Reaksjonar
Ulike verkemiddel
Dersom det ved tilsyn blir påvist tilhøve som er i strid med regelverket, vil kommunen kunne halde tilbake mellombels bruksløyve eller ferdigattest til tilhøvet er retta. Kommunen kan òg krevje at det blir stilt tryggleik i form av bankgaranti for at attståande arbeid blir retta, jf. pbl. § 21-10.
Eit anna verkemiddel for å sikre kvalitet etter forskriftene i pågåande tiltak, er å krevje uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-3. Denne føresegna gir kommunen høve til å krevje uavhengig kontroll også innanfor område som ikkje følgjer av SAK10 § 14-2. Kommunen kan krevje uavhengig kontroll i nye byggjeprosjekt dersom tidlegare erfaring med eit føretak ikkje gir den nødvendige tilliten til at arbeidet vil bli gjennomført i medhald av plan- og bygningslovgivinga.
Kommunen kan vidare rette reaksjonar mot ansvarsretten i form av åtvaring eller tilbaketrekking av godkjenning. Åtvaring kan i utgangspunktet berre utferdast ved mindre alvorlege brot på plan- og bygningslovgivinga. Ansvarsretten kan trekkjast tilbake ved alvorlege brot på føresegnene, ved mangel på tillit og dugleik eller dersom kvalifikasjonskrava for godkjenning ikkje er oppfylte.
Sanksjonar etter pbl. kap. 32
Der kommunen ved tilsyn avdekkjer forhold i strid med plan- og bygningslovgivinga, skal tilsynet følgjast opp med sanksjonar etter pbl. kap. 32. Sanksjonar må stå i rimeleg forhold til brotet på føresegnene. Der regelbrotet er av mindre betydning, kan kommunen avstå frå å følgje opp forholdet vidare.
Plan- og bygningslova har til rådvelde ulike typar sanksjonar. Kommunen kan gi pålegg om retting eller stans av ulovlege forhold. Pålegget kan rettast til personar eller føretak som anten har ansvaret for regelbrotet eller er ansvarlege for tiltaket som eigar eller på annan måte. Kommunen skal setje frist for å oppfylle pålegget.
For å få gjennomført pålegget kan det utferdast tvangsmulkt. Dette bør gjerast samtidig med pålegget for å sikre gjennomføring innan fristen. Det er ein føresetnad for tvangsmulkt at pålegget er mogleg å gjennomføre. Dersom det ligg føre hinder for gjennomføring som ikkje skuldast den ansvarlege, kan ei utferda tvangsmulkt ikkje krevjast inn.
Dersom eit pålegg ikkje blir etterlevd, kan kommunen gi førelegg. Førelegg som blir vedteke har same verknad som rettskraftig dom og kan fullbyrdast etter reglane for dommar.
Som administrativ sanksjon kan kommunen gi den ansvarlege gebyr for brot på plan- og bygningslovgivinga. Gebyret kan utferdast ved forsettlege eller aktlause regelbrot og blir godskrive kommunen. Storleiken på gebyra avheng av karakteren av og alvoret i regelbrotet. Beløpsgrenser er fastsette i SAK10 kap. 16.
Forsettlege eller grovt aktlause brot på regelverket som er vesentlege kan straffeforfølgjast. Det er opp til kommunen å vurdere om ulovlege forhold skal meldast til politiet. Påtalemyndigheita tek stilling til om forholdet skal følgjast opp ved straffesak.
Ulike sanksjonar er nærare omtalte i Kommunal- og regionaldepartementets rundskriv H-3/01 Reaksjoner mot ulovligheter etter plan- og bygningsloven (under revisjon).