnedbør, våt vinternedbør, risiko for råteskadar og snølast kombinert med våt vinternedbør.
Analysane er baserte på den førre Klima i Norge-rapporten frå 2009, og kan gje nyttig informasjon om korleis klimaet påverkar det bygde miljøet:
Innleiing
Kapittel 4 tek føre seg flaumprosessar og opplyser om tryggleiksnivået som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.
Vidare gjev kapittelet informasjon om flaumkartlegging og kva sikringstiltak som kan vere aktuelle i flaumutsette område.
4.1. Flaumprosessar
Med flaum meiner vi her overfløyming ved auka vassføring og vasstand i elvar, bekkar og vatn som følgje av stor nedbør og/eller snøsmelting, og oppdemming som følgje av isgang eller skred.
Faren for skade ved flaum vil variere med vassdjupn og fart, og om det er erosjon og massetransport i vassdraget.
Erosjon er ein framskridande prosess der tryggleiksnivået ikkje kan oppgjevast som gjentaksintervall, slik som for flaum. Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon.
I store sakteflytande elvar vil det fyrst og fremst vere fare for materielle skadar ved overfløyming. Kombinasjonen av mykje regn og kraftig snøsmelting kan gje svært store flaumar, men vil utvikle seg gradvis slik at det er tid til å evakuere.
I små, og særleg i bratte vassdrag, vil flaumen utvikle seg raskare. Intense og kraftige byer kan gje stor vassføring i små elvar og bekkar, der nedbørfeltet er lite og responsen er rask. I nokre tilfelle kan vatnet brått ta nye vegar utanfor det etablerte elveløpet, særleg dersom det er innsnevringar som følgje av bruer eller kulvertar. I vassdrag som går gjennom lausmassar, vil vatnet grave i elveskråningane, transportere massane nedover vassdraget, og setje av massane der vassdraget flatar ut og straumen minkar. Flaum med svært stor masseføring i eit bratt vassdrag kallar vi flaumskred, og det kan medføre fare for menneskeliv.
4.2. Tryggleik mot flaum
Krava til tryggleik mot flaum er gjevne i byggteknisk forskrift TEK10 § 7-2. Føresegnene gjeld tryggleik mot sakteveksande flaumar som normalt ikkje medfører fare for menneskeliv. For typar av flaumar som kan medføre fare for tap av menneskeliv, gjeld krava for skred som er skildra i TEK10 § 7-3.
Føresegna i § 7-2 gjeld også for stormflod. Stormflod omtalt i kapittel 5.
Nokre byggverk skal ikkje plasserast i flaumutsette område
Det følgjer av TEK10 § 7-2 fyrste ledd at byggverk der konsekvensane av ein flaum vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet, ikkje skal plasserast i flaumutsett område.
Kravet kan berre tilfredsstillast ved å plassere byggverket flaumsikkert, det vil seie at det ikkje er ei løyving å sikre eller tilpasse tiltaket slik at det toler overfløyming. Bakgrunnen er at dei spesielle tiltaka som denne føresegna gjeld for, må fungere også under flaum, eller at flaumskadar kan gje livsfarleg ureining.
Kravet gjeld byggverk som er nasjonalt eller regionalt viktige for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar o.l. Kravet gjeld vidare byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta. Dette er verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff.
Byggverk i flaumutsett område er oppdelt i tre tryggleiksklassar
Ved plassering av byggverk i flaumutsette område er det definert tre tryggleiksklassar med ulike flaumstorleikar (oppgjevne med gjentaksintervall), F1, F2 og F3. Kva for ein tryggleiksklasse ulike typar byggverk tilhøyrer, er avhengig av konsekvensane ved overfløyming. Konsekvensane er igjen avhengige av kva funksjonar byggverka har og/eller kostnadene ved skadar.
Tryggleikskrava i TEK10 § 7-2 andre ledd kan ein oppnå anten
-
ved å plassere byggverket utanfor flaumutsett område,
-
ved å sikre det mot overfløyming eller
-
ved å dimensjonere og konstruere byggverket slik at det det toler belastningane og ein unngår skadar .
Der det er praktisk mogleg, bør ein velje det fyrste alternativet, dvs. plassere byggverket utanfor området som blir fløymt over ved flaum med det aktuelle gjentaksintervallet.

Korleis definerer ein flaumfaren?
Tryggleik mot flaum blir regulert ved tryggleiksklassar med utgangspunkt i største nominelle årlege sannsyn. Flaumstorleikar blir gjerne oppgjevne med eit tal på års gjentaksintervall. Gjentaksintervallet seier kor ofte ein flaum eller ei stormflod av same storleik opptrer i gjennomsnitt over ei lang årrekkje. Ein flaum med gjentaksintervall på 200 år, også kalla 200-årsflaum, opptrer i gjennomsnitt kvart 200. år. Kvart år er sannsynet for 200-årsflaum lik 1/200, det vil seie 0,5 %. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 200-årsflaumar med kort tids mellomrom. Berekning av gjentaksintervall for flaum er basert på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand.
Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme
Tabellen nedanfor viser døme på byggverk som er knytte til TEK10 § 7-2 første og andre ledd.
For tilbygg og bruksendring følgjer det av § 7-2 femte ledd at nokon mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse F1, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum. For at tiltaket skal kunne plasserast i F1 skal tiltaket blant anna ikkje føre til redusert persontryggleik og heller ikkje etablering av ny brukseining. Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor.
Tryggleiksklasse F1
gjeld tiltak der overfløyming har liten konsekvens. Dette omfattar byggverk med lite personopphald og små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.
Tryggleiksklasse F2
gjeld tiltak der overfløyming har middels konsekvens. Dette omfattar dei fleste byggverk berekna for personopphald. Dei økonomiske konsekvensane ved skadar på byggverket kan vere store, men kritiske samfunnsfunksjonar blir ikkje sette ut av spel.
I delar av flaumutsette område kan det vere større fare enn elles. I flaumutsette område der det under flaum vil vere stor djupn eller sterk straum, bør det vere same tryggleiksnivå som tryggleiksklasse F3. Dette gjeld område der djupna er større enn 2 m og der produktet av djupn og vassfart (i m/s) er større enn 2 m 2/s.
Tryggleiksklasse F3
gjeld tiltak der overfløyming har stor konsekvens. Dette omfattar byggverk for sårbare samfunnsfunksjonar og byggverk der overfløyming kan ureine omgjevnadene mykje.
Føresegna i § 7-2 fyrste ledd omfattar tiltak der konsekvensen av ein flaum er særleg stor. Slike tiltak skal ikkje plasserast i flaumutsett område.
Tabell 4.2. Eksempler på byggverk som er knyttet til TEK10 § 7-2 første og annet ledd
Tryggleiksklasse for flaum | Konsekvens | Største nominelle årlege sannsyn | Retningsgjevande døme |
---|---|---|---|
F1 |
liten |
1/20 |
garasje |
lagerbygning med lite personopphald |
|||
F2 |
middels |
1/200 |
bustad |
fritidsbustad |
|||
campinghytte |
|||
garasjeanlegg |
|||
brakkerigg |
|||
skule |
|||
barnehage |
|||
kontorbygning |
|||
industribygg |
|||
driftsbygning I landbruket som ikkje inngår i F1 |
|||
F3 |
stor |
1/1000 |
byggverk for særleg sårbare grupper av befolkninga, til dømes sjukeheim og liknande |
byggverk som skal fungere i lokale beredskapssituasjonar, til dømes sjukehus, brannstasjon, politistasjon, sivilforsvarsanlegg og infrastruktur som er viktig for samfunnet. For byggverk som er regionalt eller nasjonalt viktige i beredskapssituasjonar, gjeld § 7-2 fyrste ledd. |
|||
avfallsdeponi der overfløyming kan gje ureiningsfare. For deponi som er omfatta av storulukkeforskrifta, gjeld § 7-2 fyrste ledd. |
|||
§ 7-2 fyrste ledd |
særlig stor |
byggverk som er viktige nasjonalt eller regionalt for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regionale/nasjonale beredskapsinstitusjonar o.l. |
|
byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta (verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff). |
Byggverk skal plasserast eller sikrast slik at det ikkje oppstår skade ved erosjon
Byggverk må leggjast i sikker avstand frå erosjonsutsett skråning, eventuelt må skråninga sikrast mot erosjon. Meir informasjon om erosjon er gjeven i rettleiinga til TEK10.
4.3. Flaumkartlegging
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd flaumsonekart for dei mest skadeutsette strekningane i Noreg. Karta viser kva område som blir overfløymde ved ulike gjentaksintervall. Det er også oppgjeve vasstand for ulike tverrprofilar, og ein tryggleiksmargin som skal leggjast til ved planlegging av nye byggverk. Flaumsonekarta er baserte på historiske observasjonar og måling av vassføring og/eller vasstand. For vassdrag med utløp i sjø er stormflod lagd inn i analysen. Karta er produserte på digital form slik at brukarane kan nytte dataa i eigne verktøy. Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVEs kartkatalog.
Flaumsonekarta gjev verdifull informasjon for å dokumentere at tryggleikskrava for flaum er oppfylte. I tillegg kan karta brukast som grunnlag for sikringstiltak, flaumvarsling og beredskapsplanlegging.
Ved mistanke om flaumfare der det ikkje er utarbeidd flaumsonekart, må det hentast inn nødvendig kompetanse til å utgreie flaumfaren. I kapittel 11 Roller og ansvar i denne rettleiinga blir det gjort greie for kven som har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane.
4.4. Sikringstiltak
Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for flaum er større enn minstekravet i forskrifta, er at ein gjennomfører risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av byggverk. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av flaumvatn mot byggverk til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.
Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot flaum, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.
Byggverk som i kraft av funksjonen sin må liggje i flaumutsette område, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under flaum. Tryggleiken for dammar og andre vassdragstiltak er regulert etter reglane i vassressurslova og tilhøyrande forskrifter.
Døme på sikringstiltak:
-
heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå
-
flaumvollar/flaumverk eller utvidingar av elveløp for å hindre overfløymingar
-
erosjonssikring av elvebreidder og -botn for å hindre utrasingar eller at elva tek seg nytt løp
-
sedimentasjonsbasseng for å fange opp lausmassar i elveløp på ein kontrollert måte
-
reguleringsmagasiner som held tilbake flaumvatn og dempar flaumtoppen
-
byggje uten kjellar
Innleiing
Kapittel 5 omtaler kort kva stormflod er, og gjev informasjon om kartlegging av stormflod. Kapittelet seier også litt om sikringstiltak og inneheld ein del lenkjer til andre nettsider som har meir informasjon om stormflod.
Krava til tryggleik mot flaum gjeld også for stormflod. I punkt 4.2 Tryggleik mot flaum i denne rettleiinga er desse føresegnene omtalte.
5.1. Kva er stormflod?
Den vasstanden vi observerer, består av astronomisk tidevatn og bidrag frå vêret til vasstanden.
Astronomisk tidevatn er dei vasstandsendringane som kjem av tiltrekkingskreftene mellom jord, måne og sol. Dei er størst ved ny- og fullmåne, då ligg sola, månen og jorda på ei rett linje og dreg i same retning. Resultatet er ekstra høge høgvatn og låge lågvatn. Frå Vestlandet og nordover har vi dei største tidevassforskjellane eit par dagar etter ny- eller fullmåne, medan på Sørlandet og i Oslofjorden har vi dei største tidevassforskjellane to-tre dagar før ny- eller fullmåne. Periodane med ekstra store tidevassforskjellar kallar vi springperiodar.
Endringar i lufttrykk og i vind kan ha stor innverknad på vasstanden langs kysten. Lågt lufttrykk fører til høg vasstand, og kraftig pålandsvind vil presse vatn inn mot land slik at vi får høgare vasstand ved kysten. For norskekysten gjeld dette for det meste vind frå sør og vest.
Stormflod er eit omgrep som blir brukt når bidrag frå vêret til vasstanden er stort - slik at den totale vasstanden på éin stad blir ekstra høg. Frå Vestlandet og nordover må stort bidrag frå vêret falle saman med ein springperiode for at vi kallar det ei stormflod.
5.2. Tryggleik mot stormflod
For stormflod gjeld dei same tryggleiksnivåa som for flaum. Krava til tryggleik mot stormflod er gjevne i TEK10 § 7-2 fyrste og andre ledd. Desse føresegnene er omtalte i punkt 4.2. Tryggleik mot flaum i denne rettleiinga.
5.3. Kartlegging av stormflod
Kartverket har lange seriar med vasstandsmålingar, og desse er brukte til å berekne vasstandsnivå med ulike gjentaksintervall, det vil seie det havnivået som i gjennomsnitt vil overstigast éin gong i løpet av gjentaksintervallet (til dømes 200 år). Desse nivåa vil endre seg med tida som følgje av klimatisk havnivåstiging. Informasjon om tidevatn, offisielle vasstandsnivå og framskrivingar for havnivå er å finne på Kartverket si temaside for vasstand og havnivå og i rapporten Sea Level Change for Norway: Past and Present Observations and Projections to 2100.
I tillegg til sjølve vasstanden må ein også vurdere bølgjehøgder som kan opptre samstundes med stormfloda på den aktuelle staden. Det er bølgjekreftene som ved høge sjøvasstandar ofte gjev dei største skadane.
I DSB sin rettleiar Havnivåstigning og stormflo - samfunnssikkerhet i kommunal planlegging gjev dei råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstiging, stormflod og bølgjepåverknad.
5.4. Sikringstiltak
Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for stormflod er større enn minstekravet i forskrifta, er at det blir gjennomført risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av byggverk. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av stormflod mot byggverk til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.
Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot stormflod, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.
Byggverk som i kraft av funksjonen sin må liggje i område som kan bli utsette for stormflod, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under stormflod.
Døme på sikringstiltak:
-
molo som stormflodvern
-
heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå
-
byggje uten kjellar
Innleiing
Kapittel 6 tek føre seg ulike typar skred, som skred i fast fjell, lausmasseskred, snøskred og sørpeskred og kva tryggleiksnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.
Vidare gjev kapittelet informasjon om skredundersøkingar og skredkartlegging og kva sikringstiltak som kan vere aktuelle i skredutsette område.
6.1. Skredtypar
Eit skred vil innehalde stein, lausmassar eller snø, nokre gonger i kombinasjon, og ein større eller mindre del vatn. Døme på skred er steinsprang, steinskred, leirskred, kvikkleireskred, lausmasseskred, flaumskred, jordskred, snøskred og fjellskred.
Skred, og då særleg store fjellskred, kan føre til flodbølgjer og flaum i fjordar og vassdrag som kan få store konsekvensar for menneske og miljø. Det kan oppstå skadelege lufttrykkverknader frå store skred i bratt terreng.
Skred kan delast inn i:
-
skred i fast fjell
-
lausmasseskred
-
snøskred
-
sørpeskred
Skredtypane er kort omtalte nedanfor.
Skred i fast fjell
Steinsprang og steinskred
Eit steinsprang eller steinskred oppstår når éi eller fleire steinblokker losnar frå ei bratt fjellside og fell, sprett, rullar eller sklir nedover ei skråning til terrenget flatar ut. Steinskred og steinsprang losnar ofte i bratte fjellparti der hellinga på terrenget er større enn 40 til 45 gradar.
Omgrepet steinsprang blir brukt når det er eit lite volum (inntil nokre hundre kubikkmeter). Steinskred bruker vi når det er eit større volum (nokre få hundre til meir enn hundretusen kubikkmeter).
Fjellskred
Omgrepet fjellskred blir brukt om hendingar med svært store volum, frå tusenvis til millionar av kubikkmeter. Bratte fjellsider som har veikskapssoner og som sprekk opp, er over tid utsette for fjellskred. I Noreg er det fleire ustabile fjellparti som blir overvaka, til dømes Mannen og Åkneset.
Slike fjellparti forskyv seg sakte med fart frå berre nokre millimeter pr. år og opp til meter pr. år. Utviklinga kan likevel gå svært raskt i det siste stadiet. Under rørslene blir fjellet oppsprukke og oppdelt, og det kan danne seg sprekkar. Steinmassane vil etter kvart bli ytterlegare oppdelte og skredet kan få svært høg fart.
Eit fjellskred er større enn eit steinskred og har høgare mobilitet. Skredmassar i eit fjellskred kan oppføre seg som ein massestraum med lang rekkjevidd, medan steinmassar i eit steinskred fell til ro i sjølve skråninga eller i botnen av den.
Store fjellskred med påfølgjande flodbølgje
Store fjellskred har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane vi har hatt i Noreg, spesielt på Vestlandet. Dersom store fjellparti losnar frå fast fjell og styrtar med enorme krefter ned i fjordar eller innsjøar, vil det føre til store flodbølgjer. Skadar kan dermed også oppstå på stader langt unna skredet. Fare for store fjellskred med påfølgjande flodbølgje har vore knytt til område i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Troms.
Lausmasseskred
Omgrepet lausmassar bruker vi for alle typar massar som ligg over fast fjell. Lausmassar kan bestå av stein, grus, sand, silt og leire og jordsmonn med høgt innhald av organisk materiale (torv). Ofte blir lausmassane skildra med utgangspunkt i korleis dei vart danna, som til dømes marin leire, morene avsetningar, forvitringsmateriale, elveavsetningar og ur.
Lausmasseskred er fellesnemninga for alle skred i lausmassar. Denne gruppa kan delast inn i fire skredtypar:
-
jordskred
-
flaumskred
-
leirskred
-
kvikkleireskred
Dei største skilnadene er knytte til kornstorleiken på lausmassane, terrengform og vassinnhald. Dette fører til ulikskapar i losneforhold, utløysingsmekanismar, rørsle, utløpsdistanse og avsetningsform.
Jordskred
Jordskred er raske utglidingar og rørsle av vassmetta lausmassar i bratte skråningar, utanfor definerte vassvegar. Hellinga må normalt vere brattare enn 25-30°. Menneskelege inngrep, som hogst og vegar som endrar dreneringsforholda, kan auke faren for jordskred.
Flaumskred
Flaumskred er hurtige, flaumliknande skred som opptrer langs elve- og bekkeløp, også der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar, større steinblokker, tre og annan vegetasjon i og langs løpet.
Leirskred
Leire består av ørsmå partiklar, mindre enn 0,002 mm, som er danna gjennom forvitring eller knuse- og slipeprosessar i naturen. Partiklane blir vaska vekk av rennande vatn for så å bli sedimenterte i roleg vatn - både i ferskvatn og saltvatn.
Naturlege leirskråningar vil i dei fleste tilfelle ha lite sikring mot skred. Mindre skred og utglidingar kan derfor utløysast ved små endringar i skråningshøgd, skråningshelling eller grunnvasstand.
Den vanlegaste forma for leirskred er grunne overflateglidingar. Leirskred i form av innsynking i overkant av skråning og utgliding i underkant, er også ganske vanleg. Slike skred vil normalt ikkje forplante seg bakover i vesentleg grad. Denne skredforma er typisk for skred som ikkje ligg i kvikkleireområde.

Skred i leireskråningar som ikkje er kvikk, er vanlegvis avgrensa i omfang og konsekvens, men kan vere alvorlege dersom dei kjem nær infrastruktur og byggverk
Kvikkleireskred
Kvikkleire oppstår i marint avsett leire, det vil seie leire som under og rett etter siste istid vart avsett i saltvatn og som deretter har stige over havnivå. Saltvatnet førte til at partiklane vart sedimenterte med ei porøs oppbygging, omtrent som ein korthusstruktur, der holromma (porene) vart fylte med saltvatn. Saltinnhaldet gav sterke bindingskrefter og med det ein sterk konstruksjon. Over mange år har ferskvatn vaska bort mykje av saltet. Når saltinnhaldet kjem under eit visst nivå, blir bindingane svekte, korthusstrukturen ustabil, og det kan dannast kvikkleire.
Kvikkleire mister den faste forma og blir flytande når ho blir omrørt. Når ho får liggje uforstyrra, kan ho vere svært fast.
Kvikkleire kan opptre i større eller mindre område under den marine grensa. Ved tiltak i eller på terrenget kan leira bli flytande, og skred kan forplante seg raskt, også over store avstandar. Typisk for kvikkleireskred er at eit mindre initialskred utløyser eit større skred bakover og til sidene. Etter raset vil partiklane danne ein tettare struktur som gjer leira mykje fastare. Slik leire kan aldri meir bli kvikk.
Snøskred
Snøskred er ei plutseleg flytting av store mengder snø nedover ei fjellside eller en skråning. Snøskred blir vanlegvis utløyst der terrenget har helling mellom 30° og 50°. Dei fleste snøskred oppstår på grunn av naturlege forhold, men nokre blir utløyste av menneske som beveger seg i terrenget.
Snøskred blir gjerne delte inni to hovudgrupper: laussnøskred og flakskred. Begge desse skredtypane kan delast basert på vassinnhaldet; tørrsnøskred og våtsnøskred.
Sørpeskred
Sørpeskred er hurtige, flaumliknande skred av vassmetta snø. Sørpeskred følgjer ofte senkingar i terrenget og oppstår når det er dårleg drenering i grunnen, til dømes på grunn av tele og is. Sørpeskred kan gå i ganske flatt terreng. Skredmassane har høg tettleik, og sjølv skred med lite volum kan gjere stor skade.
6.2. Tryggleik mot skred
Krava til tryggleik mot skred er gjevne i byggteknisk forskrift (TEK10) § 7-3. Krava gjeld alle typar skred. Føresegnene gjeld også sekundærverknader av skred, til dømes flodbølgjer og flaum. For tryggleik mot kvikkleireskred er det i rettleiinga til TEK10 § 7-3 skildra ein eigen prosedyre for berekning av tryggleik.
Nokre byggverk skal ikkje plasserast i skredfarlege område
Nokre byggverk skal ikkje plasserast i skredfarlege område jf. byggteknisk forskrift (TEK10) § 7-3 fyrste ledd. Dette gjeld byggverk der konsekvensane av ei skredhending, medrekna sekundærverknader, vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet. Kravet gjeld for alle typar skred, også kvikkleireskred. Kravet kan berre tilfredsstillast ved å plassere byggverket utanfor skredfarleg område, dvs. at det ikkje er ei løysing å sikre byggverket mot skred. Føremålet med føresegna er at nokre spesielle byggverk må fungere ved store skredulukker, eller at eit skred kan gje livsfarleg ureining, jf. tabell 6.2 nedanfor.
Byggverk i skredfarlege område er delte opp i tre tryggleiksklassar
Det er definert tre tryggleiksklassar for skred jf. TEK10 § 7-3 andre ledd, sjå tabell 6.2 nedanfor. Tryggleiksklassane er delte inn etter sannsyn for skred og konsekvens ved skred. Føresegna skal vareta både tryggleik for menneskeliv og for materielle verdiar.
Tryggleikskrava kan oppfyllast anten ved å:
-
plassere byggverket utanfor området som har større skredfare enn TEK10 tillèt for det aktuelle byggverket, eller
-
utføre sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal slik at kravet i TEK10 blir oppfylt, eller
-
dimensjonere og konstruere byggverket slik at det toler belastningane eit skred kan medføre.
Der det er praktisk mogleg, bør ein velje å plassere byggverket utanfor det skredfarlege området.
Korleis blir skredfaren definert?
Skredfaren blir som regel oppgjeven med årleg sannsyn for skred. Gjentaksintervall blir ofte brukt i samband med skred som gjentek seg, til dømes snøskred. Eit snøskred med gjentaksintervall på 1000 år, ofte kalla 1000-årsskred, har eit årleg sannsyn på 1/ 1000, det vil seie 0,1 %. Dette utelukkar ikkje at ein kan få to 1000-årsskred med kort tids mellomrom.
Sannsynet for at eit byggverk skal rammast av skred, er avhengig av sannsynet for at eit skred skal losne, sannsynleg skredløp og utløpsdistanse. Det lèt seg ikkje gjere å berekne skredsannsynet eksakt, og TEK10 oppgjev derfor krav til nominelt årleg sannsyn. Nominelt sannsyn er ein forventa verdi der ein i tillegg til teoretiske berekningsmetodar bruker fagleg skjønn. I område som kan utsetjast for fleire typar skred, er det det samla nominelle årlege sannsynet for skred som skal leggjast til grunn.
Sannsynet uttrykkjer det årlege sannsynet for skredskadar av eit visst omfang, dvs. skred med intensitet som kan medføre fare for liv og helse og/eller større materielle skadar. Dette inneber at ein for dei fleste skredtypar kan redusere utløpsområdet i forhold til det maksimale utløpet til skred med det aktuelle sannsynet.
I fjellsider og skråningar der skred kan opptre tilfeldig langs fjellsida, må ein sjå sannsynet for skred i samanheng med breidda på skredet og utstrekninga av det utsette området. Nominelt sannsyn for skred er definert som sannsyn for skred pr. einingsbreidd på 30 m på tvers av skredretninga når tomtebreidda ikkje er fastlagt.
For kvikkleireskred er det uråd å gradere skredfare etter sannsyn. Det er derfor i rettleiinga til TEK10 skildra ein eigen prosedyre for korleis ein kan oppnå tilfredsstillende tryggleik mot kvikkleireskred etter TEK10 § 7-3 andre ledd. Du kan lese meir om kvikkleireskred her.
Oversikt over tryggleiksklassane og retningsgjevande døme
Føresegna i TEK10 § 7-3 andre ledd oppgjev tre tryggleiksklassar for skred. Tabellen nedanfor viser døme på byggverk som er knytte til TEK10 § 7-3 første og andre ledd.
For tilbygg og bruksending følgjer det av § 7-3 tredje ledd at nokon mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse S2 eller S3 for skred. For at tiltaket skal kunne plasserast i S1 skal tiltaket blant anna ha liten konsekvens for persontryggleiken og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. Slike tilbygg og bruksendringar går ikkje fram av tabellen nedanfor.
Tryggleiksklasse S1 omfattar tiltak der eit skred vil ha liten konsekvens. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar, og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.
Tryggleiksklasse S2 omfattar tiltak der eit skred vil gje middels konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar og/eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.
For bygningar som høyrer til tryggleiksklasse S2, kan kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal reduserast til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S1 (1/100). Dette fordi eksponeringstida for personar og dermed faren for liv og helse normalt vil vere vesentleg lågare utanfor bygningane.
Tryggleiksklasse S3 omfattar tiltak der eit skred vil føre til store konsekvensar. Dette kan eksempelvis vere byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar og/eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar.
For bygningar som høyrer til tryggleiksklasse S3, kan det vurderast å redusere kravet til tryggleik for tilhøyrande uteareal til tryggleiksnivået som er oppgjeve for tryggleiksklasse S2 (1/1000), dersom dette vil gje tilfredsstillande tryggleik for tilhøyrande uteareal. Moment som må vurderast i denne samanhengen, er blant anna eksponeringstida for personar og talet på personar som oppheld seg på utearealet.
Føresegna i § 7-3 fyrste ledd omfattar tiltak der skred vil ha særleg stor konsekvens. Dette gjeld byggverk der konsekvensane av ei skredhending, medrekna sekundærverknader, vil vere særleg store og gje uakseptable konsekvensar for samfunnet. Slike byggverk skal ikkje plasserast i skredfarleg område.
Tabell 6.2. Døme på byggverk som er knytte til § 7-3 fyrste og andre ledd
Tryggleiksklasse for skred | Konsekvens | Største nominelle årlege sannsyn | Retningsgjevande døme |
---|---|---|---|
S1 |
liten |
1/100 |
garasje |
uthus |
|||
båtnaust |
|||
mindre bryggjer |
|||
lagerbygning med lite personopphald |
|||
S2 |
middels |
1/1000 |
einebustad |
tomannsbustad |
|||
einbustader i kjede/rekkjehus/ bustadblokk/fritidsbustad med maksimum 10 bueiningar |
|||
arbeids- og publikumsbygg/ brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar |
|||
driftsbygning i landbruket |
|||
parkeringshus og hamneanlegg |
|||
S3 |
stor |
1/5000 |
einebustader i kjede/rekkjehus/ bustadblokk/fritidsbustad med meir enn 10 bueiningar |
arbeids- og publikumsbygg/ brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar |
|||
skule |
|||
barnehage |
|||
sjukeheim |
|||
lokal beredskapsinstitusjon |
|||
§ 7-3 fyrste ledd |
særleg stor |
bygningar som er nasjonalt eller regionalt viktige for beredskap og krisehandtering, slik som regionsjukehus, regional/nasjonal beredskapsinstitusjon og liknande. |
|
byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta (verksemder med anlegg der det blir framstilt, brukt, handtert eller lagra farlege stoff). |
|||
Når det gjeld fjellskred med påfølgjande flodbølgje der persontryggleik er vareteken og vilkåra i TEK10 § 7-4 er oppfylte, vil likevel føresegna eksempelvis omfatte:
|
Tilfredsstillande tryggleik mot kvikkleireskred
Det spesielle med arbeid ved kvikkleireførekomstar, er at konsekvensane av arbeida i stor grad kan gå ut over andre. Om eit tiltak aukar faren for kvikkleireskred, aukar det ikkje berre faren for at det ein sjølv byggjer, skal bli teke av skred, men også faren for at andre byggverk innanfor faresona kan bli ramma av skred.
Kvikkleireskred opptrer som ei eingongshending. Kravet til tryggleik i TEK10 § 7-3 gjeld også for denne faretypen, men i praksis vil det vere uråd å slå fast sannsynet for kvikkleireskred. Derfor er tryggleiksklassane i § 7-3 andre ledd ikkje så godt eigna. I rettleiinga til TEK10 § 7-3 er det skildra ein eigen prosedyre for korleis ein kan oppnå tilfredsstillande tryggleik mot kvikkleireskred etter TEK10 § 7-3 andre ledd. § 7-3 tabell 1 i rettleiinga til TEK10 gjev preaksepterte ytingar for tryggleik mot kvikkleireskred (områdestabilitet).
For meir informasjon om kvikkleire og kvikkleireskred og for vurdering og prosjektering av tryggleik og utgreiing av områdestabilitet, sjå prosedyren skildra i rettleiinga til TEK10 kap. § 7-3 og NVE sin rettleiar 7-2014 Sikkerhet mot kvikkleireskred - Vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging og utbygging i områder med kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper .
Kravet i § 7-3 fyrste ledd om at nokre byggverk ikkje kan plasserast i skredfarleg område, gjeld også ved utbygging i kvikkleireområde.

6.3. Skredundersøkingar og skredkartlegging
Der det kan vere tvil om det ligg føre fare for skred, skal person(ar) med dokumentert kompetanse gjennomføre skredtekniske analysar og berekningar.
For å dokumentere at tryggleiksnivået i TEK10 er oppfylt, gjev skredkart verdifull informasjon. Informasjonen frå slike kart kan vurderast opp mot tryggleikskravet for aktuelle bygningar. Dersom kartlegginga viser at sannsynet for ei hending er større enn det som er gjeve i TEK10, må kommunen gje avslag på byggjesøknaden eller be om meir dokumentasjon på at tryggleiken likevel er vareteken.
Det finst tre kategoriar kart som blir brukte i samband med arealplanlegging og byggjesaksbehandling; aktsemdskart, faresonekart og faregradskart-kvikkleire. I tillegg blir ustabile fjellparti i Noreg kartlagde gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for store fjellskred.
Karta er tilgjengelege som WMS-teneste og for nedlasting, sjå detaljar i NVEs kartkatalog. Karta er også tilgjengelege på NVE Atlas og NVE Skrednett. Dei kan også lastast ned på NVEs nedlastingsløysing for geodata (gammel versjon).
Aktsomhetskart for skred
Aktsemdskart er grove oversiktskart som er meinte å gje ein fyrste indikasjon på mogleg skredfare. Karta viser potensielle losne- og utløpsområde, men seier ikkje noko om sannsynet for skred. Aktsemdskart bør brukast saman med lokalkunnskap for identifisering av fare på kommuneplannivå. Dei landsdekkjande karta er utarbeidde av Noregs Geologiske Undersøking (NGU) på oppdrag frå NVE.
Det finst i dag fire typar aktsemdskart:
-
Aktsemdskart for steinsprang
Det landsdekkjande kartet viser område der ein må utvise aktsemd for steinsprang. Desse karta er utarbeidde av NGU i 2009. For meir informasjon og nedlasting av kartdata, sjå NVE sine nettsider.
-
Aktsemdskart for snøskred
Aktsemdskartet viser potensielle losne- og utløpsområde for snøskred. Kartet er utarbeidd av NGU i 2010. For meir informasjon og nedlasting, sjå NVE sine nettsider.
-
Aktsemdskart for jord- og flaumskred
Karta viser område med potensiell fare for jord- og flaumskred. Kartet dekkjer skredtypane jordskred og små og mellomstore flaumskred. Kartet er utarbeidd i 2014. For meir informasjon og nedlasting, sjå NVE sine nettsider.
-
Aktsemdskartfor snø- og steinskred
For delar av landet finst det eldre aktsemdskart for stein- og snøskred frå Noregs Geotekniske Institutt (NGI) som er utarbeidd over fleire tiår. Karta er i tillegg til modellering baserte på enkle feltsynfaringar i område med byggverk der lokale terrengforhold, skogdekke og andre lokale forhold er vurderte. For område som er dekte av NGIs kart kan desse brukast i staden for det landsdekkjande kartet for snøskred.
6.4. Sikringstiltak
Byggverk som er regulerte av tryggleikskrava i § 7-3 andre ledd, kan plasserast i område der sannsynet for skred er større enn minstekravet i forskrifta. Føresetnaden er at det blir gjennomført sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal, til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.
Sikringstiltak blir gjennomførte anten i samband med ny utbygging for å vareta krava til tryggleik i TEK10, eller for å betre tryggleiken for eldre byggverk .
Sikringstiltak kan delast i tre grupper:
-
Tiltak i utløysingsområdet: Tiltak som skal hindre at skred blir utløyste
-
Tiltak i skredløpet: Tiltak som skal leie skredet bort frå utsett område og eventuelt redusere utløpslengda til skredet
-
Tiltak i utløpsområdet: Tiltak som skal stoppe, bremse eller på annan måte hindre skred i å nå bygningar, vegar eller liknande. Sjølve bygningane kan dimensjonerast til å tole krefter frå skred dersom skredlastene ikkje er for store. Maksimal skredlast bør ikkje vere større enn anslagsvis 50 kPa - 60 kPa.
Døme på skredsikring er:
-
snøskredgjerde, fjellboltar og nett for å hindre at skred blir utløyste
-
avleiing av overvatn eller drenering for å redusere sannsynet for lausmasse- eller fjellskred
-
fangnett, bremse-, lede- eller ffangvollar som skal hindre at skredmassar når område der dei kan gjere skade
-
motfylling i skråningsfot, utslaking/avlasting eller armering for å stabilisere lausmasseskråningar
Skog kan bidra til å hindre utløysing av snøskred, stoppe steinsprang og redusere jordskredfare. Bevaring av skog og riktig skogskjøtsel er viktig for skredførebygging i bratt terreng, og kan samstundes gje miljøvinst.
Innleiing
Kapittel 7 omtaler kort kva radon er, gjev informasjon om krava til tryggleik mot radon og om kartlegging av radon. Det har også informasjon om kvar ein kan hente nyttig informasjon og rettleiing om temaet radon.
7.1. Om radon
Radon er ein usynleg og luktfri gass, og der det er radon i innelufta, aukar risikoen for lungekreft. Radongassen stammar frå uran som finst i berggrunn og jordsmonn. Byggjegrunnen er dermed den viktigaste radonkjelda for bygningar i Noreg. Den høgaste risikoen er knytt til alunskifer og alunskiferrik jord. Lokale grunnforhold er derfor avgjerande for mengda radon som kan trengje inn i ein bygning.
Radonproblematikk kan også vere knytt til tilkøyrd pukk, byggjemateriale med stein og hushaldsvatn frå borebrønnar. Det er utarbeidd ein nasjonal strategi knytt til radon, Strategi for å redusere radoneksponeringa i Noreg finn du her.
7.2. Tryggleik mot radon
Byggteknisk forskrift (TEK10) § 13-5 om radon stiller krav til bygningsmessig prosjektering og utføring i forhold til radonkonsentrasjon i innelufta. Det følgjer av § 13-5 fyrste ledd i TEK10 at bygning skal prosjekterast og utførast med radonførebyggjande tiltak slik at ein avgrensar innstrøyminga av radon frå grunn. Årsgjennomsnittet for radonkonsentrasjonen i inneluft skal ikkje overstige 200 Bq/m3.
Forskrifta set som minstekrav at bygningar som er berekna for varig opphald, både skal ha radonsperre mot grunnen og at det skal vere tilrettelagt for eigna tiltak i byggjegrunnen som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i inneluft overstig 100 Bq/m3. Desse minstekrava gjeld ikkje dersom det kan dokumenterast at dette er unødvendig for å tilfredsstille § 13-5 fyrste ledd.
Forhøgja radonfare som følgje av forhold i byggjegrunn vil normalt ikkje gjere eit område ubrukeleg. Det er mogleg å prosjektere eit byggverk med tilstrekkeleg tryggleik mot høge konsentrasjonar av radon i innelufta.
Tilkøyrde massar, som til dømes pukk, kan føre til radonproblem i bygningar som elles er bygd på problemfri grunn. Derfor bør ein etterspørje dokumentasjon på radium- /urankonsentrasjonar i tilkøyrde massar. Konsentrasjon av radium (Ra-226) i massane bør vere så låg som råd, og lågare enn 150 Bq/kg (becquerel per kilogram). For pukk tilsvarer dette 12 ppm uran (parts per million). Dersom ein legg massane over radonsperra bygningen har, er det særleg viktig at radium- og urankonsentrasjonen er låg. Radonkonsentrasjonen skal gå fram av produktdokumentasjonen for pukk og byggjemateriale. Grenseverdien for strålevernet er tilrådd å vere så låg som råd og under 150 Bq/m³.
Meir informasjon knytt til radon frå tilkøyrde massar kan du finne i StrålevernInfo frå Statens Strålevern om tilrådd grenseverdi for radon frå tilkjøurde massar under bygg.
Vi viser elles til tilvising 520.706 Sikring mot radon ved nybygging og 701.706 Tiltak mot radon i eksisterende bygninger frå SINTEF Byggforsk.
7.3. Kartlegging av radonfare
Noregs geologiske undersøking (NGU) og Statens Stålevern har utvikla eit nasjonalt aktsemdskart for radon. Karta er baserte på inneluftmålingar av radon og kunnskap om geologiske forhold. Dataa kan gje den enkelte kommunen grunnlag for ei fyrste vurdering av radonfare ved arealplanlegging og miljøretta helsevern.Interaktivt kart som viser aktsemdsområde for radon for den enkelte kommunen, er tilgjengeleg på NGUs hjemmeside.
7.4. Sikringstiltak
Tiltak mot radon frå grunnen kan delast i tre hovudgrupper:
-
tetting av konstruksjonen mot grunnen
-
forbetring av ventilasjon i bygning
-
ventilering av grunnen/trykkendring
Nye bygningar
For å avgrense innstrøyminga av radonhaldig luft frå byggjegrunnen vil førebyggjande tiltak som oftast vere av bygningsteknisk art. Det er vanskeleg å gjennomføre eigna tiltak etter at byggverket er oppført. Derfor skal normalt alle bygningar både utførast med radonsperre mot grunnen og leggjast til rette for eigna tiltak i byggjegrunn som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i inneluft overstig 100 Bq/m3. Døme på eigna bygningstekniske tiltak er å leggje radonmembran (radonsperre/tettesjikt mot grunnen), å installere god balansert ventilasjon og å montere radonbrønn i golv mot grunnen.
Eksisterande bygningar
Dersom radonmåling i eksisterande bygning avdekkjer radonkonsentrasjon over grenseverdiane, er det fornuftig å starte med enkle og rimelege tiltak, deretter måle radonkonsentrasjonen på nytt og eventuelt utføre nødvendige og meir omfattande tiltak.
Enkle tiltak for tetting av konstruksjonen mot grunnen kan vere pussing av eventuelt utett vegg mot terreng, tetting av hol/ sprekkar i betongkonstruksjon, tetting av fuger og sprekkar mellom ulike bygningsdelar og i støypeskøytar. Enkle tiltak for å auke ventilasjonen kan vere aktiv bruk av ventilar og/eller installere vifter.
Innleiing
Dette kapittelet omtaler kva krav til tryggleik mot naturpåkjenningar som gjeld for eksisterande byggverk som ligg innanfor eit fareområde. Desse krava gjeld for arbeid som er omfatta av verkeområdet for plan- og bygningslova.
Alminneleg vedlikehald er ikkje omfatta av plan- og bygningslova, og kan gjerast uavhengig av krava til tryggleik mot naturpåkjenningar.
8.1. Krava til tryggleik er dei same som for nybygg
Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar ved utviding og ved endring av eksisterande bygningar er dei same som for nybygg.
Det vil seie at arbeid på eit eksisterande bygg ikkje kan gjennomførast der flaum og skred kan skje oftare enn det dagens lov og forskrift aksepterer for nybygg. Ny kunnskap og nye kartleggingar har medført at vi i dag har større kunnskap om fareområde. Vidare er krava til tryggleik mot naturpåkjenningar relativt nye i forhold til mykje av den eksisterande bygningsmassen. Mange eldre bygg er derfor lovleg plasserte i område der vi i dag ikkje ville ha tillate å setje dei opp.
I praksis kan dette innebere at bygg som alt ligg i eit fareområde, ikkje kan bli utvida eller ombygd fordi krava i dag til tryggleik mot flaum og skred ikkje er oppfylte. Dersom det skal utførast arbeid som ikkje er i tråd med krava i dag, vil det krevje dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19, eige løyve til å fråvike forskrifta etter pbl. § 31-2 om tiltak på eksisterande byggverk.
Også ved oppattbygging etter brann eller annan skade gjeld same krav til tryggleik som for nybygg.
Alminneleg vedlikehald kan ein likevel gjere uavhengig av krav til tryggleik mot naturpåkjenningar. Alminneleg vedlikehald er ikkje omfatta av plan- og bygningslova.
Eit viktig føremål med regelverket er å forhindre farlege situasjonar i samanheng med byggjetiltak i fareområde. Omsynet til persontryggleiken er eit overordna prinsipp i regelverket. Balansegangen mellom omsynet til persontryggleiken og utsiktene lokalsamfunnet har til naturleg samfunnsutvikling, kan vere svært vanskeleg. Når eit område er kartlagt som eit fareområde, vil det oppstå situasjonar der regelverket gjer det vanskeleg, og i yttarste fall uråd, å tillate enkelte byggjetiltak fordi det ikkje ligg føre tilfredstillande tryggleik for menneskeliv. Dette kan lett oppfattast som urimeleg for dei som alt bur i området.
8.2. Er mogleg å gjere arbeid sjølv om bygningen ligg i eit fareområde?
Dersom eit bygg ligg i eit fareområde, vil det kunne krevje dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19, eller eige løyve etter plan- og bygningslova § 31-2 for å gjere arbeid på det. Dette gjeld der nominell årleg sannsyn for skred er større enn det som gjeld for tryggleiksklassen bygget er omfatta av.
§ 31-2 omhandlar tiltak på eksisterande bygg. Fjerde ledd i føresegna opnar for at kommunen kan gje løyve til bruksendring og nødvendig ombygging og rehabilitering i dei tilfella der det ikkje er mogleg å endre til gjeldande tekniske krav utan uforholdsmessige kostnader. Føresegna stiller som vilkår at bruksendringa eller ombygginga er forsvarleg og nødvendig for å sikre føremålstenleg bruk. Kommunen kan stille vilkår i løyvet.
Frå 1. januar 2016 er det innført nytt femte ledd i TEK10 § 7-2 om tryggleik mot flaum og stormflod og nytt tredje ledd i TEK10 § 7-3 om tryggleik mot skred. Forskriftsendringane opnar for at nokre mindre tiltak på eksisterande byggverk er omfatta av tryggleiksklasse F1 for flaum og S1 for skred, sjølv om bygningen som skal bli utvida eller bruksendra er omfatta av tryggleiksklasse F2 eller F3 for flaum alternativt S2 eller S3 for skred. For flaum skal tiltaket blant anna ikkje føre til redusert persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. For skred skal tiltaket blant anna ha liten konsekvens for persontryggleik og heller ikkje omfatte etablering av ny brukseining. Forskriftsendringen omfattar ikkje tiltak som ligger innanfor områder med fare for kvikkleireskred.
Endringshistorikk 8
- 09.02.17 Henvisninga til departementets svar på førespurnad om tilbygg/utviding av bygningar som ligg i skredområde (brev til Tranøy kommune) er tatt ut av temarettleiinga. Dette er regulert i byggteknisk forskrift § 7-3 tredje ledd: TEK10 § 7-3. Sikkerhet mot skred
Innleiing
Dokumentasjonen i byggjesøknaden skal vise at tiltaket oppfyller krava i plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og krav til tryggleik i byggteknisk forskrift (TEK10), der det er aktuelt. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved byggjesøknaden når ein søkjer om byggjeløyve i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er avmerkte som omsynssoner i plan, område avmerkte på aktsemdskart, område der det er kjent fare, eller område som har ein topografi som tilseier risiko.
I dette kapittelet gjer vi greie for plikta til å utgreie tryggleiken byggjetomta har mot naturpåkjenningar, dokumentasjonsplikta ved byggjesøknad, krav til innhaldet i dokumentasjonen, og i tillegg litt om dokumentasjon for drift og vedlikehald av eventuelle sikringstiltak.
9.1. Utgreiings- og dokumentasjonsplikt ved byggjesøknad
Opplysning om eventuelle farar skal gjevast i søknaden. Opplysningane skal gjevast ved søknad om rammeløyve der søknaden er delt.
Det ligg føre ei dokumentasjonsplikt ved utbygging i fareområde. Dokumentasjonen skal stadfeste at det er tilstrekkeleg sikkert å tillate bygging ut frå naturfarane.
Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med saksbehandlinga. Kommunen skal i saksbehandlinga normalt leggje til grunn opplysningane frå tiltakshavar eller det ansvarlege føretaket om at tiltaket oppfyller tekniske krav, dersom ikkje forholda tilseier noko anna, jf. plan- og bygningslova § 21-4.
Det skal liggje ei kvalifisert vurdering til grunn for opplysningane som blir gjevne i søknaden. Der tryggleiken i utgangspunktet ikkje er tilfredsstillande, eller der det ligg føre uvisse om byggjetomta ligg i eit fareområde, skal dokumentasjonen sendast inn som ein del av byggjesøknaden. Dersom byggjetomta i utgangspunktet ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar, skal kompenserande tiltak skildrast i søknaden.
Kommunen er ikkje forventa å innhente fagkunnige fråsegner for å ta standpunkt til eventuelle sikringstiltak eller faglege avvegingar i dokumentasjonen som del av byggjesaksbehandlinga. Kommunen skal sjå til at utgreiingane og eventuelle sikringstiltak er tilfredsstillande dokumenterte. Ansvar for konkrete løysingar og sikringstiltak ligg til dei ansvarlege føretaka
Ved tilsyn kan kommunen gå nærare inn i dokumentasjonen og eventuelt overprøve vurderingane. Uansett om kommunen planlegg å føre tilsyn i desse sakene, bør det i fareområde vurderast å krevje uavhengig kontroll av prosjekteringa i forhold til pbl. § 28-1.
Radon skil seg ut i forhold til dei andre naturfarane. Radon skal varetakast i prosjektering og utføring for alle bygningar, uavhengig av om utbygginga skjer i eit område med særskilt radonfare. Dokumentasjon for radon skal ikkje sendast inn som ein del av søknaden. Sjå meir om radon i kapittel 7. Radon i denne rettleiinga.
9.2. Krav til dokumentasjonen
Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig. Dokumentasjon kan til dømes vere ein rapport eller fråsegn frå rådgjevande ingeniør eller arkitekt, eller frå spesialistar på dei ulike faretypane så som NVE, NGI, NGU eller andre relevante fagmiljø. Regelverket stiller ikkje konkrete kvalifikasjonskrav til den fagkunnige, anna enn der det er kravd ansvarsrett for prosjektering.
Regelverket inneheld ingen eksplisitte formkrav til dokumentasjonen som skal leggjast ved søknaden for å dokumentere at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar. Oppbygginga av og omfanget på dokumentasjonen vil variere, blant anna etter kompleksiteten ved tiltaket og den enkelte faretypen.
I tilfella der det er behov for prosjektering av kompenserande tiltak for at krav til tryggleik skal oppfyllast, vil ein krevje bruk av ansvarleg føretak for prosjekteringa. Ansvarleg prosjekterande må verifisere og dokumentere oppfylling av krav til tryggleik og dei valde løysingane i tråd med byggteknisk forskrift (TEK10) kapittel 2.
Dokumentasjonen skal leggjast ved søknad om rammeløyve. Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som er stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje blir plassert i fareområde og legg ved dokumentasjonen som vedlegg.
I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa underleggjast ansvarsrett. Byggjesaksforskrifta stiller kvalifikasjonskrav til føretak som skal ta på seg ansvarsrett. Både dokumentasjonen for tilstrekkeleg tryggleik og erklæring om ansvarsrett må leggjast ved rammesøknaden. Der prosjektering av geoteknikk ligg i tiltaksklasse 2 og 3, er det i tillegg krav om obligatorisk uavhengig kontroll av både prosjektering og utføring, jf. byggjesaksforskrifta (SAK10) § 14-2.
Krav til dokumentasjon i byggjesøknaden for tryggleik mot naturpåkjenningar |
Kva skal leggjast ved byggjesøknaden?Der utgreiinga viser at byggjetomta i seg sjølv er tilstrekkeleg sikker:
Der det er behov for sikringstiltak for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik:
|
9.3. Dokumentasjon for drift og vedlikehald av sikringstiltak
Dei fleste typar sikringstiltak treng vedlikehald for at dei skal vareta tryggleiken på lang sikt. Dette ansvaret kviler på eigar. Dersom eit byggverk og eit sikringstiltak skal fungere i heile levetida si, må dei som skal forvalte, drifte og vedlikehalde det, ha kunnskap om eigenskapane ved byggverket.
Ved ferdigattest skal det liggje føre tilstrekkeleg dokumentasjon for eigenskapane ved byggverket og byggjeprodukta som grunnlag for forvaltning, drift og vedlikehald av bygget (FDV-dokumentasjon). Føresegn om dette er gjeven i TEK10 § 4-1 om dokumentasjon for driftsfasen. FDV-dokumentasjonen vil også gjelde for etablerte sikringstiltak tilknytte byggverket, som til dømes tiltak for å avgrense radon i byggverket, eller eventuelle flaum- eller skredsikringstiltak.
Ansvarleg føretak har plikt til å utarbeide eller framskaffe nødvendig dokumentasjon for driftsfasen. Søkjar skal samle dokumentasjonen og overlevere denne til eigaren av byggverket mot kvittering seinast ved søknad om ferdigattest. Dette følgjer av SAK10 §§ 8-2, 12-2, 12-3 og 12-4. Ligg ikkje dette føre, er det grunnlag for avslag på søknad om ferdigattest.
Plan- og bygningslovgjevinga omfattar i hovudsak arealbruk og utbygging. Regelverket stiller fyrst og fremst tekniske krav til nybygging. Byggjesaka blir avslutta med ferdigattest. Driftsfasen blir regulert av ulike regelverk og i mindre grad direkte av plan- og bygningslovgjevinga. Det følgjer likevel klart av pbl. § 29-5 at alle tiltak skal prosjekterast og utførast slik at det ferdige tiltaket oppfyller krav til tryggleik, helse, miljø og berekraft, slik at ein varetek vern av liv og materielle verdiar, og at det skal sikrast at alle tiltak får ei forsvarleg og tilsikta levetid.
Plan og bygningsloven § 28-1 krev at det er etablert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur og miljøforhold før grunn kan byggjast på, eller eigedom opprettast eller endrast. Dersom eit sikringstiltak krev vedlikehald for at tryggleiksnivået skal haldast ved lag, må ei løysing som sikrar framtidig vedlikehald vere på plass før byggjeløyve kan gjevast.
Dei fleste typar sikringstiltak treng tilsyn og vedlikehald etter byggjefasen for at dei skal vareta tryggleiken på lang sikt. Det har eigar ansvaret for. Etter at bygg har skifta eigarar nokre gonger, er likevel eigarane ofte ikkje klar over ansvaret og dei kostnadene dette kan medføre. Særleg problematisk kan dette vere for sikringstiltak som ligg langt utanfor den eller dei aktuelle eigedomane, og gjerne på annan manns eigedom. Når sikringstiltak er ein føresetnad for å gje byggjeløyve på den aktuelle staden, bør det vurderast å gje vilkår som varetek denne føresetnaden som fungerer uavhengig av eigarskifte. Ei løysing kan vere tinglyste hefte på dei eigedomane det gjeld.
Innleiing
Undersøkingar i samband med regulering og utbygging i fareområde medfører ofte økonomiske kostnader.
I dette kapittelet omtaler vi kven som skal bere kostnaden ved utgreiing av tryggleik mot fare som følgje av naturforhold i arealplan og i byggjesak. Vidare gjer vi også greie for erstatningsordningane for naturskadar.
10.1. Finansiering av kartlegging og utgreiing av fareområder
Kostnadene til kartlegging og utgreiing av tryggleik mot naturpåkjenningar skal berast av den aktøren som har ansvaret for å kartleggje tryggleiken. Kven ansvaret ligg til, avheng av i kva for ein fase ein er i plan- og byggjesaksprosessane. Ansvar og roller gjer vi nærare greie for i kapittel 11 Roller og ansvar i denne rettleiinga.
Utarbeiding av arealplanar
I samband med utarbeiding av arealplanar bør kommunen syte for at det i nødvendig grad blir utført undersøkingar med sikte på å avdekkje område utsette for skred, flaum, kvikkleire, radon og andre farar. Vi viser til plan- og bygningslova (pbl.) § 4-3.
Kommunen har plikt å utarbeide arealdel til kommuneplanen, jf. pbl. kap. 11 om kommuneplan og det vil då liggje til kommunen å koste kartlegging og undersøkingar. Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå skal kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Det er ikkje krav om detaljkartlegging og markering av område med reell fare i kommuneplan. Potensielt fareområde skal merkjast av som omsynssone eller eventuelt faresone.
Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) jf. pbl kap. 12 om reguleringsplan skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i byggteknisk forskrift (TEK10). Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fareområde ligg til forslagsstillar. Forslagsstillar ber kostnadene.
I reguleringsplansamanheng står private ofte for utarbeiding av planane. Ved private planforslag er det private som ber kostnadene til utgreiing. Der kommunen utarbeider reguleringsplan, er det kommunen som kostar nødvendige utgreiingar. Ved utarbeiding av planar for utbygging, skal planmyndigheit sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført eller sjølv utføre slik analyse. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone jf. pbl. § 4-3 . Dersom kommunen sjølv skal stå for undersøkingane ved private planforslag, kan det vere aktuelt å krevje utgiftene dekte gjennom saksbehandlingsgebyret for det private planforslaget.
Byggjesak
Ved byggjesøknad skal søkjar alltid opplyse om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde, eksempelvis i omsynssoner eller område avmerkte på aktsemdskart, krev ein kartlegging og utgreiing av fagkunnig for å kunne stadfeste at tilstrekkeleg tryggleik etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og TEK10 ligg føre. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved søknaden. Dei økonomiske kostnadene til slik utgreiing ligg til tiltakshavar.
Dersom nødvendig dokumentasjon for at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik ikkje ligg ved byggjesøknaden, ligg det føre avslagsgrunn. Kommunen kan likevel gje tiltakshavar høve til å utgreie og dokumentere tryggleiken. Ved eit krav frå kommunen om at tryggleiken må dokumenterast, vil tiltakshavar alltid ha valet mellom å få gjennomført utgreiingar og undersøkingar, eller å skrinleggje prosjektet og trekkje søknaden. Dersom tilstrekkeleg tryggleik ikkje kan dokumenterast, skal kommunen gje avslag på søknaden.
10.2. Kva når skaden er skjedd, og det er behov for utbetring eller oppattbygging?
Når ein skade har skjedd, er det naturleg å vende seg til forsikringsselskapet sitt. Det er likevel viktig å vere merksam på at dei fleste forsikringsselskap føreset at bygningen er oppført i samsvar med tekniske krav. Krava til tryggleik har i stor grad lege på dagens nivå sidan 1987. For einebustader inneber det at dei ikkje skal vere plasserte i område som er utsette for eksempelvis flaum og skred, eller at dei skal vere dimensjonerte for å tole ein 200-årsflaum og eit 1000-årsskred. Nyare bygningar skal derfor normalt ikkje kome til skade. Dersom nyare bygningar likevel kjem til skade, kan det vere ein indikasjon på at byggteknisk forskrift (TEK10) ikkje var oppfylt. Manglande oppfylling av TEK10 vil kunne ha konsekvensar for eventuell forsikringsdekning.
Det er to ulike ordningar som kan dekkje ulike naturskadar – naturskadeforsikring (naturskadepoolen) og naturskadeerstatning (den statlege erstatningsordninga for naturskadar).
Naturskadeforsikring
Naturskadeforsikring er regulert av naturskadeforsikringslova (LOV-1989-06-16-70). Ting som er forsikra mot brannskade, er også forsikra mot naturskade som direkte kjem av naturulukke som skred, flaum, stormflod, jordskjelv og vulkanutbrot. Forsikring kan teiknast i ulike forsikringsselskap, og forsikring blir utbetalt frå Norsk naturskadepool. Det er eit øvre tak på forsikringsutbetaling frå poolen.
Naturskadeerstatning
Den statlege erstatningsordninga for naturskadar (tidlegare Naturskadefondet) blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Ein gjev erstatning ved naturskade som direkte kjem av naturulukke som skred, flaum, stormflod, jordskjelv og vulkanutbrot. Erstatning for naturskade blir berre utbetalt for skadar der kommersielle forsikringsselskap ikkje tilbyr forsikring. Det er ikkje tak på erstatningsbeløpet.
Naturskadeerstatning er regulert av naturskadelova. Ho vil bli erstatta av naturskadeerstatningslova (LOV-2014-08-15-59) som vert sett i kraft 01.07.2017.
Innleiing
I plan- og byggjesaksprosessane er det mange aktørar med ulike oppgåver, plikter og ansvar. Ansvaret til både kommunen og dei private varierer etter kvar i plan- og byggjesaksprosessen dei er, og etter kva rolle dei har. Kommunen har ulik rolle som planmyndigheit og bygningsmyndigheit, og det går også eit skilje mellom søknadsbehandling og tilsyn. Dei private har ulik rolle avhengig av om dei er forslagsstillar, utbyggjar, ansvarleg søkjar eller ansvarleg prosjekterande mv.
I dette kapittelet gjer vi greie for kven som har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Vi gjer også greie for aktørane sine ulike roller ved arealplanlegging og byggjesak. Vidare gjer vi greie for kva kartleggingar og utgreiingar som skal underleggjast ansvarsrett.
11.1. Kven har hovudansvaret for å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar?
Kommunen har både som planmyndigheit og bygningsmyndigheit eit ansvar for å bidra til at det berre blir bygt i område som er tilstrekkeleg sikre mot naturfarar. Dette skal varetakast både i kommuneplan, i reguleringsplan og i den enkelte byggjesaka.
Hovudansvaret for å utgreie om det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik for utbygging, ligg likevel til den som fremjar arealplan eller byggjesøknad. Normalt ligg derfor ansvaret for å utgreie tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, til den som fremjar plan for utbygging eller søknad om tiltak.

Det blir utført eit stort kartleggingsarbeid i statleg regi av både skred- og flaumutsette område. Sentral aktør i dette arbeidet er NVE, som har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innanfor førebygging av flaumskadar og skredulukker.
Tryggleikskrava i byggteknisk forskrift (TEK10) gjeld det enkelte nybygget, men er også førande for kva eit område kan regulerast til. Kommunen skal som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS- analyse) for planområdet, eller sjølv utføre slik analyse.
Byggjesaksbehandlinga tek utgangspunkt i byggjeinitiativet frå tiltakshavar, og det er utbyggjar som må utgreie og stadfeste at det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- og miljøforhold i søknaden. Utbyggjarsida må opplyse saka tilstrekkeleg og dokumentere at tiltaket det blir søkt om, er innanfor regelverket.
Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. Det kan takast utgangspunkt i søknadstype når roller og ansvar skal skildrast.
For tiltak etter plan- og bygningslova (pbl.) § 20-3, jf. § 20-1 er det krav om bruk av ansvarlege føretak. I dei fleste byggjesaker er det derfor krav om bruk av ansvarlege føretak som oppfyller forskriftsfeste kvalifikasjonskrav. Tiltakshavar er då forplikta til å vidareføre ansvaret sitt til profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten. Føretak med ansvarsrett vil då normalt ha ansvar for tryggleik mot naturpåkjenningar.
For søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-4 og tiltak unnateke søknadsplikt jf. pbl. § 20-5 har tiltakshavar åleine ansvaret for tryggleik mot naturpåkjenningar mv.
11.2. Kommunens sine oppgåver
Arealplanar
Det er i fyrste rekkje ved behandling av arealplanar at kommunen har ansvar for at krava til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold, blir varetekne.
Kommunen har ansvar for at arealdelen i kommuneplanen blir utarbeidd og rullert. Utgreiingar i samband med utarbeiding av kommuneplan ligg til kommunen. Kjent fare, område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde som eksempelvis område markerte på aktsemdskart, bør generelt gå fram av rettsleg bindande planar. For område der det blir planlagt ny utbygging, skal kjent fare og område der det er kjent markert risiko og potensielle fareområde, merkjast av som fareomsynssone, og det skal gjevast reglar som varetek det omsynet sona viser. Det kan t.d. gjevast reglar om byggjeforbod, byggjegrenser eller sikringstiltak, eller om meir nøyaktige utgreiingar på neste plannivå. Skredutsette område kan eksempelvis ikkje setjast av som byggjeområde.
På reguleringsplannivå skal faresoner alltid visast med omsynssone i plankartet, uavhengig av underliggjande arealføremål. Flaumutsette område må ha reglar om byggjegrenser mot sjø eller vassdrag. Arealdelen i kommuneplanen kan setje plankrav, det vil seie krav om at det må liggje føre reguleringsplan før bygging kan skje. Dei omsyna og restriksjonane som er fastsette gjennom omsynssoner til arealdelen i kommuneplanen, skal leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplan. Omsynssoner kan også visast i reguleringsplan sjølv om dei ikkje er viste i kommuneplan.
Ved private planforslag skal kommunen som planmyndigheit sjå til at forslagsstillar har gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for planområdet. Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i byggteknisk forskrift (TEK10) . Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fare som følgje av naturforhold, ligg til forslagsstillar. Der kommunen sjølv utarbeider område- eller detaljregulering har kommunen ansvar for å kartleggje tryggleik mot fare som følgje av naturforhold og å innregulere og ta omsyn til fareområde. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i plan som omsynssone, jf. plan- og bygningslova (pbl.) §§ 11-8 og 12-6.
Byggjesak
Dersom fareområde eller område med vesentleg ulempe ikkje er tekne omsyn til eller går fram av arealplan, kan kommunen i medhald av pbl. § 28-1 treffe vedtak om avslag, vedtak med vilkår om særlege krav til byggjegrunn eller byggverk og uteareal eller vedtak om forbod mot å byggje. Alternativt kan det leggjast ned mellombels forbod mot tiltak etter pbl. § 28-1 for dei aktuelle områda. Dette utløyser reguleringsplikt.
Kommunen sine alternativ dersom fareområde ikkje går fram av arealplan |
|
Der det ikkje har skjedd hendingar som endrar situasjonen etter at planen vart vedteken, og det ikkje er kome ny kunnskap om naturfarar som kommunen er kjend med, vil kommunen si rolle i byggjesaksbehandlinga vere å sjå til at tiltaket er i samsvar med gjeldande plan.
Kommunen skal ta stilling til spørsmålet om tryggleik mot fare som følgje av naturforhold i søknadsbehandlinga, og får på den måten også eit høve til å formidle opplysningar om fare som kommunen er kjend med og som eventuelt ikkje er tekne omsyn til tidlegare i saksførebuinga.
I dei tilfella der det har skjedd faktiske hendingar eller der det ligg føre nye aktsemdskart eller annan ny kunnskap, må kommunen ta omsyn til dette i saksbehandlinga. Avhengig av forholda må kommunen vurdere om det skal gjevast avslag, om det skal krevjast dokumentasjon for ytterlegare undersøkingar, eller om tiltakshavar skal gjevast høve til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik ved hjelp av kompenserande tiltak. Kommunen kan ikkje gje løyve på vilkår av at det ligg føre fråsegn frå t.d. geoteknisk sakkunnig før deling eller igangsetjing. Løyve på vilkår vil ikkje innebere ei avklaring av dei tryggleiksomsyna som pbl. § 28-1 skal vareta.
Kommunen har plikt til å informere om naturfarar som er kjende, særleg der faren ikkje kjem fram av plangrunnlaget. Kommunen må formidle kjende opplysningar om grunn- og miljøforhold til utbyggjarane i saker der dette er relevant, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 11 og 17 om rettleiingsplikt. Formidling av opplysningar om farar bør skje på eit tidlegast mogleg tidspunkt i byggjeprosessen, t.d. i førehandskonferansen. Kommunen bør dokumentere at opplysningane er formidla i den enkelte saka. Det ligg føre fleire døme på at kommunar som har unnlate å formidle kjende opplysningar, er vortne kjende erstatningsansvarlege.
Der kommunen ikkje har kjennskap til om ei byggjetomt er tilstrekkeleg sikker, har kommunen ikkje plikt til å utgreie tryggleiken mot naturpåkjenningar nærare ved behandling av byggjesøknad. Dette er slege fast av Høgsterett i HR 2015-484. Ein kommune hadde gjeve byggjeløyve til oppføring av hytter i eit område som i ettertid viste seg å vere utsett for snøras. Utbyggjar meinte kommunen hadde handla aktlaust ved å gje byggjeløyve utan å utgreie rasfare. Kommunen vart frifunnen. Plikta til å utgreie tryggleik ligg på utbyggjarsida.
Kommunen har i utgangspunktet inga undersøkingsplikt om tiltaket det blir søkt om, er plassert trygt i forhold til naturfarar. Ein mistanke om manglande tryggleik gjev ikkje heimel for avslag, men bør utløyse krav om dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. I slike tilfelle vil det vere nødvendig med faglege undersøkingar, og denne undersøkingsplikta ligg på utbyggjarsida. Undersøkingar vil kunne vere del av oppgåvene til den prosjekterande. Der det ikkje blir skaffa fram dokumentasjon, vil pbl. 28-1 gje heimel for avslag, jf. også kapittel 2.6 Avslag i byggesak i denne rettleiinga.
Kommunen kan krevje uavhengig kontroll av denne delen av prosjekteringa , jf. byggesaksforskrifta (SAK10) § 14-3. Dette kan også gjerast i saker der det etter pbl. § 20-4 ikkje er krav om bruk av ansvarlege føretak, i byggjesaker med sjølvbyggjaransvar (SAK10 § 6-8) og for tiltak unnatekne søknadsplikt jf. pbl. § 20-5.
Søknad
Søknadspliktige tiltak med ansvarlege føretak
I søknaden skal det gjevast opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon for tiltaket. I søknaden skal det opplysast om byggverket skal plasserast i fareområde.
Dersom utbyggjar og kommunen vurderer faresituasjonen likt, er det sannsynlegvis tilstrekkeleg tryggleik mot til dømes skred eller flaum. Då er det i praksis inga utfordring når det gjeld oppgåve- eller ansvarsfordelinga.
Der kommunen er usikker eller har mistanke om at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot natur- eller miljøforhold og søknaden ikkje er vedlagd tilstrekkeleg dokumentasjon, skal kommunen etterspørje dokumentasjon frå fagkunnig. Behandling av søknaden vil avvente til søknaden er fullstendig.
Der søknaden er vedlagd dokumentasjon frå fagkunnig som konkluderer med at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre eller kan oppnåast ved kompenserande tiltak, skal kommunen normalt leggje denne til grunn, med mindre det er forhold i dokumentasjonen eller fagkompetansen som tilseier noko anna. Dersom kommunen er i tvil eller usamd med konklusjonen i den fagkunnige rapporten, bør han krevje uavhengig kontroll.
Der kommunen veit om ein konkret fare som det ikkje er teke høgd for i søknaden, vil kommunen ha plikt til å seie frå om denne. Resultatet av søknadsbehandlinga kan bli avslag, med påføring av faren som grunngjeving. I dei tilfella der det ikkje er openbert uforsvarleg å byggje, bør det opplysast om at det er høve til å fremje søknaden på nytt dersom tilstrekkeleg tryggleik kan dokumenterast. Dette vil avhenge av dei konkrete forholda på den aktuelle tomta, kor sannsynleg faren verkar og kva fare eller risiko det gjeld, kva slags byggjetiltak osv.
Dersom det i søknaden er kryssa av for at byggverket skal plasserast i område utsett for rasfare eller flaum, skal søknaden også innehalde dokumentasjon som viser at fare- eller ulempenivået likevel er akseptabelt. Om ikkje, ligg det føre avslagsgrunn. Dersom søknaden ikkje inneheld dokumentasjon, kan kommunen be om dokumentasjon for at tiltaket likevel er sikkert i forhold til farane.
I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, skal kommunen sjå til at søknaden er vedlagd erklæringar om ansvarsrett. Der prosjektering av geoteknikk er plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf SAK10 § 14-2. Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.
Søknadspliktige tiltak som tiltakshavar sjølv står for
I desse byggjesakene er det ikkje ein profesjonell ansvarleg søkjar. Tiltakshavar, som normalt er uprofesjonell, har derfor ikkje alltid kunnskap til å vurdere skredfare eller liknande. I desse sakene har derfor kommunen eit særleg ansvar for ikkje å la arbeid bli gjennomførte i område der kommunen kjenner til naturfare. I område der det er klårt at det ikkje er mogleg å prosjektere seg vekk frå ein fare, må kommunen avslå byggjesøknaden og gje melding om at tiltaket ikkje kan gjennomførast. Der det er uvisse om farenivået eller der ein reknar med at det er mogleg å prosjektere seg unna faren, bør kommunen informere om at tiltakshavar kan innhente fagkunnig bistand til å vurdere eventuelle sikringstiltak, og at prosjektering mv. vil vere nødvendig for at tiltaket eventuelt skal kunne utførast.
Typiske tilfelle der det er behov for å hente inn kompetanse til å utgreie tryggleik |
|
Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling
For tiltak som ikkje krev søknad og saksbehandling, har kommunen berre ei generell tilsynsrolle, jf. pbl. § 25-1 og SAK10 kap 15 . Dei materielle krava til tryggleik gjeld for unntaka i SAK10 § 4-1, og krava til tryggleik skal derfor vere oppfylte.
Unntak frå saksbehandling for visse tiltak som blir behandla etter anna lovverk
Vegar, tunnelar, kraftleidningar og andre tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3 , skal varetakast av regelverket for vedkomande sektorstyresmakt. Dei materielle krava til tryggleik gjeld for desse tiltaka også.
11.3. Tiltakshavar ansvar
Med tiltakshavar meiner vi primært eigar av eigedomen eller tiltaket - den som vil oppføre eller utføre eit tiltak.
Tiltakshavar har i utgangspunktet fullt ansvar for oppfylling av alle relevante krav for prosjektet sitt. I dei fleste byggjeprosjekt er det krav om bruk av ansvarlege føretak. Tiltakshavar er då forplikta til å hente inn profesjonelle føretak som tek på seg ansvarsrett direkte overfor bygningsmyndigheiten.
Tiltakshavar/føretaket skal skaffe seg kunnskap om naturfarane før søknaden blir fremja for kommunen. Dei kvalifikasjonskrava som blir stilte til ansvarleg føretak, skal sikre at føretaka har kvalifikasjonar og rutinar for sjølv å gjere seg kjende med det plangrunnlaget som gjeld for den aktuelle eigedomen og ta omsyn til aktsemdskart og alle relevante forhold, medrekna krav til tryggleik mot naturpåkjenningar etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 og byggteknisk forskrift (TEK10).
I dei seinare åra er det kome mykje ny kunnskap og gjort mange kartleggingar av naturfarar. Det er bl.a. utarbeidd aktsemdskart for store delar av Noreg. NVE sitt aktsemdskart for snøskred og aktsemdskart for steinsprang viser potensielle losne- og utløpsområde for skred. Karta er eit godt hjelpemiddel for vidare vurdering av skredfare. Vidare ligg det føre flaumsonekart for ei rekkje vassdragsstrekningar og aktsemdskart for jord- og flaumskred. Sjå farekart og databasar på NVE si nettside om farekart og databasar.
Område merkte av på aktsemdskart mv. må utgreiast nærare av fagkunnig før det eventuelt kan stadfestast at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Søkjar (tiltakshavar/ansvarleg søkjar) har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.
Søknad som tiltakshavar kan stå for sjølv
Tiltak etter pbl. § 20-4 krev ikkje bruk av ansvarlege føretak. Dette er eksempelvis søknad om deling av eigedom, søknad om oppføring av tilbygg inntil 50 m2 og garasje inntil 70 m2. Der tiltakshavar fremjar søknaden sjølv, tek tiltakshavar på seg ansvaret for at krava i pbl. § 28-1 med tilhøyrande føresegner i TEK10 er oppfylte. Tiltakshavar må sjølv vurdere krav til tryggleik og eventuelt hente inn fagkunnig bistand.
I byggjesaker som tiltakshavar står for, skal det i søknaden gjevast opp om byggverket skal plasserast i område med fare. Skjemaet inneheld spørsmål om byggverket skal plasserast i flaumutsett eller skredutsett område, og om det ligg føre andre natur- eller miljøforhold som inneber vesentleg ulempe. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved der søknaden gjeld utbygging i område som eksempelvis er merkte av i aktsemdskart.

Tiltak som er unnatekne søknadsplikt og saksbehandling
I desse sakene skjer det inga saksbehandling i kommunen. Byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 inneheld føresegner om kva slags tiltak som ikkje krev søknad, dvs. tiltak tiltakshavar kan oppføre sjølv. Dette vil eksempelvis kunne vere oppføring av garasje inntil 50 m2 eller mindre tiltak som mindre fyllingar og planeringar. Unntak frå saksbehandling føreset at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslovgjevinga, også medrekna samsvar med pbl. § 28-1 og TEK10.
Dei materielle krava til blant anna tryggleik er dei same for desse tiltaka som for dei søknadspliktige tiltaka. Det er tiltakshavar åleine som har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Også mindre tiltak kan medføre store konsekvensar. Eksempelvis har store kvikkleireskred vorte løyste ut av mindre utgraving og flytting av masse.
Det er eit vilkår for unntak frå søknadsplikt at tiltaket er i samsvar med føresegner gjevne i eller i medhald av plan- og bygningslova, eksempelvis plan og TEK10, og at krav til tryggleik er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom eit tiltak eksempelvis skal gjerast i eit område med kvikkleire, og den reelle faren for kvikkleireskred ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, vil krav til tryggleik stilte i TEK10, i utgangspunktet ikkje vere oppfylte. Tiltak i kvikkleireområde er derfor normalt ikkje unnatekne søknadsplikt.
Det skal liggje føre dokumentasjon frå fagkunnig når det skal byggjast i område med potensiell naturfare. Dette vil vere aktuelt blant anna i område som er merkte av som omsynssoner i plan, område merkte av på aktsemdskart, område der det er kjent fare eller område som har ein topografi som tilseier risiko.
Dokumentasjonsplikta og plikta til å kartleggje og utgreie tryggleik mot naturpåkjenningar ligg på utbyggjarsida. Kommunen skal i utgangspunktet ikkje utføre undersøkingar i samband med tiltaket.
Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, vil vilkår for unntak vere til stades, og tiltaket kan oppførast utan søknad og saksbehandling. Det vil vere naturleg å sende denne dokumentasjonen over til kommunen som dokumentasjon for at vilkår for unntak er oppfylte.
Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnig og kunne visast fram dersom kommunen etterspør han.
11.4. Dei ansvarlege foretaka sitt ansvar
I byggjesaker med ansvarlege føretak ligg det fyrst og fremst til ansvarleg prosjekterande å oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenning.
Det er ansvarleg søkjar og tiltakshavar som skriv under søknaden og føreslår plasseringa av tiltaket. Ansvarleg søkjar skal sjå til at forholdet til tryggleik mot naturpåkjenningar er tilstrekkeleg vareteke. I omsynssoner, område merkte av på aktsemdskart, område utanfor arealplan og område med kjent fare, må ansvarleg søkjar sjå til at tiltakshavar hentar inn relevant kompetanse til å utgreie tryggleiken, slik at søknaden kan stadfeste tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal leggjast ved rapporten frå den fagkunnige som dokumentasjon for tilstrekkeleg tryggleik. Søknaden skal også leggjast ved erklæringar om ansvarsrett der det er behov for å prosjektere eventuelle kompenserande tiltak. Ansvarleg søkjar har ei viktig rolle i å avdekkje behovet for nærare utgreiingar. I samband med dei undersøkingane ansvarleg søkjar gjer av plan, kartgrunnlag og aktsemdskart mv., vil ansvarleg søkjar avdekkje behov for fagkunnig vurdering av naturfarar.
Område merkte av på aktsemdskart mv., må utgreiast nærare av fagkunnig før ansvarleg søkjar eventuelt kan stadfeste i søknaden at tilstrekkeleg tryggleik ligg føre. Ved behov for særskilte faglege utgreiingar, eksempelvis fordi byggjetomta ligg innanfor eit område som er merkt av på aktsemdskart, må ansvarleg søkjar vidareformidle dette til tiltakshavar. Tiltakshavar må innhente fagkunnige utgreiingar før byggjesøknaden kan bli komplett. I søknaden skal det særskilt gjerast greie for om byggverket skal plasserast i område med fare. Tryggleiksklassen for byggverket skal også oppgjevast. Ansvarleg søkjar skal vidare sjå til at det finst ansvarsrett for heile tiltaket, og at nødvendige ansvarlege føretak kjem på plass.

Ansvarleg prosjekterande har ansvaret for at krava til tryggleik er oppfylte. Den prosjekteringa som blir gjort i samband med rammesøknaden, skal leggjast ansvar på då. Dette er særleg aktuelt i spørsmålet om tryggleik mot naturpåkjenning. Det er ansvarleg søkjar som skal syte for at alle prosjekteringsoppgåver er lagde ansvar på, også ved rammesøknad.
I tilfelle der byggjetomta i seg sjølv ikkje oppfyller krav til tryggleik og det er nødvendig å prosjektere kompenserande tiltak, vil prosjekteringa normalt plasserast i tiltaksklasse 2 eller 3.
Prosjektering av fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold ligg i tiltaksklasse 2 der metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla, og i tiltaksklasse 3 der metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla, jf. SAK10 § 9-4 .
Der prosjektering av geoteknikk blir plassert i tiltaksklasse 2 og 3, er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll, jf. SAK10 § 14-2 . Uavhengig kontroll omfattar både kontroll av prosjektering og utføring.
Figur 11.4b. Utdrag frå tabell med retningsgjevande døme for tiltaksklasseplassering, veiledning til SAK10 § 9-4 Oppdeling i tiltaksklassar.
Fagområde | Tiltaksklasse 1 | Tiltaksklasse 2 | Tiltaksklasse 3 |
---|---|---|---|
Geoteknikk Utarbeiding av grunndata og fundamentering med eventuelt sikringstiltak for bygg, anlegg eller konstruksjon. |
Småhus inntil 3 etasjar Andre byggverk inntil 2 etasjar med oversiktlege og enkle grunnforhold Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS- EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 1 |
Fundamentering av byggverk med 3-5 etasjar Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er godt utvikla. Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 +NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 2. |
Byggverk med fleire enn 5 etasjar Fundamentering på tomt med vanskelege grunnforhold. Metode for fastlegging av grunnforhold er lite utvikla. Fundamentering for anlegg og konstruksjonar som etter NS-EN 1990 + NA blir plasserte i pålitelegheitsklasse 3 og 4. |
11.5. Skal kartlegging og utgreiing leggjast ansvar på, og i så fall når?
Ved søknad om byggjeløyve skal det gjerast greie for om krava til tryggleik er oppfylte. Det blir kravd faglege kvalifikasjonar for å gjere ei slik utgreiing. Tiltakshavar eller ansvarleg søkjar har normalt ikkje slik kompetanse. Kompetansen må derfor hentast inn og dokumentasjon må leggjast ved, for at søknaden skal bli fullstendig. Ansvarleg søkjar har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.
Der kartlegginga og utgreiinga av tryggleiksnivået viser at byggjetomta i seg sjølv oppfyller dei krava som blir stilte til tryggleik, er det tilstrekkeleg at dokumentasjonen følgjer byggjesøknaden. Føretaket som har utgreidd tryggleiksnivået for byggjetomta, treng ikkje ansvarsrett. Ansvarleg søkjar stadfester i søknaden at tiltaket ikkje er plassert i fareområde, og legg ved dokumentasjonen som vedlegg.
I dei tilfella der det er behov for kompenserande tiltak for å oppfylle krava til tryggleik, vil kartlegginga av tryggleiksnivået for byggjetomta inngå som eit nødvendig grunnlag for prosjekteringa. Kartlegginga vil vere ein nødvendig føresetnad for å prosjektere kompenserande tiltak slik at byggverket skal kunne oppfylle krava til tryggleik. Forholda på byggjetomta og kompenserande tiltak vil samla bidra til at krava til tryggleik blir oppfylte. Prosjekteringa må byggje på dei vurderingane og konklusjonane som kjem fram av kartlegginga. Kartlegginga vil derfor vere eit nødvendig grunnlag for og del av prosjekteringa. I desse tilfella skal kartlegginga og prosjekteringa underleggjast ansvarsrett. Ansvarsrett må vere på plass ved søknad om rammeløyve, fordi vurderingane av tryggleik er nødvendig for at tryggleik kan stadfestast i søknaden og for at byggjeløyve skal kunne gjevast.
11.6. Klagerett
Dersom kommunen avslår ein søknad med grunngjeving at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik etter plan- og bygningslova (pbl.) § 28-1 , kan ein klage på avslaget på vanleg måte.
Dersom kommunen, utan å avslå, ber om ytterlegare dokumentasjon av grunn- og/eller miljøforhold, er dette ei prosessleiande avgjerd som ein ikkje kan klage på.
