Smarte verktøy for å forstå plan betre
Drømmeplan og Planslurpen er døme på korleis digitalisering og kunstig intelligens kan gjere planprosessar meir tilgjengelege, effektive og forståelege – til nytte for både innbyggjarar og kommunar.
Drømmeplan er ei digital teneste som gir innbyggjarar høve til å søkje opp adressa si og få ei oversikt over kva reguleringsføresegner som gjeld for eigedommen deira.
Drømmeplan inkluderer informasjon om mellom anna:
- Grad av utnytting
- Byggjehøgder
- Tillatne tiltak som garasjar, buer, pergolaer og terrasseoverbygg
Alt blir presentert på ein lettfatteleg og visuell måte, slik at teknisk planinformasjon blir forståeleg for folk flest. Dette gir innbyggjarane større tryggleik og betre grunnlag for å planleggje tiltak på eigen eigedom.
Gevinstar for innbyggjarane og kommunane
For innbyggjarar og utbyggjarar bidrar Drømmeplan til
- enklare tilgang til informasjon fordi ein slepp å leite i kompliserte dokument
- meir føreseielegheit fordi ein får tydelege svar på kva som er tillate
- betre søknader fordi rett informasjon gir færre feil og raskare behandling
For kommunane bidrar Drømmeplan til
- effektivisering når behovet for manuell rettleiing minskar
- kommunen får færre mangelfulle søknader
- betre innbyggerdialolg fordi kommunen er meir tilgjengeleg og serviceorientert
- kvalitetsheving fordi digitalisering av reguleringsplanar gir betre oversikt og struktur
Planslurpen – motoren bak Drømmeplan
Planslurpen er ei løysing basert på kunstig intelligens og utvikla av Direktoratet for byggkvalitet. Den hentar ut reguleringsføresegner frå ustrukturerte dokument og gjer om dei til strukturerte data.
Dette gjer det mogleg å byggje digitale tenester som Drømmeplan. I første omgang kan kommunane bruke Planslurpen til effektivt å hente ut informasjon frå reguleringsplanen som skal publiserast i drøymeplan-format på web.