Enklare reglar for bygging i område med overvaka fjellparti
Regjeringa foreslår enklare reglar for bygging i område som kan bli ramma av fjellskred. Endringane vil særleg ha betydning for lokalsamfunn i Troms, Vestland og Møre og Romsdal. Målet er at lokalsamfunn skal kunne utvikle seg, samstundes som tryggleiken blir ivaretatt.
Pressemelding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 18. november 2026.
– Vi vil gjere det enklare å utvikle lokalsamfunn i område som er utsett for fare frå overvaka fjellparti. Det er ikkje snakk om å lempe på tryggleiken. Dette handlar om at folk skal kunne bu, arbeide og skape verdiar i desse områda når overvaking og system for varsling og evakuering er på plass, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Med dagens reglar må ein setje i gong ein ny planprosess berre ein skal bygge eit hus, eller endre bruken av eit eksisterande bygg. Mange kommunar meiner at dette er til hinder for å oppretthalde busetting og lokalt næringsliv.
– Det er ein svært stor administrativ byrde å leggje på kommunane, særleg dei aller minste. Vi foreslår derfor å fjerne vilkåret om at utbygginga må vere avklart i ein arealplan. Då kan kommunane bruke mindre tid og ressursar på sjølve prosessen og kome i gang med fleire byggeprosjekt i dei utsette områda – utan at det skal gå utover tryggleiken for folka som bur der, seier Skjæran.
Dagens reglar gjer utvikling vanskeleg
Byggteknisk forskrift (TEK17) stiller krav om at både personar og bygg skal sikrast mot naturfarar. I dag er 10 fjellparti under kontinuerleg overvaking av NVE, og 24 fjellparti er under periodisk overvaking. I 2009 blei det innført eit unntak frå dei vanlege tryggleiksreglane for bygging ved fjellparti som NVE overvakar.
Fordi overvakinga til NVE gjorde det mogleg å varsle og evakuere menneske i tide, blei det på visse vilkår tillat å bygge, sjølv om bygningane ikkje kunne sikrast mot å bli øydelagde. Erfaringane med unntaksføresegna viser at ho ikkje fungerer etter hensikta.
– Vi har eit unntak frå dei vanlege tryggleikskrava nettopp for å gjere det mogleg å oppretthalde og utvikle lokalsamfunn. Når kommunane seier at reglane er så krevjande å praktisere at dei ikkje blir brukt, oppnår vi ikkje målet vårt, seier Skjæran.
Gjeld særleg kommunane i Troms, Vestland og Møre og Romsdal
Det er i hovudsak kommunar i Troms, Vestland og Møre og Romsdal som vert påverka av unntaksreglane.
Forslaget som blir sendt på høyring, bygger på arbeidet til ei arbeidsgruppe med representantar frå Direktoratet for byggkvalitet (DiBK), NVE og Direkoratet for samsunnsikkerheit og beredskap (DSB). Dei har gjennomgått krava til tryggleik mot naturfarar.
Målet er å gjere regelverket enklare å forstå og bruke. Det vil samstundes framleis vere ein klar føresetnad at persontryggleiken er ivaretatt. I tillegg vil unntaket framleis berre gjelde der det er nødvendig å oppretthalde eller utvikle lokalsamfunn.
Svar på høyringa
Høyringsfristen er 18.02.2027
Høyringa ligg på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet
(Husbanken – Bolig- og bygningsdirektoratet frå 1. januar 2027).