Klagenemnda for sentral godkjenning
Klagenemnda for sentral godkjenning er klageinstans for enkeltvedtak om sentral godkjenning.
Vedtak om sentral godkjenning kan klagast på av partar og andre med rettsleg klageinteresse. Dette kan vere vedtak om godkjenning, fornying, avslag på søknad om eller tilbaketrekking av sentral godkjenning. Klagenemnda er oppnemnd og behandlar saker med heimel i byggesaksforskriftens § 13-10.
Direktoratet for byggkvalitet er sekretariat for klagenemnda og førebur klagesaker. Om direktoratet finn grunnlag for å ta klagen til følgje, kan direktoratet sjølv fatte eit omgjøringsvedtak. Dersom direktoratet ikkje finn å kunne ta klagen til følgje og endre vedtaket, vil saken bli sendt Klagenemnda for sentral godkjenning for endeleg avgjerd. Føretaket vil få kopi av saksframlegget i forkant av møtet.
Ein kan ikkje klage på avgjerslene til klagenemnda, men ein kan forfølgje dei rettsleg ved domstolane og leggje dei fram for Sivilombudet.
Referat frå Klagenemndas møter med vedtak
Merk at klager direktoratet tar til følgje, ikkje blir sendt til klagenemnda. Dei går derfor ikkje frem av referata.
Medlemmene i nemnda
Klagenemnda består av sju medlemmer og varamedlemmer som blir nemnde opp av Kommunal- og moderniseringsdepartementet etter forslag frå aktuelle bransje- og brukarinteresser. Funksjonstida for medlemmer og varamedlemmer er tre år.
| MEDLEMMER I KLAGENEMNDA | ||||
|---|---|---|---|---|
Leder:
| Silje Alund Lødemel Statens Vegvesen | Nestleder:
| Per Christian Nordal Huseiernes landsforbund | |
| Representerer a) søkjarar og prosjekterande og b) kontrollerande: | ||||
Medlem:
| Lene Vedal Moore Moelven byggmodul | Vara:
| Tor-Christian Møglebust Hille Melbye Arkitekter | |
Medlem:
| Tuan Phan Multiconsult AS | Vara:
| Petter Thorvald Gaasnes Aar Sign Arkitektur | |
| Representerer arbeidsgivarsida hos utførande i bygg og anlegg: | ||||
Medlem:
| Paul Olaf Baraas Maskinentreprenørenes forbund | Vara:
| Rune Alnes Dyb Bygg 3 AS | |
| Representerer arbeidstakarsida hos utførande i bygg og anlegg: | ||||
Medlem:
| Hege Espe Fellesforbundet (LO) | Vara:
| Brit Ohma Mestergruppen | |
| Representerer brukarinteresser hos tiltakshavar: | ||||
Medlem:
| Anders Håvardstun BOB BBL | Vara:
| Kenneth Schie Center Takst og Prosjekt AS | |
| Representerer brukarinteresser i det offentlege: | ||||
Medlem:
| Ingelinn Sætre Plan- og bygningsetaten i Bergen kommune | Vara:
| Nora Marie Winther Statsbygg | |
Kontakt klagenemnda
Førespurnader til klagenemnda rettast til Direktoratet for byggkvalitet.
Vil du klage?
Du kan klage på eit vedtak som er gjort i saka di.