Energikrav i TEK10
HO-2/2013
2013-2015
1. Innleiing
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å etterleve regelverket, og vil verke førebyggjande på framtidige byggfeil. Kommunane er pålagde å føre tilsyn i eit slikt omfang at regelbrot blir avdekte, men står fritt til å vurdere metode og omfang ut frå eigen kompetanse- og ressurssituasjon.
I ein periode over to år frå 1. januar 2013 skal kommunane prioritere tilsyn med krav knytte til energibruk og universell utforming. Krava på desse områda er valde som prioriterte tilsynsområde fordi dei er nye eller krev ei viss omstilling. Dei nye fokusområda skal vere innarbeidde i kommunen sin tilsynsstrategi.
Denne rettleiaren skal medverke med praktisk hjelp når ein utøver tilsyn med oppfylling av krav til energieffektivitet og energiforsyning. Med utgangspunkt i dokumenttilsyn og byggjeplasstilsyn presenterer rettleiaren sjekklister som kan nyttast ved tilsynet eller danne grunnlag for å utarbeide eigne tilpassa sjekklister. For meir informasjon om tilsynsverksemd generelt, viser vi til veiledning om tilsyn som er tilgjengeleg på nettsidene våre.
Kommunane er pålagde å sende inn rapport som beskriv omfanget og resultatet av tilsynsaktiviteten til Direktoratet for byggkvalitet. Rettleiaren har i kapittel 6 eit oversyn over kva slag opplysningar som skal rapporterast inn ved utløpet av 2014. Desse vil samsvare med forhold som er beskrivne i sjekklistene. Det bør etablerast rutinar for rapportering før tilsyn blir sett i gang. Dette vil gjere rapporteringa enklare ved utgangen av rapporteringsperioden.
Ei beskriving av gjeldande energikrav etter TEK10 følgjer som vedlegg 1 til rettleiaren.
Kvifor tilsyn med energikrav
Tilsyn med at energiføresegnene i TEK10 blir etterlevde er svært viktig for å nå mål om redusert energibruk i landet sin bygningsmasse. Tilsynet er meint å ha ein preventiv effekt, men vil òg føre til betringar ved pålagt utbetring av dei avvika som blir avdekte.
Rapporteringa frå tilsynet (sjå kap. 6) vil gi eit bilete av korleis regelverket fungerer; det vil seie om det blir forstått og etterlevd. Resultatet frå rapporteringa vil gi grunnlag for å utbetre og utvikle regelverket vidare. Vi vil tilrå at det blir ført tilsyn med eit vidt spekter av bygningskategoriar og kravtypar. Dette vil gi informasjon om kva delar av næringa som har størst behov for rettleiing og tilrettelegging.
Vår tilråding er at tilsyn med prosjektering (dokumenttilsyn) blir lagt vekt på i byggjesaker som gjeld større næringsbygg, og at tilsyn med utføring (tilsyn på byggjeplass) blir prioritert ved bustadbygging.
I dei nye reglane for uavhengig kontroll står energikrava sentralt. Det vil likevel vere meiningsfullt å late tilsynet handle om dei same tema, då dette vil gi ein pekepinn på kor godt dei nye kontrollreglane fungerer.
Applikasjon for nettbrett
Innanfor mellom anna fagområda energi og universell utforming er det utvikla ein applikasjon til bruk i tilsynsarbeidet, sjå nærare informasjon her . Denne tilsynsapplikasjonen er særleg nyttig når ein er utanfor kommunekontora. Bruk av nettbrett vil medverke til å effektivisere planlegging og gjennomføring av tilsyn, lette saksbehandlinga og vere eit verdifullt hjelpemiddel når det skal skrivast rapport. Applikasjonen legg òg til rette for enklare rapportering til Direktoratet for byggkvalitet etter avslutta tilsynsperiode.
Reaksjonar
Ulike verkemiddel
Dersom det ved tilsyn blir påvist tilhøve som er i strid med regelverket, vil kommunen kunne halde tilbake mellombels bruksløyve eller ferdigattest til tilhøvet er retta. Kommunen kan òg krevje at det blir stilt tryggleik i form av bankgaranti for at attståande arbeid blir retta, jf. pbl. § 21-10.
Eit anna verkemiddel for å sikre kvalitet etter forskriftene i pågåande tiltak, er å krevje uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-3. Denne føresegna gir kommunen høve til å krevje uavhengig kontroll også innanfor område som ikkje følgjer av SAK10 § 14-2. Kommunen kan krevje uavhengig kontroll i nye byggjeprosjekt dersom tidlegare erfaring med eit føretak ikkje gir den nødvendige tilliten til at arbeidet vil bli gjennomført i medhald av plan- og bygningslovgivinga.
Kommunen kan vidare rette reaksjonar mot ansvarsretten i form av åtvaring eller tilbaketrekking av godkjenning. Åtvaring kan i utgangspunktet berre utferdast ved mindre alvorlege brot på plan- og bygningslovgivinga. Ansvarsretten kan trekkjast tilbake ved alvorlege brot på føresegnene, ved mangel på tillit og dugleik eller dersom kvalifikasjonskrava for godkjenning ikkje er oppfylte.
Sanksjonar etter pbl. kap. 32
Der kommunen ved tilsyn avdekkjer forhold i strid med plan- og bygningslovgivinga, skal tilsynet følgjast opp med sanksjonar etter pbl. kap. 32. Sanksjonar må stå i rimeleg forhold til brotet på føresegnene. Der regelbrotet er av mindre betydning, kan kommunen avstå frå å følgje opp forholdet vidare.
Plan- og bygningslova har til rådvelde ulike typar sanksjonar. Kommunen kan gi pålegg om retting eller stans av ulovlege forhold. Pålegget kan rettast til personar eller føretak som anten har ansvaret for regelbrotet eller er ansvarlege for tiltaket som eigar eller på annan måte. Kommunen skal setje frist for å oppfylle pålegget.
For å få gjennomført pålegget kan det utferdast tvangsmulkt. Dette bør gjerast samtidig med pålegget for å sikre gjennomføring innan fristen. Det er ein føresetnad for tvangsmulkt at pålegget er mogleg å gjennomføre. Dersom det ligg føre hinder for gjennomføring som ikkje skuldast den ansvarlege, kan ei utferda tvangsmulkt ikkje krevjast inn.
Dersom eit pålegg ikkje blir etterlevd, kan kommunen gi førelegg. Førelegg som blir vedteke har same verknad som rettskraftig dom og kan fullbyrdast etter reglane for dommar.
Som administrativ sanksjon kan kommunen gi den ansvarlege gebyr for brot på plan- og bygningslovgivinga. Gebyret kan utferdast ved forsettlege eller aktlause regelbrot og blir godskrive kommunen. Storleiken på gebyra avheng av karakteren av og alvoret i regelbrotet. Beløpsgrenser er fastsette i SAK10 kap. 16.
Forsettlege eller grovt aktlause brot på regelverket som er vesentlege kan straffeforfølgjast. Det er opp til kommunen å vurdere om ulovlege forhold skal meldast til politiet. Påtalemyndigheita tek stilling til om forholdet skal følgjast opp ved straffesak.
Ulike sanksjonar er nærare omtalte i Kommunal- og regionaldepartementets rundskriv H-3/01 Reaksjoner mot ulovligheter etter plan- og bygningsloven (under revisjon).
Sjekklister for bruk i tilsynsarbeidet
Nedanfor følgjer sjekklister for tilsyn med oppfylling av krav til energieffektivitet og energiforsyning. Innanfor kvart kravsområde er det eigne sjekklister for høvesvis dokumenttilsyn og tilsyn på byggjeplass. Sjekklista for dokumenttilsyn med krav til energieffektivitet er delt i to etter kva slag dokumentasjonstype som er valt; energitiltaksmetoden eller rammekravsmetoden.
Kommunen vel sjølv om den nyttar sjekklistene fullt ut eller berre konsentrerer seg om utvalte spørsmål.
Krav til energieffektivitet kan i prinsippet oppfyllast ved bruk av mange ulike løysingar og kombinasjonar av energitiltak i og med at det i ei viss utstrekning er tillate med omfordeling. Det kan derfor registrerast manglande oppfylling av spørsmåla som er føreslåtte utan at dette nødvendigvis er teikn på at forskriftskrav ikkje er oppfylte. I slike tilfelle vil nærare undersøkingar vere nødvendige. Ein del av spørsmåla vil derfor berre kunne nyttast for å spore forhold som gir mistanke om faktiske avvik.
Oppbygging av sjekklister
Følgjande tabell viser korleis sjekklistene er strukturerte:
Energikrav i TEK10 |
||||
Energieffektivitet |
Energiforsyning |
|||
Dokumenttilsyn |
Byggjeplasstilsyn |
Dokumenttilsyn |
Byggjeplasstilsyn |
Spørsmåla er delte i kategoriar som blir nytta ved rapportering. Rapportering er nærare omtalt under kapittel 6.
-
Hovudkrav energieffektivitet
-
Målereglar
-
Isolasjonsstandard golv, vegg og tak
-
Vindaugekvalitet
-
Kuldebruer
-
Tettleik
-
Kjølebehov
-
Fuktproblematikk
-
Energiforsyning
Sjekklistene i word-format kan bli lasta ned her:
- Sjekkliste for Energieffektivitet
- Sjekklistefor Energiforsyning
Sjekklister
Krav til energieffektivitet
(krav om at bygningen skal ha eit lågt energibehov)
Dokumenttilsyn |
|||||||
Spørsmål |
Kommentarar og illustrasjonar |
Heimel |
Avvik funne |
Avvik retta |
Merk- nader |
||
Dersom krav blir dokumentert oppfylte ved bruk av energitiltaksmetoden (TEK10 § 14-3) |
|||||||
1 |
Kan det skaffast dokumentasjon som viser at alle tiltaka er prosjekterte? |
Det er totalt 11 ulike tiltak; dei fleste tradisjonelle ENØK-tiltak: - Samla glas-, vindauge- og dørareal: maksimalt 20 % av bygningen sitt oppvarma BRA - U-verdi yttervegg: 0,18 W/m²K - U-verdi tak: 0,13 W/m²K - U-verdi golv på grunn og mot det fri: 0,15 W/m²K - U-verdi glas/vindauge/dør: 1,2 W/m²K - Normalisert kuldebruverdi
- Lufttettleik:
- Gjenvinning av ventilasjonslufta
- SFP faktor
- Tiltak som eliminerer bygningens behov for lokalkjøling - Natt- og helgesenking av innetemperatur |
TEK10 § 14-3 |
||||
1 |
Dersom nei: Kan det visast ved berekning at underoppfylling i eitt eller fleire tiltak er kompensert ved overoppfylling i andre tiltak? |
Typisk eksempel på underoppfylling kan vere at areal av dører/vindauge overstig 20 % av oppvarma BRA. Det er tillate med ei viss grad av omfordeling, under føresetnad av at minstekrav er overhaldne. Høvet til omfordeling er ytterlegare noko avgrensa for næringsbygg, for å unngå at langliva kvalitetar i bygningskroppen blir bytte ut med mindre robuste installasjonstekniske tiltak. |
TEK10 § 14-3 andre og tredje ledd TEK10 § 14-5 |
||||
Dersom krav til energieffektivitet blir dokumentert oppfylte ved rammekravsmetoden (TEK10 § 14-4) |
|||||||
1 |
Kan det visast utrekningar som syner standardisert netto energibehov for bygningen? |
Utrekningar skal vere utførte med utrekningsprogram basert på utrekningsmetodikk og standardiserte inndata (temperatur inne, temperatur ute, driftstider, internlaster med meir) gitt i NS 3031. |
TEK10 § 14-1 andre ledd |
||||
1 |
Er utrekna netto energibehov lågare enn rammekrav for aktuell bygningskategori? |
Netto energibehov skal givast i kWh/m 2 år. Be om utskrift av gjennomført kontrollutrekning. Utrekninga skal omfatte alle energipostar, dvs. bygningen sitt totale energibudsjett. Energipostane er lista i Tabell 5 i NS3031. Fleirfunksjonsbygg skal sonedelast. |
TEK10 § 14-4 |
||||
2 |
Er oppvarma BRA utrekna korrekt? |
BRA skal reknast som areal innanfor ytterveggene, utan fråtrekk for areal av innvendige vegger. Oppvarma areal er areal som er tilført varme frå bygningen sitt varmesystem, anten direkte frå varmelekamar eller via oppvarma ventilasjonsluft. |
TEK10 § 14-1 første ledd |
Krav til energieffektivitet
(krav om at bygningen skal ha eit lågt energibehov)
Tilsyn på byggjeplass |
||||||
Spørsmål |
Kommentarar og illustrasjonar |
Heimel |
Avvik funne |
Avvik retta |
Merk- nader |
|
1 |
Er produksjons- |
SAK10 § 12-4 bokstav a |
||||
3 |
Har alle delar av yttervegg isolasjons- Dersom nei: Sjekk om følgjande forhold likevel kan tilseie at krav til energieffektivitet er oppfylte: 1. Andre delar av ytterveggen har tjukkleik over 20 cm 2. Det er nytta nye, meir effektive, isolasjons-materialar |
U-verdiar skal utreknast som gjennomsnitt for kvar enkelt bygningsdel, eksempelvis for ytterveggen. Eitt av minstekrava er at ytterveggen sin U-verdi aldri skal vere høgare enn 0,22. U-verdi på 0,22 svarer normalt, med isolasjons- materialane av i dag, til yttervegg med ein isolasjonstjukkleik på 20 cm. |
TEK10 § 14-5 første ledd |
|||
4 |
Har vindauga U-verdi som gitt i produksjons- |
Be om produkt- dokumentasjon. Mrk. minstekrav for vindauge/karm U-verdi = 1,6 Husk at U-verdien er rekna som gjennomsnitt for alle glas/vindauge/ |
TEK10 § 14-3 |
|||
5 |
Er kuldebruer forsøkt unngått, evt. isolerte? Dersom nei: Sjekk om overoppfylling av andre tiltak kan tilseie at krav til energi- |
Utkraga betong-konstruksjonar, til dømes etasjeskilje og balkongar, er typiske kuldebruer («bruer» som leier varmen rett ut gjennom ytterveggen). Minst 10 cm av isolasjon i yttervegg bør liggje på utsida av alle tunge berande materialar. Vindauge bør plasserast med ytterkant innanfor isolert sjikt. |
TEK10 § 14-3 første ledd, bokstav a, nr. 6 |
|||
6 |
Er vindsperre- |
Vindsperresjiktet er eit pustande produkt mellom ytterkledning og isolasjonssjikt. |
TEK10 § 14-5 første ledd |
|||
6 |
Er skøytane i dampsperre og vindsperre teipa og klemte? |
TEK10 § 14-5 første ledd, § 13-18 |
||||
6 |
Er eventuelle skadar godt nok reparerte? |
TEK10 § 14-5 første ledd |
||||
6 |
Er gode tetteprodukt (teip, mansjettar, fugemasse) brukte for å hindre uønskte luftlekkasjar ved gjennomføringar som pipe, ventilasjons- |
TEK10 § 14-5 første ledd |
||||
7 |
For bustader dokumenterte etter energitiltaksmetoden: Er fleire av følgjande tiltak gjennomførte for å unngå behov for lokalkjøling (minimumskravet er gjennomføring av tiltak 1) eller 5): 1. utvendig solskjerming på vindauge/glasfelt som er utsette for sol 2. redusert vindaugeareal i fasade som er utsett for sol 3. utspring (til dømes takutstikk) over store sørvende glasareal 4. naturleg skjerming (vegetasjon, terreng) av store sørvende glasareal 5. høve til gjennomlufting 6. ingen utvendige flater med høg absorpsjonsevne 7. innvendige udekte tunge konstruksjonar i betong, mur eller liknande |
Val av solskjermings- |
TEK10 § 14-3 første ledd, bokstav c, nr. 3 |
|||
8 |
Er trematerialar (spesielt standerverk, sviller, sperrer ol.) tørka godt nok før konstruksjonen blir lukka? |
Blir vist ved fuktmåling. Fuktinnhaldet skal vere under 20 vektprosent for å unngå problem med fukt og muggsopp-danning. |
TEK10 § 13-19 |
Krav til energiforsyning
(krav om å leggje til rette for bruk av fornybare og CO2 -nøytrale energiløysingar for å dekkje ein vesentleg del av varmebehovet)
Dokumenttilsyn |
||||||
Spørsmål |
Kommentarar og illustrasjonar |
Heimel |
Avvik funne |
Avvik retta |
Merk- nader |
|
9 |
Kan det leggjast fram dokumentasjon/ |
40%-kravet gjeld for bygningar under 500 m 2 og 60%-kravet gjeld for bygningar over 500 m 2. Varmebehovet omfattar varme til oppvarming av rom, ventilasjonsvarme og varmt vatn. Med alternative varmeløysingar er her meint andre varmeløysingar enn dei som er baserte på direkteverkande elektrisitet (panelomnar og elektrokjelar) eller fossile brensler (olje, naturgass og parafin). Typiske løysingar for å tilfredsstille kravet kan vere solfangar, fjernvarme, varmepumpe, pelletskamin, vedomn, biokjele, biogass, bioolje, etc. |
TEK10 § 14-7, andre og tredje ledd |
|||
9 |
Dersom ein bustadbygning er planlagt oppvarma berre med direkteverkande elektrisitet (panelomnar) og vedomn, er det då vist at 1. andre løysingar gir meirkostnader over bygningen sitt livsløp? eller 2. totalt varmebehov for bustadbygningen, berekna for standardisert klima, er lågare enn 15000 kWh pr. år? |
Sjå formlar gitt i rettleiing til TEK10 § 14-7 fjerde ledd. Berekninga skal gjerast for eit livsløp på 50 år for bustadbygningen. Installasjonane si levetid skal setjast til 20 år. Varmebehovet omfattar varme til oppvarming av rom, ventilasjonsvarme og varmt vatn. |
TEK10 § 14-7 fjerde ledd |
Krav til energiforsyning
(krav om å leggje til rette for bruk av fornybare og CO 2 -nøytrale energiløysingar for å dekkje ein vesentleg del av varmebehovet)
Tilsyn på byggjeplass |
||||||
Spørsmål |
Kommentarar og illustrasjonar |
Heimel |
Avvik funne |
Avvik retta |
Merk- nader |
|
9 |
Er det installert oljekjele for bruk til grunnlast? |
Oljekjele er berre tillaten installert for å dekkje spisslasta (dvs. ca. 20 % av varmebehovet). |
TEK10 § 14-7 første ledd |
|||
9 |
Er det installert varmekjelde basert på fornybar energikjelde? |
Typiske løysingar for å tilfredsstille kravet kan vere solfangar, fjernvarme, varmepumpe, pelletskamin, vedomn, biokjele, biogass, bioolje, etc. Varmeløysingane må kunne takast i bruk med det same bygningen er ferdigstilt og må kunne brukast kontinuerleg gjennom bygningen si levetid. |
TEK10 § 14-7 |
Rapportering til direktoratet om tilsynsaktiviteten i perioden
Etter utløpet av 2014 skal kommunane rapportere til Direktoratet for byggkvalitet om gjennomførte tilsyn innanfor dei prioriterte tilsynsområda. Rapporteringa vil skje online ved bruk av questback. Kommunane vil få nærare informasjon om nettadresse når tidspunktet for rapportering nærmar seg.
Det er i første rekkje ønskjeleg med eit oversyn over talet på gjennomførte tilsyn, talet på avvik som er avdekte og status for retting.
Tema |
Talet på tilsyn |
Talet på avvik |
Talet på avvik fordelte på avvikstype |
||
Mangelfull dokumentasjon |
Mangelfull prosjektering |
Mangelfull utføring |
|||
1. Overordna krav til energieffektivite |
|||||
2. Målereglar |
|||||
3. Isolasjonsstandard (golv, vegg og tak) |
|||||
4. Vindaugekvalitet |
|||||
5. Kuldebruer |
|||||
6. Tettleik |
|||||
7. Kjølebehov |
|||||
8. Fuktproblematikk |
|||||
9. Energiforsyning |
|||||
Totalt |
|
||||
Tal på avvik som er retta |
I tillegg er det ønskjeleg med ei beskriving av følgjande:
-
hovudinntrykka frå tilsynsverksemda
-
kva slag krav som synest vanskelegast å oppfylle
-
er det ein nedgang i talet på avvik
-
årsaker til manglande etterleving av krav
-
årsaker til manglande retting av krav
Kva spørsmål har vore mest eigna/brukelege i tilsynet
Vedlegg 1 Energikrava i TEK10 kap. 14
I Noreg har energikvalitetane til bygningar vore regulerte i mange år. Tidlegare omfatta dei talfesta energiføresegnene berre varmeisolering av bygningskroppen (klimaskjermen). I dag er krava skjerpa og regulerer ei rekkje forhold som påverkar bygningen sitt totale energibehov.
Det er relativt nytt at også bygget si energiforsyning er regulert. Hovudregelen er at bygget skal leggjast til rette slik at oppvarming av rom, inkludert oppvarming av ventilasjonsluft og tappevatn (varmtvatn), kan skje med anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet og/eller fossile brensler (olje, gass og parafin) hos sluttbrukar.
I 2007 skjedde ei større skjerping av energikrava i byggteknisk forskrift (TEK10) som blant anna innebar høgare isolasjonsstandard, tettare bygg og betre vindauge. Desse krava hadde ein overgangsperiode fram til 1. august 2009.
Energikrava i TEK10 vart òg reviderte i 2010 med noko mindre endringar, med overgangsperiode fram til 1. juli 2011.
Det er etablert to alternative og likeverdige metodar for å dokumentere oppfylling av krav til energieffektivitet. Desse er presenterte nedanfor.
Energitiltaksmetoden
Krav til energieffektivitet er oppfylte dersom det kan visast at alle tiltaka lista i tabellen under er prosjekterte og/eller utførte.
Energitiltak i TEK10 § 14-3
- Samla glas-, vindauge- og dørareal: maksimalt 20 % av bygningen sitt oppvarma BRA
- U-verdi yttervegg: 0,18 W/m²K
- U-verdi tak: 0,13 W/m²K
- U-verdi golv på grunn og mot det fri: 0,15 W/m²K
- U-verdi glas/vindauge/dør: 1,2 W/m²K
- Normalisert kuldebruverdi
- 0,03 W/m²(BRA)K for småhus
- 0,06 W/m²(BRA)K for andre bygningar
- Lufttettleik:
- 2,5 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad for småhus
-
- 1,5 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad for andre bygningar
- Bustadbygning: Gjenvinning av 70 % av varmen i ventilasjonslufta
- Andre bygningar: Gjenvinning av 80 % av varmen i ventilasjonslufta
- SFP faktor
- 2,5kW/(m³/s) for bustadbygning
- 2,0 kW/(m³/s) for andre bygningar
- Tiltak som eliminerer bygningen sitt behov for lokalkjøling
- Natt- og helgesenking av innetemperatur
Energitiltak kan fråvikast etter nærare reglar.
Energirammer
Det andre alternativet for å dokumentere oppfylling av energikrava i TEK10 § 14-2, er å gjennomføre ei kontrollrekning som viser at samla netto energibehov ikkje overstig fastsett energiramme, angitt i kWh/m² oppvarma BRA per år. Alle energipostar skal inngå i kontrollrekninga. Kontrollrekninga skal skje etter reglar fastsette i NS 3031.
Det skal nyttast faste og standardiserte verdiar for bruksavhengige data som innetemperaturar, driftstider, internvarmetilskot, energibehov til varmtvatn, belysning og elektrisk utstyr, og klimadata for Oslo (landsgjennomsnitt). Verdiane finst i NS 3031. Ved utrekning av netto energibehov skal det ikkje takast omsyn til systemverknadsgrader og varme- eller kjølefaktorar for varme- og kjøleanlegg.
Energirammer i TEK10 § 14-4 (kWh per m² oppvarma BRA per år):
- Småhus: 120 + 1600/oppvarma BRA
- Bustadblokk: 115
- Barnehage: 140
- Kontorbygg: 150
- Skulebygg: 120
- Universitet/høgskule: 160
- Sjukehus: 300 (335)
- Sjukeheim: 215 (250)
- Hotell: 220
- Idrettsbygg: 170
- Forretningsbygg: 210
- Kulturbygg: 165
- Lett industri/verkstader: 175 (190)
Tala i parentes gjeld for areal der varmegjenvinning av ventilasjonsluft medfører risiko for spreiing av forureining/smitte. Ein bygning vil kunne bestå av areal med ulike bruksfunksjonar. Til dømes er det vanleg at nye forretningsbygg inneheld både areal til kontor og husvære, og kanskje òg lokale for ulike typar helsetenester m.m. Dette er verksemder med ulike driftsvilkår, og med ulike energirammer. I slike bygningar gjeld rammekrava for bygningskategoriane tilsvarande for dei respektive areala. Det vil derfor vere naturleg å berekne dei ulike bruksfunksjonane som separate energisoner etter reglar gitt i NS 3031.
Bygningskategoriar som fell utanfor dei 13 definerte kategoriane i forskrifta skal dokumenterast som for den bygningskategorien som liknar mest på den aktuelle bygningen, eller etter energitiltaksmodellen.
Minstekrav
Minstekrava i forskrifta TEK10 § 14-5 er absolutte. Det er ikkje høve til å gjere det dårlegare enn minstekrava, uansett bruk av omfordeling mellom energitiltak eller ved utrekning av bygget sitt netto energibehov.
Minstekrava regulerer òg:
-
fritidsbustader mellom 50 m² og 150 m2 . For fritidsbustader over 150 m² gjeld same energikrav som til småhus. Fritidsbustader under 50 m² BRA er unnatekne frå energikrava. U-verdiane gjeld som gjennomsnitt for dei ulike bygningsdelane.
-
bygningar med oppvarma BRA under 30 m²
Minstekrav (bygning) i TEK10 § 14-5 første ledd
- U-verdi yttervegg: 0,22 W/m²K
- U-verdi tak: 0,18 W/m²K
- U-verdi golv på grunn og mot det fri: 0,18 W/m²K
- U-verdi glas/vindauge/dør: 1,6 W/m²K
- Lufttettleik: 3,0 luftvekslingar per time ved 50 Pa trykkskilnad
Krav til røyrisolasjon som minstekrav vart tekne inn i TEK10.
Det har òg komme til to nye minstekrav for alle bygningstypar utanom småhus. Det eine set eit maksimumskrav til glasareal multiplisert med U-verdi. Det andre set krav til solfaktor i glasarealet i fasade belasta av sol, for å unngå overoppheting og kjølebehov.
Energiforsyning
I TEK10 § 14-7 er det stilt krav om at bygning skal leggjast til rette for at ca. halvparten, og minimum 40 prosent, av energibehovet til varmtvatn og oppvarming av rom (inkludert oppvarming av ventilasjonsluft) kan dekkjast av anna energiforsyning enn direkteverkande elektrisitet (panelomn, elektrokjele) og/eller fossile brensler hos sluttbrukar (olje, gass og parafin). Kravet er sett til 60 % for bygningar over 500 m2.
Typiske løysingar som kan nyttast til å oppfylle kravet vil vere fjernvarme, nærvarme, alle typar varmepumper, solfangar, biokjelar, biopelletskamin eller vedomn.
For bustadbygningar kan krava ovanfor fråvikast der
-
hovudkravet fører til meirkostnader over bygget sitt livsløp. Dette betyr at det er høve til å rekne på privatøkonomisk lønsemd over bygget sitt livsløp gjennom å rekne ut noverdi for investering i ulike aktuelle varmesystem. Ein formel for noverdibetraktningar er gitt i rettleiaren til forskrifta. Ved gjentatt påvist negativ noverdi for ulike alternativ til elektrisitet og/eller fossil oppvarming kan hovudkravet til energiforsyning fråvikast.
-
bygningen sitt samla varmebehov er under 15000 kWh/ år
Dersom hovudkravet til energiforsyning blir fråvike, skal bustadeiningar over 50 m² likevel ha skorstein og lukka eldstad for bruk av biobrensel, for eksempel vedomn eller biopelletskamin. Ein kan sjå bort frå dette tilleggskravet dersom bygninga held passivhusnivå.
Fjernvarme
Der det gjennom planføresegner er gitt tilknytingsplikt, skal bygget, uansett andre energiløysingar, ha varmesystem som kan nytte fjernvarme.