Energikrav i TEK10

Vedlegg

Vedlegg 1 Energikrava i TEK10 kap. 14

I Noreg har energikvalitetane til bygningar vore regulerte i mange år. Tidlegare omfatta dei talfesta energiføresegnene berre varmeiso­lering av bygningskroppen (klimaskjermen). I dag er krava skjerpa og regulerer ei rekkje forhold som påverkar bygningen sitt totale energibehov.

Det er relativt nytt at også bygget si energi­forsyning er regulert. Hovudregelen er at byg­get skal leggjast til rette slik at oppvarming av rom, inklu­dert oppvarming av ventilasjonsluft og tappevatn (varmtvatn), kan skje med anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisi­tet og/eller fossile brensler (olje, gass og para­fin) hos sluttbrukar.

I 2007 skjedde ei større skjerping av energikrava i byggteknisk forskrift (TEK10) som blant anna innebar høgare isolasjonsstandard, tettare bygg og betre vindauge. Desse krava hadde ein overgangsperiode fram til 1. august 2009.

Energikrava i TEK10 vart òg reviderte i 2010 med noko mindre endringar, med overgangsperiode fram til 1. juli 2011.

Det er etablert to alternative og likeverdige metodar for å dokumentere oppfylling av krav til energieffektivitet. Desse er presenterte nedanfor.

Energitiltaksmetoden

Krav til energieffektivitet er oppfylte dersom det kan visast at alle tiltaka lista i tabellen under er prosjekterte og/eller utførte.

Energitiltak i TEK10 § 14-3

  • Samla glas-, vindauge- og dørareal: maksi­malt 20 % av bygningen sitt oppvarma BRA
  • U-verdi yttervegg: 0,18 W/m²K
  • U-verdi tak: 0,13 W/m²K
  • U-verdi golv på grunn og mot det fri: 0,15 W/m²K
  • U-verdi glas/vindauge/dør: 1,2 W/m²K
  • Normalisert kuldebruverdi
    • 0,03 W/m²(BRA)K for småhus
    • 0,06 W/m²(BRA)K for andre bygningar
  • Lufttettleik:
    • 2,5 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad for småhus
    • 1,5 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad for andre bygningar
  • Bustadbygning: Gjenvinning av 70 % av varmen i ventilasjonslufta
  • Andre bygningar: Gjenvinning av 80 % av varmen i ventilasjonslufta
  • SFP faktor
    • 2,5kW/(m³/s) for bustadbygning
    • 2,0 kW/(m³/s) for andre bygningar
  • Tiltak som eliminerer bygningen sitt behov for lokalkjøling
  • Natt- og helgesenking av inne­temperatur

Energitiltak kan fråvikast etter nærare reglar.

Energirammer

Det andre alternativet for å dokumentere oppfylling av energi­krava i TEK10 § 14-2, er å gjennomføre ei kontroll­rekning som viser at samla netto energi­be­hov ikkje overstig fastsett energi­ramme, an­gitt i kWh/m² oppvarma BRA per år. Alle energi­postar skal inngå i kontroll­rekninga. Kontrollrekninga skal skje etter reglar fastsette i NS 3031.

Det skal nyttast faste og standardiserte verdiar for bruksavhengige data som inne­tempera­turar, driftstider, internvarme­tilskot, energibehov til varmtvatn, belysning og elek­trisk utstyr, og klimadata for Oslo (lands­gjennomsnitt). Verdiane finst i NS 3031. Ved utrekning av netto energibehov skal det ikkje takast omsyn til systemverknadsgrader og varme- eller kjølefaktorar for varme- og kjøle­anlegg.

Energirammer i TEK10 § 14-4 (kWh per m² oppvarma BRA per år):

  • Småhus: 120 + 1600/oppvarma BRA
  • Bustadblokk: 115
  • Barnehage: 140
  • Kontorbygg: 150
  • Skulebygg: 120
  • Universitet/høgskule: 160
  • Sjukehus: 300 (335)
  • Sjukeheim: 215 (250)
  • Hotell: 220
  • Idrettsbygg: 170
  • Forretningsbygg: 210
  • Kulturbygg: 165
  • Lett industri/verkstader: 175 (190)

Tala i parentes gjeld for areal der varmegjenvinning av ventilasjonsluft medfører risiko for spreiing av forureining/smitte. Ein bygning vil kunne bestå av areal med ulike bruksfunksjonar. Til dømes er det vanleg at nye forretningsbygg inneheld både ­areal til kontor og husvære, og kanskje òg lokale for ulike typar helsetenester m.m. Dette er verksemder med ulike driftsvilkår, og med ulike energi­rammer. I slike bygningar gjeld ramme­krava for bygningskategoriane tilsvarande for dei respektive areala. Det vil derfor vere naturleg å berekne dei ulike bruks­funksjonane som separate energisoner etter reglar gitt i NS 3031.

Bygningskategoriar som fell utanfor dei 13 defi­nerte kategoriane i forskrifta skal dokumen­terast som for den bygningskategorien som liknar mest på den aktuelle bygningen, eller etter energitiltaks­modellen.

Minstekrav

Minstekrava i forskrifta TEK10 § 14-5 er absolutte. Det er ikkje høve til å gjere det dårlegare enn minstekrava, uansett bruk av omfordeling mellom energitiltak eller ved utrekning av bygget sitt netto energibehov.

Minste­krava regulerer òg:

  • fritidsbustader mellom 50 m² og 150 m2 . For fritidsbustader over 150 m² gjeld same energikrav som til småhus. Fritids­bustader under 50 m² BRA er unnatekne frå energi­krava. U-verdiane gjeld som gjennomsnitt for dei ulike bygningsdelane.

  • bygningar med oppvarma BRA under 30 m²

Minstekrav (bygning) i TEK10 § 14-5 første ledd

  • U-verdi yttervegg: 0,22 W/m²K
  • U-verdi tak: 0,18 W/m²K
  • U-verdi golv på grunn og mot det fri: 0,18 W/m²K
  • U-verdi glas/vindauge/dør: 1,6 W/m²K
  • Lufttettleik: 3,0 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad

Krav til røyrisolasjon som minstekrav vart tekne inn i TEK10.

Det har òg komme til to nye minstekrav for alle bygningstypar utanom småhus. Det eine set eit maksimumskrav til glasareal multiplisert med U-verdi. Det andre set krav til solfaktor i glasarealet i fasade belasta av sol, for å unngå overoppheting og kjølebehov.

Energiforsyning

I TEK10 § 14-7 er det stilt krav om at bygning skal leggjast til rette for at ca. halvparten, og mini­mum 40 prosent, av energi­behovet til varmt­vatn og opp­varming av rom (inklu­dert opp­varming av ventilasjons­luft) kan dekkjast av anna energi­forsyning enn direkteverkande elektrisitet (panelomn, elektrokjele) og/eller fossile brensler hos slutt­brukar (olje, gass og parafin). Kravet er sett til 60 % for bygningar over 500 m2.

Typiske løysingar som kan nyttast til å oppfylle kravet vil vere fjernvarme, nær­varme, alle typar varmepumper, solfangar, biokjelar, bio­pel­letskamin eller vedomn.

For bustadbygningar kan krava ovanfor fråvikast der

  • hovudkravet fører til meirkostnader over bygget sitt livsløp. Dette betyr at det er høve til å rekne på privat­økonomisk lønsemd over bygget sitt livsløp gjen­nom å rekne ut noverdi for investering i ulike aktuelle varmesystem. Ein formel for no­verdi­betraktningar er gitt i rettleiaren til for­skrifta. Ved gjentatt påvist negativ noverdi for ulike alternativ til elektrisitet og/eller fossil opp­varming kan hovudkravet til energi­forsyning fråvikast.

  • bygningen sitt samla varmebehov er under 15000 kWh/ år

Dersom hovudkravet til energi­forsyning blir fråvike, skal bustadeiningar over 50 m² likevel ha skorstein og lukka eldstad for bruk av bio­brensel, for eksempel vedomn eller biopel­lets­kamin. Ein kan sjå bort frå dette tilleggskravet dersom bygninga held passivhusnivå.

Fjernvarme

Der det gjennom planføresegner er gitt tilknytingsplikt, skal bygget, uan­sett andre energiløysingar, ha varmesystem som kan nytte fjernvarme.