Kortreist badeglede

Boblebad, badestamp eller symjebasseng: Kva kan du gjere i eigen hage og når må du søkje kommunen om lov?

Sist endret 22.03.2024
Badestamp. Foto Mostphotos
Det er fleire krav til sikring når du vil hyggje deg med eigen badeplass. Dette har du som eigar ansvar for. Foto: Mostphotos

Du treng vanlegvis ikkje å søkje hos kommunen for å setje opp eit boblebad eller ein badestamp utandørs, på eiga tomt. Det same gjeld for mindre, prefabrikkerte symjebasseng som du set rett på bakken. Dette unntaket frå søknadsplikt føreset at stampen eller bassenget ikkje blir kopla til vatn og avløp, eller du kan kople til vatn og avløp utan å leggje ny stikkleidning til hovudleidningsnettet.

Søkje kommunen, snakke med naboen

Ein god tommelfingerregel er at du sjekkar føresegner for området du bur, eksempelvis kan det vere spesielle reglar i 100-meterbeltet mot sjø.

- Eit tradisjonelt, nedgrave symjebasseng, vil alltid vere søknadspliktig. Det inneber ein full søknadsprosess, med nabovarsel. Før du startar planlegginga, bør du undersøkje om kommuneplanar og reguleringsplanar kan setje avgrensingar for kva du kan gjere, seier direktør Per-Arne Horne i Direktoratet for byggkvalitet.

Horne minner òg om at sjølv om boblebasseng og badestampar normalt ikkje er søknadspliktige og avstandskrav ikkje gjeld, kan det vere ein god ting å snakke med naboar om plassering. Det gjeld å finne gode løysingar som ikkje er til ulempe for dei rundt deg.

Sikring

Det er fleire krav til sikring når du vil hyggje deg med eigen badeplass. Dette har du som eigar ansvar for.

- Sikring er det aller viktigaste og eit ansvar alle bør ta på høgaste alvor, anten det dreier seg om ein mindre badestamp eller eit større basseng. Når desse ikkje er i bruk, skal barn ikkje kunne få tilgang eller falle i vatnet. Badestampar og boblebad skal òg stå støtt, slik at dei ikkje kan velte, seier Per-Arne Horne.