Slik er vi organiserte

Direktoratet for byggkvalitet har kontorer i Oslo og på Gjøvik.

Sist endret 08.04.2024
DiBK organisasjonskart_nynorsk 01.03.2024
Organisasjonskart for Direktoratet for byggkvalitet.

Leiing og organisering

Direktoratet blir leia av direktør Per-Arne Horne. Assisterande direktør er Hanne Kofstadmoen.

Leiargruppa består av:

  • Direktør Per-Arne Horne
  • Leiar av eininga for bærekraft og byggeregler, Hanne Kofstadmoen
  • Leiar av eininga for innovasjon og digital transformasjon, Kari Befring Bjørnstad
  • Leiar av avdelinga for sentral godkjenning, Steinar Andersen
  • Leiar av avdelinga for administrasjon og virksomhetsutvikling, Rune Melleby
  • Kommunikasjonssjef Karen Thommesen

Eininga for innovasjon og digital transformasjon jobbar for å forenkle og digitalisere regelverk og byggjesakprosessar. Eininga utviklar og driftar digitale tenester for byggjenæringa og kommunane, og hentar inn data, analyserer og legg til rette for innovasjon i byggjenæringa.

Eininga består av avdelinga for digital tenesteutvikling og avdelinga for digitale byggjereglar.

Eininga for berekraft og byggjereglar består av tre avdelingar. Avdelinga for byggkvalitet og tryggleik utviklar og formidlar regelverket slik at det bidreg til kvalitet og tryggleik. Avdelinga for klima, miljø og energi jobbar for ein grønare og meir klimatilpassa byggjenæring. Avdelinga for produkttilsyn og EØS-regelverk har ansvar for tilsyn med byggjevarer, og å vareta arbeidet på byggjevareområdet i EU/EØS-samanheng.

Avdelinga for sentral godkjenning administrerer den frivillige godkjenningsordninga og behandlar søknader og klagesaker. Avdelinga fører også tilsyn med sentralt godkjende føretak for å sørgje for at dei oppfyller fastsette vilkår som kvalifiserer for medlemskap. Den skal óg bidra til å vedlikehalde og oppdatere ordninga.

Avdelinga for administrasjon og verksemdsutvikling har ansvar for administrasjon, økonomi og IKT-forvalting i direktoratet, rekneskap, lønn, arkiv og personaladministrasjon. Koordinering og støtte til styring og kontroll, arbeidsplanlegging, leiingsfunksjonar og styringsdialog med departementet er også delar av verkeområdet til avdelinga. 

Kommunikasjonsstaben har redaktøransvaret for nettsidene og nyhendebreva til direktoratet. Staben driv kommunikasjonsfagleg rådgiving overfor fagavdelingane og planlegg og gjennomfører kommunikasjonstiltak i samarbeid med avdelingane. 

Tilsette

Listene under viser ansatte fordelt på avdeling.

  • Kommunikasjonsstab
  • Eininga for innovasjon og digital transformasjon
  • Eininga for berekraft og byggjereglar
  • Avdeling for sentral godkjenning
  • Avdeling for administrasjon og verksemdsutvikling