Brukarstøtte for kommunar

For å kunne bruke Nireg må kommunen sjølv opprette ein tilgang i KS’ Fiks-løysing for brukar- og tilgangsstyring.

Sist endret 15.12.2025

Kommunar kan opprette sjølvbetjent tilgang og brukarstyring til Nireg ved bruk av rollebeskrivingar. Fiks-plattforma gir kommunane høve til sjølv å styre kva som til kvar tid passar eiga verksemd. 

Slik får kommunen tilgang

Steg 1: Logg inn i Fiks-løysinga med ID-porten

https://forvaltning.fiks.ks.no/

Steg 2: Vel "konfigurasjon"

Steg 2 i prosessen med å gi kommunen tilgang

Steg 3: Vel organisasjon 

Steg 3 i prosessen med å gi kommunen tilgang

Viss brukaren kan representere fleire organisasjonar - vel kommunen som skal tildele innlogginga i Nireg

Steg 4: Vel Fiks tilgangsstyring for DiBK-tjenester

Steg 4: Vel Fiks tilgangsstyring for Dibk-tenester

Steg 5: Vel NIREG Nasjonalt installasjonsregister

Steg 5 i prosessen med å gi kommunen tilgang

Steg 6: Administrer brukarar for Nireg ved å leggje til eller å fjerne brukarar

Steg 6 i prosessen med å gi kommunen tilgang
Døme på korleis ein legg til ein brukar
Døme på korleis ein legg til ein brukar

Viss brukaren allereie er registert i Fiks, vil grensesnittet sjå litt annleis ut.

Har du spørsmål om bruk av Nireg?

Kommune med lokal bygningsstyresmakt

Kommunen får tilgang til alle bygningane til kommunen i Nireg. Kommunen registrerer ingen informasjon i registeret, men har tilgang til alle installerte løfteinnretningar i kommunen. Som den lokale bygningsstyresmakta kan kommunen mellom anna sjå når eigaren utførte siste periodiske tryggleikskontroll, og ved hjelp av listar følgje opp eigarar som ikkje har fått utført periodisk tryggleikskontroll i løpet av tidsfristen loven pålegg.